Skip to main content

Musikktur til Irland

28. august - 1. september 2024.
Med Bård Ose.

Velkommen med på ein tur full av musikk og musikkhistorie – frå irsk tradisjonsmusikk til rock og pop. Vi startar kvar dag med Bård Ose sine kåseri på hotellet, der han fortel historier og anekdotar om Thin Lizzy, Van Morrison, Rory Gallagher og U2 og andre irske musikarar. Bård har blant anna skrive bøker om VinskvettenThe BeatlesThe Rolling Stones og vore medforfattar av Norsk pop & rock leksikon. Han er ein av programleiarane for radioprogramma P.I.L.S og Radio Rock som går på NRK P1, samt programleiar for Ren 60 og Gammelnorsk på NRK P1+.

Vi besøkjer sjølvsagt det berømte området Temple Bar. Det blir pub til pub-runde med den beste irske tradisjonsmusikken og besøk på Irish Rock ‘N’ Roll Museum. Eit anna høgdepunkt er besøket på legendariske Windmill Lane Studios, der fleire store stjerner har spelt inn plater. Velkommen med på ein unik tur stappfull av store musikkopplevingar!

 

 

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Onsdag 28. august - Til Dublin og guida tur i byen

    Fly frå Oslo og Bergen. Bussen vår ventar på oss på flyplassen, og vi startar med ein guida rundtur i byen. Då blir vi betre kjende med byens historie og den livlege notida. Vi besøkjer blant anna hovudgata O’Connell Street, det nye monumentet Spire of Dublin, og GPO, hovudposthuset, som før i tida var ein viktig plass for Irlands kamp for sjølvstende.

    Elles er Irland kanskje det landet i Europa der tradisjonsmusikken er mest levande, og Dublin er full av pubar med irsk livemusikk. I tillegg finst det spor av tradisjonsmusikk i mykje av rock- og pop som har komme frå Irland dei siste tiåra.

    Det blir ein sein velkomstlunsj på ein irsk pub i sentrum, før bussen køyrer oss til hotellet vårt. Bård Ose gir oss ein kort introduksjon om irsk musikk på vegen.

    Om ettermiddagen møtest vi i eit konferanserom på hotellet for å få Bård Ose si aller første forelesing om irsk musikk. Etterpå kan dei som vil, vere med reiseleiaren på pub. Vi satsar på å gå til ein plass med irsk tradisjonsmusikk. Det berømte området Temple Bar har livemusikk kvar kveld og er eit “must” å gå innom. Eit anna alternativ er O'Donoghue's, som brukte å vere stampuben til bandet The Dubliners. Elles finst det eit utal pubar med irsk folkemusikk i sentrum, så her er det berre å velje.
    (L)

  • Dag 2: Torsdag 29. august - Irish Rock’n Roll Museum og Musical Pub Crawl

    Etter ein ekte irsk frukost er vi klare for Bård Ose si andre forelesing om irsk musikk. Bård har hatt fleire musikkturar til Liverpool og London med Fotefar og får strålande kritikk for forelesingane sine. Han har ei unik evne til å fortelje historier og anekdotar som treff både dei med mykje og dei med mindre kunnskap om rockehistoria.

    Denne dagen blir full av musikk og irsk musikkhistorie, frå dei siste 50 åra. Vi startar med besøk på The Irish Rock’n Roll Museum, som tek for seg den irske rock- og pophistoria, og korleis den irske tradisjonsmusikken har påverka banda. Musikarar som The Chieftains, The Waterboys, Clannad, Enya og Gary Moore har teke med seg folkemusikken inn i populærmusikken og gjort irsk tradisjonsmusikk kjend overalt. Irsk rock har hatt enorm suksess verda over med blant andre Thin Lizzy, Van Morrison, Rory Gallagher og U2. Elles har nyare popmusikk som Westlife og Boyzone dominert hitlistene.

    Det blir felleslunsj på ein typisk irsk pub, før vi har litt tid på eiga hand. Dei som vil, kan shoppe eller slappe av med ein kopp kaffi eller ein guinness på irsk pub. Reiseleiaren har også forslag på noko ein kan gjere. Vi tilrår eit besøk på det verdskjende Guinness-bryggeriet. Sjølv om det er mange turistar innom portane der, er det likevel ei oppleving.

    Om kvelden møter vi lokalguiden vår som tek oss med på ein Musical Pub Crawl i sentrum. Det er høve til å kjøpe seg mat undervegs. Vi kjem til å oppleve mykje fantastisk irsk tradisjonsmusikk, med topp stemning! Nokre pubar har større scener, men det er framleis vanleg med den gamle måten der musikarane sit på eit bord saman med gjestene. Det er ei heilt spesiell oppleving å komme så nær musikarane og å ta del i ein folkemusikktradisjon som i høgste grad framleis er levande.
    (F, L)

  • Dag 3: Fredag 30. august - Windmill Lane Studios og Irish Rock’n Roll Tour

    Etter frukost er vi igjen klare for Bård Ose sitt foredrag på hotellet. Han tek gjerne imot innspel på kva del av irsk musikkhistorie han skal snakke om, så det er lov å komme med ønske om ein spesiell musikar eller eit band.

    Det neste på programmet er besøk på Windmill Lane Studios. Dette studioet var først kjent som innspelingsstad for irsk tradisjonsmusikk, men etter kvart har både Van Morrison, Sinéad O’Connor, Elvis Costello, The Rolling Stones, The Cranberries, Metallica, Status Quo, Kate Bush og Clannad spelt inn plater her. Mest kjend er nok studioet likevel for at det er svært mykje brukt av U2.

    Etter at vi har hatt god tid i platestudioet, køyrer bussen oss tilbake mot hotellet og sentrum. Her finn vi restaurantar og kaféar i nærleiken, der vi kan kjøpe oss lunsj.

    Deretter tek den lokale rockeguiden vår oss med på ein vandretur rundt i sentrum, der vi besøkjer dei mest kjende stadene i Dublin si musikkhistorie, frå første del av 1900-talet og til i dag. Vi går gjennom Temple Bar og andre kjende stader som er kopla til musikkhistoria.

    Vi får god tid til å slappe av på hotellet før vi møtest igjen og går saman ut på musikkpub, der ein også kan kjøpe seg mat.
    (F)

  • Dag 4: Laurdag 31. august - The Merry Ploughboy Pub

    Vi startar dagen med ein ekte irsk frukost før vi møtest på konferanserommet på hotellet for Bård Ose si forelesing. Her får vi servert anekdotar og morosame historier frå irsk rockehistorie. Ein tidlegare deltakar på tur med Bård sa dette om forelesingane hans: «Det er fantastisk å starte dagen med så mykje godt humør og latter.»

    Denne dagen er det sett av god tid på eiga hand i Dublin. Reiseleiaren frå Fotefar kjem til å komme med forslag på kva ein kan gjere desse timane, og dei som vil, kan bli med reiseleiaren. Fleire vil gjerne velje eigne aktivitetar.

    Tidleg om kvelden møtest vi på hotellet og er klare for eitt av høgdepunkta på turen: Irsk kveld på The Merry Ploughboy Pub. Denne tradisjonsrike puben og konsertstaden ligg ein liten køyretur med buss utanfor Dublin, og er kjend som ein av dei aller beste musikkpubane i heile Irland. Den har både vunne prisen Music Pub of the Year in Ireland og Best Dinner/Entertainment Event in Ireland kvart år frå 2011-2018, med unntak av 2015. I tillegg er det den einaste musikkpuben i Irland som er eigd av musikarane sjølve.

    Vi får først servert ein treretters middag der ein kan velje mellom hovudrettar med irsk vri, som Guinness-marinert Angus-biff og kylling frå Limerick med irsk potetkake. Etter middag startar sjølve showet med både irsk tradisjonsmusikk og dans. Det blir også ei oppvising med Riverdance.

    Buss tilbake til hotellet vårt i Dublin sentrum etterpå.
    (F, M)

  • Dag 5: Søndag 1. september - Heimreise

    Etter frukost blir vi henta av bussen vår som tek oss med til flyplassen. På vegen dit blir det nokre oppsummerande ord frå Bård Ose om irsk musikk, og det vi har opplevd på turen. Fly til Oslo og Bergen.
    (F)

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
28/8BergenDublin723 950,-BestillMer informasjon
28/8OsloDublin422 950,-BestillMer informasjon
28/8Dublin
Utan flyreise
Meir enn 819 950,-BestillMer informasjon
Reisekalender
22/5Beatles-tur til LiverpoolFrå 20 950,-
22/5Beatles-tur til LiverpoolFrå 18 950,-
22/5Beatles-tur til LiverpoolFrå 14 550,-
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo