Skip to main content

Kulturreise til Georgia med Bjørn Sørheim og Svend Waage

22. - 30. september 2024. 

Bli med til eitt av verdas vakraste land med frodige dalar, imponerande fjell, karakteristiske steppelandskap og nokre av dei eldste vinmarkene i verda. Georgia er både eksotisk og velkjend med si blanding av asiatisk og europeisk kultur. Vi besøker pittoreske landsbyar, Kaukasus-fjella og den historiske hovudstaden Tbilisi, der både Hamsun og Nansen har late etter seg spor. Plasseringa på Silkevegen mellom aust og vest har gjort Georgia til ein smeltedigel kulturelt sett og eit ynda erobringsmål for stormaktene.  

Bjørn Sørheim er Fotefar sin fagleiar/reiseleiar på denne turen. Han har vore dosent i engelsk ved Høgskulen i Sogndal, og som pensjonist har han vore reiseleiar for Fotefar til fleire reisemål, som til Georgia fleire gonger.   

Vi har også med oss Svend Waage på denne spennande turen. Han har budd i dette flotte landet i meir enn 15 år saman med sin norsk-georgiske familie. Svend er lidenskapeleg oppteken av den georgiske kulturen og tradisjonen, og arbeider aktivt for å styrke banda mellom Noreg og Georgia. 

 

 

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Søndag 22. september - Velkommen til Tbilisi

    Avreise frå Bergen tidleg ettermiddag, og frå Oslo om ettermiddagen. Den røynde reiseleiaren Bjørn Sørheim frå Fotefar møter dykk på flyplassen og passar på at alle kjem seg smidig gjennom innsjekkinga. Med mellomlanding er vi framme i hovudstaden Tbilisi tidlig om morgenen, og bussen vår tek oss rett til hotellet. Det har 4 stjerner og held til midt i hjarta av den gamle byen, som er det naturlege midtpunktet. Her får vi oppleve autentisk georgisk sjarm med moderne omgjevnader. 

  • Dag 2: Måndag 23. september – Gamlebyen, Tiblisis kulturelle smeltedigel

    Etter ein sein og god frukost samlar vi oss for velkomst og informasjonsmøte. Her blir vi kjende med reiseleiarar og guidar, og får ein grundig introduksjon til vekas program og dei spennande opplevingane som ventar oss. 

    Svend tek oss med til vår lunsjstaden vår, og deretter venter ein vandretur gjennom gamle Tbilisi. Vi får ei autentisk kjensle av byen og blir kjende med nokre av dei mest sentrale attraksjonane, inkludert Sioni-kyrkja, Sulfur-bada og Narikala-borga. Her opplever vi korleis gamalt møter nytt, og kva som gjorde Tbilisi til eit kultur- og handelssenter på den historiske Silkevegen .

    Etter vandringsturen blir det nokre timar på eiga hand før vi gjer oss klare for velkomstmiddag på ein restaurant som serverer tradisjonell georgisk mat. Det blir det første møtet vårt med det varierte og smakfulle georgiske kjøkkenet og den særeigne og spennande vinen deira. Vi blir meir kjende med kvarandre, og gjennom reiseleiaren/guidane våre blir vi introduserte til georgiske mat- og vintradisjonar. 
    (F, L, M) 

  • Dag 3: Tysdag 24. september – Historie og kultur – vandring i moderne Tblisi

    Etter frukost vert det foredrag med Bjørn Sørheim, Svend og Tamar. Temaet følgjer dei vidare opplevingane våre på vandringsturen og museumsbesøka. Det vert ein introduksjon til både Sovjettida og Georgias historie som demokrati, i tillegg til georgisk-norsk kulturutveksling med fokus på litteratur. Deretter ruslar vi langs den staselege hovudgata Rustaveli-avenyen, med symboltunge bygg og monument knytte både til Georgia sin første demokratiske periode for meir enn 100 år sidan og til Sovjettida. Etter kvart svingar vi ned til det som på Hamsun si tid var Hotel London, der forfattaren budde når han var i Tbilisi. Berre eit steinkast unna finn vi staden der den norske pianisten og forfattaren, «femme fatal» Dagny Juel, vart skoten og drepen av den polske venen sin. 

    Det har lenge vore mykje kontakt mellom Norge og Georgia. På denne rusleturen får vi høyre meir om kvifor det er slik, og kvifor kjende nordmenn som Hamsun, Nansen, Dagny Juel og Hans Vogt hadde så nære forhold til akkurat Georgia. 

    Etterpå besøker vi Museum of Georgia. Museet har blant anna utstillingar med unike samlingar med georgiske kunst- og kulturgjenstandar, og ei avdeling som viser tida under Sovjet-regimet frå 1921. 

    Resten av dagen er til fri disposisjon. Dei som vil, kan bli med reiseleiarane til lunsj og ein rusletur i byen etterpå. Om kvelden samlar vi dei som vil til ei kveldsvandring og middag  i gamlebyen.
    (F) 

  • Dag 4: Onsdag 25. september – Frå det iberiske Akropolis til de spektakulære Kaukasusfjellene

    Etter frukost vert det avreise mot Kaukasus-fjella og den vesle byen Stepantsminda ved foten av Kazbegi. På vegen dit stoppar vi først ved åssida Bagineti i utkanten av den historiske hovudstaden Mtskheta som ligg ein halvtimes køyretur frå Tbilisi. Her finn vi den arkeologiske attraksjonen Armaztsikhe - eller Armaziborga- med utgravingar som går tilbake til hellenistisk tid 3-4 hundre år f.Kr. Armazi var då den viktigaste heidenske guddom i det som var det iberiske kongedømet med Armaztsikhe som sitt Akropolis. 

    På vegen vidare vil Svend fortelje om den korte krigen mellom Georgia og Russland i 2008, om forholdet mellom Georgia og Russland i dag, og om Georgia sin plass i den geopolitiske og stormaktspolitiske dynamikken i regionen i dag. 

    Etter lunsj set vi kursen mot Stepantsminda og fjellet Kazbegi (Det tredje høgste fjellet i Georgia, 5047 moh). Etter kvart kjem vi inn i dei majestetiske Kaukasus-fjella. Vi nyter den storslegne naturen og stoppar blant anna ved eit spektakulært utsiktspunkt for å oppleve den utrulege utsikta. På vegen vil Sergi fortelje om naturen og geologien i fjella vi møter. Han vil blant anna ta utgangspunkt i teorien om tektoniske plateforskyvingar for å forklare korleis Kaukasus-fjellkjeda bokstaveleg talt har vakse fram, og vise kvifor nettopp desse fjella er eit ynda reisemål for geologar. 

    Om ettermiddagen når vi fram til den vesle byen Stepantsminda. Etter innsjekking på hotellet har vi god tid til avslapping etter ei lang reise. Her kan vi nyte den fantastiske utsikta frå terrassen på hotellet. Vi bur på det særeigne firestjerners designhotellet Rooms med ein enorm terrasse mot Kazbegi og Gergetis Sameba-kyrkja. Hotellet har også symjebasseng, sauna og eit godt treningsrom. 
    (F, L) 

  • Dag 5: Torsdag 26. september – Kaukasus-fjella – vulkanske Kazbegi, vidunderleg natur og eldgammal folklore

    Etter ein god frukost startar vi dagen med foredrag av Tamar og Svend som tek for seg dei gamle myte- og legendetradisjonane her i dei bortgøymde fjella, mens Sergi skal fortelje om dei geologiske funna i regionen og kvifor nettopp Kaukasus-fjella er eitt av dei mest spennande reisemåla for geologar. 

    Denne dagen legg vi opp til ein tur i Kaukasus-fjella. Desse har forma lynnet til folket som bur her, og dei har opp gjennom historia klart å forsvare Georgia sine yttergrenser mot nord. Det blir felles avreise med transport opp til treeiningskyrkja Gergeti’s Sameba. Kyrkja ligg spektakulært til ved sida av Kazbegi-fjellet med panoramautsikt over heile Stepantsminda og nærområdet. Vi opplever den ikoniske treeiningskyrkja som ligg i utkanten av Stepantsminda. Deretter har vi piknik-lunsj ute i det fri med dei mektige Kaukasusfjella rundt oss. For dei som ønskjer å gå ein tur, kan vi etter piknik-lunsjen organisere variantar av ulike lengder tilbake til hotellet. Turen tilbake frå kyrkja er på ca. 4 km, med høgdeforskjell på ca. 450 meter og nokre småbratte parti innimellom. Dersom ein er i alminneleg god form og ikkje har problem med kne eller balanse, er dette ein fin tur. 

    Når vi kjem ned igjen til hotellet, har vi tid til avslapping før middag om kvelden. Her blir vi kjende med både lokale matrettar og lokale bordtradisjonar. Svend og songarvennene hans vil også introdusere oss for den særeigne folkesongtradisjonen frå denne regionen. Vi vil oppleve songen akkurat på den måten georgiarar har vore vande til gjennom hundrevis – ja, kanskje fleire tusen år, som ein naturleg og vesentleg del av festbordet. Svend vil også fortelje litt om den unike folkesongtradisjonen ein finn i Georgia. Det var trass alt den som fekk han til å reise til Georgia for første gong  i 1996.
    (F, L, M) 

  • Dag 6: Fredag 27. september – Tilbake til Tbilisi – og den historiske hovedstaden Mtskheta

    Etter frukost set vi kursen mot Tbilisi. På bussturen vil Sergi og Svend gi ein introduksjon til Georgias historie og knyte fortida til notida, blant anna ved å sjå på korleis historien gjentar seg med stormaktenes kamp om innflytelse i det geopolitiske viktige området Kaukasus. Dei vil fortelje om den næraste historia med livet og samfunnsutviklinga etter Sovjetunionens fall, om kvardagen og samfunnet i dag, og dei viktigaste utfordringane Georgia står overfor. 

    På vegen tilbake, stoppar vi i den historiske hovudstaden Mtskheta, der vi blant anna ser Svetitskhoveli-kyrkja som står på Unesco si verdsarvliste. Hit kom St. Nino og kristna Georgia på 300-talet. Vi får oppleve den viktige rolla som kyrkja spelar i livet til dei fleste georgiarar, og korleis rituala og relikviane er relevante i kvardagslivet. Deretter vandrar vi i den gamle bydelen som utgjer det vesle sentrumet og opplever tradisjon, lokal koloritt og småbutikkar. Det finst mange kafear langs vegen mot kyrkja, og det er tid for lunsj i Mtskheta. 

    Vi sjekkar inn att på hotellet vårt i Tbilisi tidleg på ettermiddagen. Resten av dagen har vi til fri disposisjon for avslapping eller for å oppleve nye stader og stemningar i Tbilisi. Dei som vil, kan vere med reiseleiarane til ein koseleg restaurant om kvelden. 
    (F) 

  • Dag 7: Laurdag 28. september – Den eldgamle vinen – og bordtradisjon i vinregionen Kakheti og kulturbyen Sighnaghi

    Det blir tidleg avreise til vinregionen Kakheti som åleine står for nesten 70% av Georgia sin vinproduksjon. Dagen står i kulturen og tradisjonens teikn, med georgisk festbordtradisjon kalla Supra, og ikkje minst skal vi oppleve den eldgamle georgiske vinkulturen. Georgia har produsert vin kontinuerleg i 8000 år og har ein heilt særeigen tradisjon for produksjon og lagring av vin. 

    Første stopp er i landsbyen Tibaani på Alazanisletten i Kakheti. Vi besøker Pheasant's Tears vinranker og produksjonsstad der John og Gela produserer sin vin med desse eldgamle metodane der ein nyttar qvevier (store leirkrukker) som blir gravne ned i bakken. Det blir omvising der vi lærer om prinsippa og produksjonsmåten for denne tradisjonelle vinen. Her kan vi også nyte utsikten over Alazani-sletta og Kaukasus-fjella som reiser seg på motsett side. 

    Deretter dreg vi til den vesle maleriske byen Sighnaghi og stoppar ved Bodbe-klosteret, som ligg i utkanten av byen, der vi også har ein liten lunsj. Her er St. Nino, som kristna Georgia på 300-talet, gravlagd. Dette er ein av dei mest heilage stadene for georgiarane. Vi har noko tid til fri disposisjon i Sighnaghi der vi kan rusle rundt i den idylliske byen og oppleve den lokale atmosfæren. Reiseleiarane/guidane er sjølvsagt tilgjengelege for omvising og ein felles vandring for dei som måtte ønske det. Sighnaghi er eit kultursenter i regionen med fantastisk utsikt over slettelandskapet i Kakheti og Kaukasus-fjella. Georgia har opp gjennom historia vorte invadert av stormakter mange gonger. Dette området var alltid det første forsvarspunktet, særleg mot persarane. Så i Sighnaghi betalte ikkje folk skatt i klingande mynt i tidlegare tider, men gjennom innsatsen sin på slagmarka. Området var kjent som handelssenter for georgiarar, så vel som for handelsfolk som kom over fjella frå Dagestan. 

    Så blir det vinsmaking av ulike vinar saman med ekte georgisk festbord supra, med alt det inneber av kalde og varme rettar, vinar, skåltradisjonar og talar. Etter denne fantastiske festkvelden tek bussen oss mette og fornøgde tilbake til hotellet i Tbilisi.
    (F, L, M) 

  • Dag 8: Søndag 29. september – Gondolbanen, Mor Georgia og fritid

    Etter frukost møtest vi til vårt siste foredrag der vi blant anna kjem til å samle trådane og summere opp det vi har sett, høyrt og lært den siste veka i dette spennande landet. Etterpå går dei som vil i samla flokk ned til gondolbanen som vi tar opp til Narikalaborga på toppen av åsen bak gamlebyen, med utsikt over Tbilisi. Derfrå vandrar vi langs åskammen forbi statuen av Mor Georgia og ned igjen til byen. Dei som måtte ønske det, kan heller ta gondolbanen ned. 

    Resten av dagen til fri disposisjon og ein siste sjanse til å oppleve endå meir av Tbilisi sitt mangfald, eller kanskje ta ei siste shoppingrunde. Reiseleiarar og guidar er som vanleg tilgjengelege for hjelp og råd for dei som måtte trenge det. 

    Om ettermiddagen gjer vi oss klare for avslutningsmiddag. Vi blir servert ein meny både med nye rettar og høgdepunkta frå dei ulike rettane vi har smakt på under turen vår.
    (F, M) 

  • Dag 9: Måndag 30. september - Heimreise

    Etter frukost køyrer bussen oss til flyplassen i Tbilisi. Med mellomlanding er vi tilbake på Gardermoen utpå ettermiddagen. For reisande til Bergen vert det fly vidare dit.
    (F) 

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
22/9OsloGeorgiaMeir enn 826 950,-BestillMer informasjon
22/9BergenGeorgiaMeir enn 828 950,-BestillMer informasjon
Reisekalender
2/5Tysklands vestlege hjarte med Erik Fosnes HansenFrå 19 990,-
22/5Beatles-tur til LiverpoolFrå 20 950,-
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo