Skip to main content

Shetland, Orknøyane og Nord-Skottland med Torgrim Titlestad 2024

16. - 24. september 2024.

Velkommen til ein spennande tur i vikingane sine fotefar til øyane vest i havet. Med oss på turen er professor og vikingekspert, Torgrim Titlestad. Han er ein glimrande forelesar og vil gje oss eit historisk innblikk i vikingtida, stadene vi besøker og dei norske spora på øyane.

Vi startar med fly om ettermiddagen både frå Bergen, Oslo og Stavanger til Aberdeen. Velkomstmiddag og «bli-kjend-kveld» på hotellet. Neste morgon får vi det første foredraget av Titlestad, og det blir guida tur rundt om i den spennande byen.

Om kvelden tek vi ferja til Lerwick på Shetland og kjem dit tidleg neste morgon. På Shetland besøker vi blant anna dei berømte ruinane av den prehistoriske busetnaden Jarlshof og elles Scalloway Museum som har ei eiga avdeling om Shetlandsfarten under krigen. Etter to dagar på Shetland seglar vi vidare til Kirkwall på Orknøyane. Her får vi med oss den imponerande St. Magnus-katedralen og dei verdskjende steinalderminna Scara Brae. Vi tek ferja tilbake til det skotske fastlandet, og bussen vår køyrer oss til slutt tilbake til Aberdeen.

 

 

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Måndag 16. september – Framme i Aberdeen

    Avreise med fly om ettermiddagen både frå Bergen, Oslo og Stavanger til Aberdeen. Tilknyting frå andre byar på førespurnad. På flyplassen ventar bussen på oss og køyrer oss til hotellet. Etter innsjekkinga og litt avslapping, blir det informasjonsmøte og middag på hotellet.
    (M)

  • Dag 2: Tysdag 17. september - Aberdeen og ferja over til Shetland

    Etter frukost får vi den første forelesinga av Torgrim Titlestad på hotellet, der han fortel soga om Harald Hårfagre og rikssamlinga i Noreg.

    Deretter blir det guida busstur og litt vandring rundt om i Aberdeen. På denne bussturen får du sett store delar av Skottland sin tredje største by med ca. 200 000 innbyggjarar. Den er kjend som granittbyen eller sølvbyen på grunn av dei tradisjonelle steinhusa som dominerer bybildet. Aberdeen er også oljebyen i Skottland og har elles fått fleire kjende kulturinstitusjonar dei siste åra. Både det svært gode maritime museet og det populære kunstgalleriet har gratis inngang.

    Den guida turen blir avslutta med ein svært god Fish’n chips-lunsj. Vi har ettermiddagen til eigen disposisjon fram til bussen køyrer oss til ferjekaien. Der sjekkar vi inn og får tildelt lugarane våre på den store ferja som skal ta oss til Shetland. Om bord er det lugarar i ulike kategoriar, restaurantar og butikkar. Vi får utlevert middagbillettar på båten og kan ete i restauranten om kvelden. Elles slappar vi av og nyt overfarten til Lerwick.
    (F, L, M)

  • Dag 3: Onsdag 18. september - Framme på Shetland

    Når vi vaknar denne morgonen, køyrer ferja inn mot Lerwick på Shetland. Hovudstaden har ca. 7500 innbyggjarar, ein tredjedel av alle som bur på øyane som utgjer Shetland. Vi glir roleg inn mot dei gråbrune steinhusa i byen som står i kontrast til dei grøne markene rundt. Ferja er framme tidleg om morgon. På veg inn et vi ein god skotsk frukost før vi går i land, der bussen ventar på oss.

    Vi køyrer gjennom eit vakkert og skiftande landskap medan professor Titlestad fortel om dei gamle norske områda i vest. På vegen stoppar vi ved Tingwall, og her ligg den tidlegare tingstaden på Shetland, Ting Holm eller Tingaholm. Då vikingane kom til Shetland og til fleire av dei andre øyane i vesterveg, tok dei med seg rettsordninga frå Norge.

    Det blir lunsj og innsjekking på det historiske hotellet Sumburgh før vi besøker ruinane av den prehistoriske busetnaden Jarlshof. I 1897 vaska ei rekke harde stormar bort stein, torv og jordlag, og spora etter ein gamal busetnad kom til syne. Det viste seg å vere tuftene etter fleire bygningar frå ulike tidsperiodar, der dei eldste var ca. 4000 år gamle. Då vikingane kom, busette dei seg også her og bygde ein storgard.

    Tilbake på hotellet vårt, slappar vi av eller ruslar gjerne ein tur før middagen.
    (F, L, M)

  • Dag 4: Torsdag 19. september - Lerwick og Scalloway

    Etter frukost går turen til «den norske» byen Scalloway. På bussturen fortel Titlestad om norsk motstandskamp under krigen.

    Banda mellom Shetland og Norge har også vore sterke i nyare tid. Hausten 1940 vart ei norsk marineavdeling med tilnamnet Shetlandsgjengen etablert i Scalloway for operasjonar mot Noreg. På Shetland hadde det etter kvart samla seg kring 30 fiskeskøyter som norske flyktningar hadde segla over med. Ein del av desse skøytene vart leigde inn, og norske fiskarar vart verva som frivillig mannskap. Shetlandsgjengen segla i hemmelege oppdrag mellom Norge og Shetland, frakta Linge-karar, etterretningsfolk, flyktningar, instruktørar for motstandsrørsla og militære forsyningar. I alt gjorde Shetlandsgjengen over 200 turar, der den mest kjende, Leif Andreas Larsen (Shetlands-Larsen), var skipper på 52 av dei.

    Vel framme stoppar vi ved monumentet som er reist til minne over nordmenn som miste livet på sjøen i motstandskampen mot tyskarane. Vidare ruslar vi rundt vågen til Scalloway Museum som også har ei avdeling om Shetlandsfarten under andre verdskrig. Museet vart opna i 2012 av statsminister Jens Stoltenberg. Denne dagen har vi med oss matpakke-lunsj. 

    Etter museumsbesøket kikkar vi på Scalloway Castle før bussen køyrer oss til Lerwick. Her legg vi opp til ein guida tur i byen og vi skal sjå på både Town Hall, Fort Charlotte og hamneområdet i gamlebyen. Det vil bli litt tid på eiga hand, der ein kan vandre langs gatene. Lerwick er kjend for å ha mange butikkar med variert utval, så her er det også høve til litt shopping. Den lokale ølsorten Valhalla og ginen Shetland Reel kan også vere verdt å prøve.

    Om ettermiddagen køyrer vi tilbake til Sumburgh. Felles middag på hotellet om kvelden.
    (F, L, M)

  • Dag 5: Fredag 20. september - Museumsbesøk, Lerwick og ferje over til Orknøyane

    Etter frukost blir det eit nytt foredrag av Titlestad på konferanserommet på hotellet. Denne morgonen vil han snakka om Norgessamveldet i mellomalderen.

    Etter forelesinga sjekkar vi ut frå hotellet og set oss i bussen for ein køyretur sørover for eit besøk til den godt verna husmannsplassen Croft House Museum. Vi tek oss også tid til ein stopp hos Shetland Designer, ein innreia låve med flotte garnprodukt. Tilbake i Leirwick legg vi opp til eit besøk på det innhaldsrike og spennande Shetland Museum, før vi på seint på ettermiddagen tek ferja frå Lerwick til Kirkwall på Orknøyane. Middag på eiga hand om bord, og seint om kvelden kjem ferja inn blant dei 70 øyane som utgjer Orknøyane. Desse øyane har vore busette i over 8500 år og vart erobra og overtekne av nordmenn i år 875. Øyane vart seinare annekterte av Skottland i 1472 som medgift, etter at kong Christian I  gifte vekk dottera Margrethe til den skotske kong Jakob III.

    Vel framme i Kirkwall køyrer bussen oss til hotellet vårt, der vi sjekkar inn og skal bu i tre netter.
    (F)

  • Dag 6: Laurdag 21. september - Kirkwall

    Etter ein god frukost får vi dagens foredrag av Titlestad om kong Sverre og birkebeinarane. Etterpå møter vi den lokale guiden som tek oss med på ei vandring gjennom Kirkwall med dei smale, koselege gatene og dei karakteristiske grå steinhusa. Vi skal sjå St. Magnus-katedralen, slottet til jarlen og bispebygningen der kong Håkon Håkonson døydde like før jul i 1263.

    Den ruvande katedralen vart oppført av Ragnvald Orknøyjarl til ære for onkelen hans Magnus Orknøyjarl, og byggearbeidet starta i 1137. Katedralen har store likskapstrekk med Nidarosdomen, og er i dag det viktigaste minnesmerket over Orknøyane si norske historie. Etter guidinga blir det lunsj på eiga hand, og ettermiddagen er til eigen disposisjon i denne særeigne byen.

    Felles middag i restauranten på hotellet
    (F, M)

  • Dag 7: Søndag 22. september - Rundtur på hovudøya Mainland

    Etter frukost den lokale guiden oss med på ein heildags busstur rundt om på øya. Vi ser blant anna dei utrulege steinalderminna Scara Brae og ringen av gigantiske bautasteinar ved Steinnes som er ca. 5000 år gamle. Busetnaden på Scara Brae består av steinhus som var i bruk mellom 3180 og 2500 f.Kr. Husa er bygde i ei klynge, og på det meste budde det 50 til 100 personar her. Sidan Scara Brae er så godt bevart, har samlinga vorte omtala som «Skottlands Pompei». På same måte som ved Jarlshof på Shetland, var det stormar som blæs vekk sand og jordsmonn og avdekka bygningane, først i 1850 og så i 1924. Nettopp fordi husa har vore gravlagde i sand, har dei halde seg svært intakte.

    Elles får vi med oss Ring of Brodgar, Skaill House og Birsay Earl's Palace på bussturen i det vakre landskapet denne dagen. Det vert lunsj undervegs.

    Om kvelden er det middag på eiga hand, og reiseleiarane hjelper til med å finne gode restaurantar. 
    (F, L)

  • Dag 8: Måndag 23. september - Orknøyane over til Skottland og Aberdeen.

    Denne morgonen er det tidleg avreise med kurs mot fastlandet. Bussen tek oss først på tvers av hovudøya, Mainland, til bygda Stromness. Der tek vi ferje over til Scrabster heilt nord på det skotske fastlandet. Ferjeturen tek ca. 1 ½ time, og då kan det vere tid for å kjøpe seg ein kaffikopp og litt å bite i. Denne turen med utsikt til grøne øyar og imponerande klipper vert av mange sett på som den vakraste delen av Skottland. Det er også her Atlanterhavet møter Nordsjøen.

    I Scrabster plukkar ein ny buss oss opp, og vi køyrer sørover på det skotske høglandet. I fleire hundre år var områda i Nord-Skottland så godt som norske, med sterke band til Orknøyane. På nordspissen her ligg Caithness, som vikingane kalla Katanes. Vi passerer elles den kjende elva Thurso som kjem av det norske Tors å eller Torselva. Rundt 1220 prøvde skottekongen å presse nordmennene som hadde etablert seg i Nord-Skottland, med stadig høgare skattar. Dette resultert i at dei drap biskop Adam som var skottekongen sin mann i området. Vi legg opp til ein liten stopp i bygda Halkirk. Alt dette som står i Flatøyboka frå 1387 vil Titlestad fortelje om når vi køyrer sørover. Ved kysten vil vi sjå mange stadnamn med norrøne røter, medan namna i innlandet har meir gælisk opphav.

    På turen til Aberdeen køyrer vi gjennom eit variert landskap, og det blir tid til lunsj undervegs. Titlestad svare på spørsmål frå deltakarane om det han har snakka om på turen.

    I Aberdeen sjekkar vi inn på hotellet vårt, slappar av og nyt ein felles middag der om kvelden.
    (F, L, M)

  • Dag 9: Tysdag 24. september - Heimreise

    I dag har gruppa fly tilbake til Bergen (direkte) og Oslo (mellomlanding). Det er sett opp buss til flyplassen.
    (F)

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
16/9BergenVesterledMeir enn 832 950,-BestillMer informasjon
16/9OsloVesterled
Mellomlanding i Stavanger
Meir enn 832 950,-BestillMer informasjon
16/9StavangerVesterled332 950,-BestillMer informasjon
16/9Hotellet i AberdeenVesterled
Turpris utan fly
429 950,-BestillMer informasjon
Reisekalender
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo