Skip to main content

Cruise i Vesterled og Military Tattoo med Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen

31. juli - 8. august 2024.

Liverpool - Belfast - Hebridane - Færøyane - Shetland - Edinburgh.

Velkommen med på eit eineståande cruise til øyane i Vesterled med sjanse til å få med seg verdskjende Military Tattoo i Edinburgh!

Vi startar med fly til Liverpool, der vi overnattar før vi går om bord i cruiseskipet Ambition. Derifrå går ferda til Belfast, vidare til Isle of Lewis på Hebridane, og så nordover til Færøyane. Skipet set så kurs søraustover til Shetland før turen går til Edinburgh på det skotske høglandet. Der ligg båten til kai i to netter, så vi kan få med oss verdskjende Military Tattoo.

På denne turen har vi med oss det kjende journalistekteparet Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen som fagpersonar. Dei vil på ein engasjerande måte halde spennande foredrag og elles lose oss gjennom flotte dagar om bord på cruiseskipet. Dette er ein tur med mange store opplevingar som vi gler oss veldig til!

 

 

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Onsdag 31. juli - Vi reiser til Liverpool - Middag og livemusikk på The Cavern Club

    Avreise frå Oslo og Bergen til Manchester. Bussturen inn til hotellet vårt i Liverpool tek rundt ein time. 

    Middag på eiga hand. Det er mange gode restaurantar i nærleiken av hotellet. Etterpå anbefalar vi ein tur på Cavern Club der Beatles spelte mange hundre gonger tidleg på 60-talet. Stemninga frå den tida sit framleis i, så her er det berre å drøyme seg tilbake til 60-talet.

  • Dag 2: Torsdag 1. august - Maritimt museum og nyrestaurerte Albert Dock

    Etter ein god frukost på hotellet får vi det første foredraget av Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen. Her presenterer dei seg sjølv og øyene vi skal til. Vi får høyre om historiske stader og landsdelar med sine særpreg. Det blir også eit informasjonsmøte der reiseleiaren frå Fotefar fortel om kva som ventar oss på den spennande reisa.

    Denne formiddagen kan dei som vil, vere med reiseleiarane til det veldig gode maritime museet i Liverpool. Det er ein del av National Museums og har mange ulike utstillingar om Liverpool som sjøfartsby. Ingen britisk by har vore så viktig for sjøfarten som Liverpool frå 1600-talet og fram til i dag. På museet er det også ei avdeling om Titanic, som var registrert i Liverpool. Vi kan også anbefale The Slavery Museum rett ved. Dobbelt så mange slaveskip var registrerte i Liverpool enn i nokon anna engelsk hamn, så byen hadde diverre ei svært stor rolle i slavehandelen.

    Beatles-museet ligg også i hamneområdet, og er å anbefale for dei som er musikkinteresserte.

    Etterpå køyrer bussen oss til cruiseskipet, og vi er klare for å gå om bord og sjekke inn. Vi reiser frå kaia i Liverpool kl. 18.00, så vi må vere ute i god tid. Skipet vårt, Ambition, vart nyoppussa i 2022 og er for cruiseskip å rekne ganske lite, med 713 lugarar totalt. Dei fleste av dei andre gjestene her er engelske turistar, og det er ei uformell og vennleg atmosfære om bord.

    Etter avgang frå Liverpool seglar vi sakte ut utløpet av Mersey-elva og inn i Irskesjøen, og vi møtest i restauranten til den første middagen om bord. Vi har våre eigen del av hovudrestauranten, og kan nyte maten medan skipet tek fatt på den første etappen. Resten av kvelden og natta går med til å segle over Irskesjøen mot Nord-Irland.
    (F, M)

  • Dag 3: Fredag 2. august - Belfast i Nord-Irland

    Skipet segler inn mot austkysten av Nord-Irland, og vi får auga på to store, gulmåla kraner kalla Samson and Goliath. Desse landemerka er ei påminning om skipsbyggingsindustrien som sette Nord-Irlands hovudstad på kartet. Eit høgdepunkt som ein absolutt bør få med seg, er eit besøk på det fantastiske opplevingssenteret Titanic Belfast (mot tillegg). Det verdskjende skipet vart bygd her i Belfast, og opplevingssenteret med ni etasjar gir oss ei sterk oppleving av skipet og den lagnadstunge overfarten til Amerika. Heile interiøret med salongar og ballsalar er rekonstruerte i full storleik, så her får vi ei kjensle av å vere med på overfarten for over 100 år sidan. Vi får også gå gjennom dei same portane som passasjerane gjekk gjennom den gongen og sjå mange gjenstandar frå skipet.

    Elles har Belfast ei lang og dramatisk historie. Ei normannisk borg vart reist så tidleg som i 1177, men først i 1613 fekk Belfast bystatus, og frå då av kom det mange skottar og walisarar dit. Mot slutten av 1600-talet og ut på 1700-talet innvandra det mange franske hugenottar. Dei sette i gang med lin-industri, og etter kvart vart Belfast ein viktig industriby med særleg skipsindustri frå 1700-talet. Då Irland vart delt i 1920, vart Belfast hovudstad i Nord-Irland.

    Vi kjenner alle til konflikten mellom katolikkane/nasjonalistane og protestantane/lojalistane. Det som kjenneteiknar denne konflikten, er at det som i første omgang var ein politisk strid om nasjonalitet, også har sterke religiøse undertonar. For å unngå open strid, oppretta ein sperringar mellom bydelane der dei to gruppene budde. Vi kan sjå veggmåleria både i katolske Falls Road og protestantiske Shankill Road. Etter at IRA gjekk med på våpenkvile midt på 90-talet, har byen stått fram som eit trygt og spennande reisemål. Ein bør gjerne utforske byen på eiga hand, og då kan ein ta ein tur til Donegall-kvartalet, som er eit landemerke i Belfast. Her finn vi mange flotte bygningar i viktoriansk stil. I tillegg er operahuset ein av dei største attraksjonane i byen.

    Vi går om bord på skipet tidleg om kvelden og seglar vidare nordover. Før middag får vi det andre foredraget for turen frå Joar Hoel Larsen om konflikten i Nord-Irland. Han var mykje i Belfast på 80-tallet og dekka bomber og gravleggingar for NRK, samt sveltestreiken til IRA-aktivistane som ende med at ti ungdommar omkom i fengsel.
    (F, L, M)

  • Dag 4: Laurdag 3. august - Stornoway på Ytre Hebridane

    Mot kvelden og natta segler skipet nordover mot Ytre Hebridane og vestkysten av Skottland. Tidleg om morgonen ankrar vi opp i Stornoway, den største byen og hovudstaden på Ytre Hebridane. Byen ligg fint til med ei naturleg hamn i le for vind med landemerket Lewis Castle. På desse øyane snakkar mange skotsk-gælisk, og dei er veldig stolte av kulturen og språket sitt.

    Før vi går i land legg vi opp til eit nytt foredrag. Eva Bratholm har stor kjennskap til litteratur etter fleire år som programleiar av  “Bokbadet” på slutten av 90-talet. Foredraget hennar denne dagen vil handle om klassisk britisk litteratur.

    I Stornoway kan vi anbefale den kjende tweed-produsenten Harris Tweed, der ein kan kjøpe med seg dei klassiske plagga. Destilleriet Abhainn Dearg produserer whisky og gin av høg kvalitet, og desse kan kjøpast frå utsalet deira i Stornoway.

    Om kvelden går båten frå Stornoway, og reisa vår fortset nordover. Det blir som vanleg fellesmiddag i hovudrestauranten. Viss ein ønskjer det, kan ein også ete på ein av dei andre restaurantane om bord.
    (F, L, M)

  • Dag 5: Søndag 4. august - Færøyane

    Vi kjem fram til Færøyane om morgonen, og vi legg til kai i vesle Runavik 16 kilometer utanfor hovudstaden, Tórshavn. Bygda har 4000 innbyggjarar og er eit godt utgangspunkt for fjellturar. Vi anbefaler likevel å bli med på ekskursjonen til cruiseselskapet (mot tillegg) inn til sentrum av Tórshavn. I motsetning til mange andre nordiske byar med trehus, har Tórshavn aldri vorte ramma av ein omfattande bybrann. Vi finn difor mange bevarte hus frå 1500- og 1600-tallet i byen. Spesielt bydelen Tinganes med sine karakteristiske raude hus med torvtak er verdt eit besøk. Dette var staden for tinget til dei første nordmennene som slo seg ned på Færøyane i 825.

    Sjølv om Færøyane har vore underlagt Danmark i mange år, føler mange ei sterkare tilknyting til Norge. Her finst norsk/færøyiske foreiningar og festivalar som feirar vår felles vikinghistorie, samt ein tradisjonsmusikk med sterke band til den norske folkemusikken.

    Etter heile dagen på Færøyane er vi klare for nye eventyr. Frå Tórshavn set skipet kurs mot søraust i retning Shetland. Fellesmiddagen på restauranten vår om bord. Før middag blir det eit nytt foredrag frå Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen. Tema for dette foredraget blir bestemt seinare.
    (F, L, M)

  • Dag 6: Måndag 5. august - Lerwick, Shetland

    Når vi vaknar denne morgonen, seglar skipet inn mot Lerwick på Shetland. Hovudstaden har 7500 innbyggjarar – ein tredjedel av alle som bur på øyane som utgjer Shetland. Vi glir roleg inn mot dei gråbrune steinhusa i byen som står i kontrast til dei irrgrøne markene rundt. Her har vi tid i land til å bli kjend i den vesle bykjernen. Ein kan velje om ein vil vere med på ein av ekskursjonane som vert arrangerte av cruiseskipet (ikkje inkludert i turprisen), eller bruke tida på eiga hand. Lerwick er kjend for å ha mange butikkar med godt utval, så her er det også anledning til litt handling.

    Shetland har dei siste åra fått mykje publisitet gjennom krimserien med same namn. Joar vil nytte tida etter frukost til å prate om Britisk etterretning og MI6 i foredraget: Spioner og spionasje – film & virkelighet. Det blir alt frå Ian Flemming og James Bond, John LeCarré og Smiley til «the Cambridge Five» og kommunistsympatiserande overklassegutar som spionerte til fordel for Sovjetunionen under den kalde krigen.  

    Vikinghistoria og den norrøne identiteten står framleis sterkt på Shetland. Hjaltland (Shetland) vart kolonisert av norske vikingar på slutten av 800-talet, og kolonistane etablerte seg her med eigne lover og språk. Språket utvikla seg til det vestnordiske språket norn, eit språk som døydde ut først på 1800-talet. Etter at Harald Hårfagre hadde samla Noreg til eitt rike, flykta mange av motstandarane hans, og nokre av dei slo seg ned på Orknøyane og Hjaltland. Med desse øyane som base dreiv dei plyndringstokt mot Skottland og Noreg. Dette resulterte i at Harald Hårfagre samla ein stor flåte, og rundt år 875 kom flåten hans til det som i dag er den vesle tettstaden Haroldswick på øya Unst og annekterte både Orknøyane og Hjaltland.

    Banda mellom Shetland og Norge har også vore sterke i nyare tid. Hausten 1940 vart ei norsk marineavdeling med tilnamnet Shetlandsgjengen etablert i Scalloway for operasjonar mot Noreg. På Shetland hadde det etter kvart samla seg kring 30 fiskeskøyter som norske flyktningar hadde segla over. Ein del av desse skøytene vart no innleigde, og norske fiskarar vart verva som frivillig mannskap. Shetlandsgjengen segla i hemmelege oppdrag mellom Noreg og Shetland og frakta Linge-karar, etterretningsfolk, flyktningar, instruktørar for motstandsrørsla og militære forsyningar. I alt gjorde Shetlandsgjengen over 200 turar, der den mest kjente, Leif Andreas Larsen (Shetlands-Larsen), var skipper for 52 av turane.

    Etter ein dag på land lettar vi anker og seglar sørover. Fellesmiddag på restauranten om bord, der vi har ein eigen seksjon for gruppa vår.  
    (F, L, M)

  • Dag 7: Tysdag 6. august - Dag til sjøs

    Denne dagen er vi på sjøen heile tida, og det blir to foredrag av Eva og Joar. Det første har tittelen: England i dag – sorger og gleder i samfunn og politikk

    Elles er det mange ting å gjere om bord. Ambition er eit tradisjonelt britisk cruiseskip, så her kan ein blant mykje anna få med seg «afternoon tea» og andre erkebritiske aktivitetar.

    Det blir god tid til slappe av og nytte seg av alle skipet sine fasilitetar. (Nokre av desse kan bestillast på førehand). I tillegg til den store salen som viser show på kveldane, finst det shoppingsenter, bibliotek, arts/crafts-rom, utandørs gå/joggeløype og rom for kortspel om bord. Der er også fleire kafear og barar på skipet, og vi finn oss ein «stamkafe» der ein kan treffe reiseleiarane gjennom dagen. Det er heilpensjon om bord, så alle måltid på skipet er inkluderte i turprisen. Spa-tilbod finst også på Ambition, med sauna, dampbad og frisør, i tillegg til utandørssymjebasseng og badestampar.

    Om kvelden møtest vi til middag i avdelinga vår i hovudrestauranten.

    Denne kvelden vil Eva og Joar ta oss med på fagleg nachspiel. Her blir det laus jakke og høve for noko godt i glaset. Dei vil kalle underhaldninga «Senkveld med Eva og Joar». I kveld blir det snakk om «GB på TV». Vi er godt kjend med britiske fjernsynsseriar, så korleis har desse forma vårt syn på den britiske levemåten? Vi kan tenkje på alt frå «Frå familien Ashton» til «The Crown». Det er vist mykje kvardagsrealsime, men landsbygda blir også idyllisert med Postman Pat, “Med hjartet på rette staden”, via “Med kjærleik for kanaler” og “Forsyte-sagaen” til Brannmann Sam i Pontypandy og Thomas Toget, med fleir.
    (F, L, M)

  • Dag 8: Onsdag 7. august - Edinburgh og Military Tattoo

    I løpet av natta har vi segla heilt til det skotske fastlandet og ankra i Leith ved Edinburgh.

    Høgdepunktet denne dagen blir Military Tattoo på esplanaden ved Edinburgh Castle. Billettane dit kan kjøpast av cruiseselskapet nærare avreise (mogeleg val mot tillegg i pris). Kvar dag i tre veker i august er det om lag 1000 aktørar i militære korps som marsjerer og spelar på esplanaden framfør Edinburgh Castle. Det er flest skotske og britiske deltakarar, men aktørar frå opp til 30 ulike land deltek. Eit fast innslag er «The Massed Pipes and Drums», eit gigantisk 100-manns sekkepipe- og trommekorps sett saman av ulike militære eller halvmilitære avdelingar, som til full jubel frå publikum marsjerer opp og ned esplanaden. Vi gler oss verkeleg til å oppleve Military Tattoo på nært hald!

    Det er mange andre ting som føregår i Edinburgh under Fringe-festivalen og Edinburgh International Festival, som begge er lagde til august månad. Det er musikk overalt - klassisk muikk, jazz, folkemusikk på pubar og i tillegg mange teaterframsyningar og stand up-show. På ein tidlegare tur opplevde nokre av deltakarane eit teaterstykke på ein liten elvebåt med berre plass til 20 publikum, og dei syntest det var eit av høgdepunkta på turen.

    Om kvelden møtest vi igjen i restauranten vår om bord til avskjedsmiddag. Denne kvelden får vi det siste foredraget frå Eva og Joar der dei oppsummerer dei tidlegare foredraga og turen vi har hatt saman.
    (F, L, M)

  • Dag 9: Torsdag 8. august - Edinburgh og heimreise

    Etter den siste frukosten om bord er vi klare for utsjekking. Bussen vår ventar på oss ved kaien og tek oss til flyplassen. Avgangar til Oslo og Bergen.
    (F)

  • OM SKIPET: Ambition

    Vi seglar med skipet Ambition. Det har 680 gjestelugarar med senger til 1200 passasjerar. Det vart bygd i 1999 med siste oppussing i 2023. Det har 10 gjestedekk og 6 heisar. Om bord finn vi noko for ein kvar smak både i restaurantar, barar, salongar og underhaldning. Det er teater, butikkar, diskotek, handverksrom, bibliotek, treningssenter og spa-avdeling.

    Her ser du dekkplanen:

    Ambition

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
31/7BergenAmbitionFullbooka, venteliste29 950,-Book på ventelisteMer informasjon
31/7OsloAmbitionFullbooka, venteliste29 950,-Book på ventelisteMer informasjon
31/7OsloAmbitionFullbooka, venteliste29 950,-Book på ventelisteMer informasjon
31/7StavangerAmbitionFullbooka, venteliste30 950,-Book på ventelisteMer informasjon
31/7Trondheim, VærnesAmbition230 950,-BestillMer informasjon
31/7Ambition
Utan flyreise
225 950,-BestillMer informasjon
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo