Skip to main content

Elvecruise på Nilen med Terje Tvedt

7. - 15. oktober 2024.

Bli med på tur til Egypt og båtreise på Nilen sammen med ein av verdas fremste ekspertar på elvas historie, Terje Tvedt. Den siste boka hans om elva og dens rolle i samfunna den renn gjennom, «Nilen – Historiens elv» fekk strålande kritikker, vart ein bestseljar og er omsett til mange språk, mellom anna til arabisk i Egypt. Mange har sikkert sett hans dokumentarfilm på NRK, "Kampen om Nilen". Han vil på båten som me har leigd kun for Fotefar halde ei foredragsrekke om ei fasinerande reise i fortid og notid om den mest sagnomsuste av alle store sivilisasjonsskapande elver.

Vi startar med nokre dagar i Kairo der vi får med oss Det egyptiske museet og pyramidane i Giza. Det blir vidare sjanse til å melde seg på ei dagsutflukt til Alexandria, før vi tek fly til Luxor og går om bord i den chartra båten vår, MS Amwaj Livingstone. Vi har heile skipet for oss sjølve, og på turen blir det spennande forelesingar frå Terje Tvedt om Nilen si historie. Etter at vi kjem fram til Aswan, blir det sett opp dagsutflukt til Abu Simbel-tempela, bygd av Ramses den andre.

 

 

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Måndag 7. oktober - Framkomst Kairo

    Fly frå Gardermoen til Kairo (tid kjem seinare). Bussen køyrer oss til vårt 4-stjerners hotell i sentrum. Etter innsjekkinga samlar vi oss til velkomstmøte, der vi blir betre kjende med kvarandre og får meir informasjon om den komande reisa.

  • Dag 2: Tysdag 8. oktober - Kairo og pyramidane

    Dagen startar med ein god frukost på hotellet før vi skal få oppleve Kairo og pyramidane. Først går turen til Det egyptiske museet. Her får vi tid til å fordjupa oss i tusenvis av år med egyptisk historie gjennom ei imponerande mengd gjenstandar frå faraoane si tid. Dette er verdas største samling av oldsaker og mumiar frå det gamle Egypt, der Tutankhamon si gylne maske av 12 kilo gull er ein av dei mest kjende attraksjonane.

    Etterpå går turen til Giza-området, 25 kilometer utanfor Kairo, for å oppleve dei storslegne pyramidane. Her finn vi også den kjende Sfinxen i Giza. Felles lunsj denne dagen. Buss tilbake til hotellet seint på ettermiddagen.

    Om kvelden får vi den første forelesninga til Terje Tvedt om rolla og historia til verdas mest kjende elv.  Han vil spørja: Kvifor er «Egypt, pyramidenes land» blitt kalla «ei gåve frå Nilen» og kva er det spesielle ved den mest kjende elva på kloden? " Professor Terje Tvedt har forska over 30 år på Nilen. Elva er livsviktig for millionar av mennesker der den renn gjennom 11 land. Men den er også ei kjelde til krig, konflikt og kamp om ressursane. I rekka av forelesingane til Terje Tvedt på denne turen blir vi med på ei fantastisk reise i den mektige elva si historie og notid. Elva har alltid vore i sentrum for storpolitikken. Her har både Tutankhamun, Cæsar, Churchill, Nasser og Bin Laden skapt verdenshistorie, og i framtida kjem kampen om vatnet til å bli enno meir intensiv.

    Middag om kvelden for dei som ønskjer å ete med reiseleiarane.
    (F, L)

  • Dag 3: Onsdag 9. oktober - Valfri dagstur til Alexandria

    Denne dagen kan du velje om du vil bruke tida på eiga hand i Kairo sentrum eller bli med på dagstur til den historiske byen Alexandria (mogeleg val). Bussen tek oss først til Qaitbay-fortet, som vart bygd på 1500-talet på staden der Fyrtårnet på Faros, eit av verdas sju underverk, ein gang stod. Etterpå besøker vi Bibliotheca Alexandrina, ein moderne rekonstruksjon (teikna av Snøhetta) av det legendariske Alexandriabiblioteket som vart øydelagt i år 391 e.Kr. På ettermiddag får vi sjå Pompeius' søyle, som vitnar om den gamle byen sin stordomstid. Søyla er over 20 meter høg, og den vart sett opp for å heidre keisar Diocletianusi ca. år 300 e.kr. I tillegg skal vi vitje katakombene ved Kom El Shoqafa.

    Felles lunsj på ein lokal restaurant I Alexandria for dei som har meldt seg på dagsutflukta.

    Om ettermiddagen returnerer vi til Kairo, der det er høve til å kjøpe seg middag saman med reiseleiarane på hotellrestauranten, eller finne seg ein restaurant i nærleiken. Etter middag får vi det andre foredraget av Terje Tvedt «Nilen i myter og religioner».
    (F)

  • Dag 4: Torsdag 10. oktober - Kairo til Luxor

    Etter ein tidleg frukost (ev. matpakke), tek bussen oss til flyplassen i god tid før avreise til Luxor.

    I Luxor hentar bussen oss på flyplassen og tek oss til Karnak, eit monumentalt og 4000 år gamalt tempel-kompleks. Dette området vart rekna som det mest heilage i Egypt i oldtida, og er utruleg å få oppleve med sine gigantiske søyler og store utstrekning.

    Etterpå sjekkar vi inn på cruisebåten MS Amwaj Livingstone, som blir heimen vår dei neste dagane. Båten er utstyrt med spa-avdeling og eit stort soldekk med symjebasseng, så her kan vi verkeleg slappe av og kose oss. Vi nyt vår første lunsj om bord før eit nytt foredrag med Terje Tvedt «Nilen som verdens geografiske gåte nummer én».  

    På ettermiddagen utforskar vi Luxor-tempelet, som vert opplyst når mørket fell på, og er ei stor oppleving å få med seg. Vi kan også anbefale ein rusletur på strandpromenaden, den såkalla «cornichen» som også er ein fin måte å sjå byen og folkelivet.
    (F, L, M)

  • Dag 5: Fredag 11. oktober - Luxor

    Denne dagen byr på eit mangfald av opplevingar. Tidleg om morgonen får du høve til å delta på ein valfri luftballongtur over Luxor med spektakulær utsikt over det majestetiske landskapet (mogeleg val). Etter denne luftige opplevinga besøker vi Memnon-statuane og Kongenes Dal, faraoane sine imponerande gravkamrar. Her er det heile 63 faraograver.

    Etterpå samlar vi oss om bord på cruisebåten for å nyte ein nydeleg lunsj.

    På tidleg ettermiddag legg vi frå kai i Luxor og fortset turen opp den sagnomsuste Nilen. Før middag får vi eit nytt foredrag av Terje Tvedt «Fra faraoene tid til det britiske Nil-imperiet».
    (F, L, M)

  • Dag 6: Laurdag 12. oktober - Edfu og Kom Ombo

    Dagen startar med eit besøk på det storslagne Horus-tempelet i Idfu, eit av dei best bevarte templa i heile Egypt. Dette tempelet, dedikert til falkeguden Horus, imponerer med sine detaljerte skulpturar og komplekse design. (Mogeleg val.)

    Etterpå blir det lunsj, medan vi seglar mot Kom Ombo. Vi nyt sola på dekk, og har god tid til å ta inn det særegne landskapet langs Nilen. Utsynet har endra seg lite gjennom historia. Landbruket blir framleis drive etter tradisjonelle metodar, og det er lett å drømme seg tilbake til svundne tider.

    Ved framkomst utforskar vi Kom Ombo-tempelet (mogeleg val), eit særeige dobbelttempel dedikert til gudane Sobek og Horus. Tempelet ligg ved krokodilleguden Sobek sitt sakrale kompleks og museet for krokodillemumiane. Det vert også i dag føredrag av Terje Tvedt «Menneskets årtusen lange kamp for å gjøre seg til Nilens behersker».

    Å avslutte kvelden med noko godt i glaset på dekk er absolutt å anbefale!
    (F, L, M)

  • Dag 7: Søndag 13. oktober - Utforsking av Aswan

    I dag ventar nye eventyr i Aswan. Vi besøker først den storslegne Aswandammen, ein imponerande ingeniørprestasjon som har forma landskapet og liva til folka her på godt og vondt. Deretter tek vi turen til det store steinbrotet, der vi kan læra meir om den intrikate kunsten å forme og skape monumentale obeliskar. Her ligg framleis framleis verdas største obelisk, nesten ferdigstilt.

    Vi er tilbake på båten til lunsj, før ettermiddagen byr på fleire valfrie aktivitetar å velja mellom (mogeleg val). Du kan nyte ei avslappande felucca-segltur på Nilen, besøke ein nubisk landsby for å læra om lokal kultur, eller nyte Afternoon Tea på det historiske Old Cataract Hotel, der både Winston Churchill og Agatha Christie har budd.

    Kvelden vert avrunda med felles middag.
    (F, L, M)

  • Dag 8: Måndag 14. oktober - Valfri utflukt til Abu Simbel

    Dette er den siste heile dagen vår i Egypt, og vi får høve til å utforske dei majestetiske Abu Simbel-templa (mogeleg val). Dei som ønskjer det, kan bruke dagen fram til utsjekk på eiga hand i Aswan. Etter heildagsturen med buss returnerer vi til cruisebåten for å nyte ein siste lunsj om bord før det blir utsjekk frå båten. 

    Terje Tvedt vil oppsummere reisa vår i eit siste foredrag «Oppsummering av inntrykk og elven som et lands livline og selvsagt sentrum».

    Fly til Kairo om ettermiddag / tidleg kveld. Buss til hotellet vårt nær flyplassen. Vi avsluttar turen med ein avslutningsmiddag enten på hotellet eller i nærleiken.
    (F, L, M)

  • Dag 9: Tysdag 15. oktober - Avreise

    Etter ein siste felles frukost, er vi klare for avreise. Fly til Gardermoen (flytider og ruter kjem seinare).
    (F)

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
7/10OsloEgypt
Flyging med Turkish Airlines
259 950,-BestillMer informasjon
7/10OsloEgypt
Flyging med British Airways
Meir enn 858 750,-BestillMer informasjon
7/10StavangerEgypt
Flyging med Turkish Airlines / SAS
Fullbooka, venteliste61 950,-Book på ventelisteMer informasjon
Reisekalender
22/5Beatles-tur til LiverpoolFrå 20 950,-
22/5Beatles-tur til LiverpoolFrå 18 950,-
22/5Beatles-tur til LiverpoolFrå 14 550,-
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo