Skip to main content

Elvecruise på fire elvar - Mosel, Saar, Rhinen og Neckar med Gunnstein Akselberg

16. - 22. august 2024.

Mosel - Saar - Rhinen - Neckar

Velkommen med på eit innhaldsrikt elvecruise på fire elvar – Mosel, Saar, Rhinen og Neckar og til tre land – Luxemburg, Tyskland og Frankrike. Cruiset startar i Luxemburg og går først til byen Saarburg før vi stoppar i tyske Trier, som truleg er Tysklands eldste by. Vidare seglar vi vidare til Cochem i Mosel-dalen, Koblenz og Rüdesheim am Rhein. Båten tek oss så til Mannheim, der ein kan vere med på utflukt til romantiske Heidelberg, før vi tek fatt på siste etappe til vakre, historiske Strasbourg i Frankrike.

Professor Gunnstein Akselberg, best kjend frå Eides språksjov, har lenge interessert seg for dei vakre, tyske kulturbyane. Dei har så mykje å tilby av både historie, politikk, kunst, musikk, arkitektur og religion, og dei har i stor grad forma vår felles kulturhistorie. Vi har heile båten berre for Fotefar, så dette blir ei unik oppleving med daglege kåseri av Gunnstein Akselberg om bord.

På elvecruiset vårt bur vi svært godt på Leonardo Da Vinci (4 stjerner), ein hyggeleg elvebåt med 70 lugarar som alle er utvendige. Lugarane har også bad med dusj, hårtørkar, TV, safe og aircondition. Det er “all inclusive” om bord med nydeleg mat og drikke inkludert.

 

 

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Fredag 16. august - Frå Oslo til Remich i Luxemburg

    Utreise frå Gardermoen eller Flesland med direktefly til Frankfurt. Det er mogeleg med tilknyting frå andre byar. Buss frå Frankfurt til Remich ved Mosel-elva i Luxemburg, der vi får tildelt lugarane våre om bord  på elvebåten, Leonardo Da Vinci. Frå vakre Remich kan vi sjå over elva til Tyskland på den andre sida. Byen har berre 4000 innbyggjarar, og har opp gjennom historia tilhøyrt fleire stormakter. Til og med vikingane var her og øydela byen under slaget ved Remich 11. april 882.

    Under velkomstcocktailen blir vi litt betre kjende og blir presenterte for kapteinen og mannskapet. Etter middag samlast vi i loungen for velkomstmøte og ein introduksjon av Gunnstein Akselberg, med noko godt i glaset.

    Både restauranten og salongen om bord ligg på øvre dekk og har store panoramavindauge. Salongen har bar og dansegolv. Soldekket har både vanlege stolar og liggestolar, og er den ideelle staden å nyte utsikta til landskapet som sakte glir forbi. Det er også gratis Wi-Fi om bord.
    (M)

  • Dag 2: Laurdag 17. august - Luxemburg - Saarburg

    Vi har ein roleg start den første dagen og har tid til ein god frukost. Ein kan så velje om ein vil utforske sentrum av Remich på eiga hand, eller bli med på guida tur med buss til Luxembourg by (mogeleg val mot tillegg i pris). Landet Luxembourg er ein spennande blanding av kulturar, og hovudstaden gjenspeglar dette. Det er for eksempel ikkje uvanleg at alle dei tre offisielle språka tysk, fransk og luxemburgsk står på skilt og liknande. Når bussen kjem fram til byen, blir det ein guida vandretur fots til dei største attraksjonane som Place des Armes, Place de la Constitution, gamlebyen, det storhertugelege palasset og Place Guillaume II. Det blir også litt tid på eiga hand før vi returnerer til skipet i Remich. Det er ei oppleving å sjå den djupe naturlege vollgrava som omkransar sentrum av hovudstaden, og ein kan tenkje seg at denne byen nok var vanskeleg å erobre.

    Etter lunsj kan ein nytte tida i byen Remich på eiga hand eller vere med på vinsmaking (mogeleg val mot tillegg i pris) til eit av dei berømte vinhusa nedstrøms frå byen. Kalksteinen i jordsmonnet er perfekt for dei musserande vinane som har vore produserte på vingarden sidan 1919, og minnar om kalkjorda i nærliggande Champagne. Etter turen tek guiden oss med til det historiske sentrumet av Remich der ein kan sjå seg om i dei tronge gatene og vakre torga. Vi anbefaler også ein spasertur langs promenaden i skuggen av trea langs Mosel-elva. Eller ein kan slappe av på ein koseleg kafeterrasse med ein kaffi eller eit glas vin.

    Om kvelden møtes vi til middag i spisesalen og nyt dei gode franske rettane. Vi forlet Luxemburg og seglar først på elva Mosel, og så på elva Saar, mot Saarburg i Tyskland.
    (F, L, M)

  • Dag 3: Søndag 18. august - Saarburg - Trier

    Om morgonen når vi vaknar, er vi i Saarburg, ein pittoresk liten by med 7500 innbyggjarar. Denne dagen startar vi å segle på elva Saar, før vi igjen er tilbake på elva Mosel, på vegen vår mot byen Trier. Det blir kåseri av Gunnstein Akselberg denne føremiddagen.

    Vi kjem fram til Trier seint på føremiddagen, og etter lunsj kan ein utforske Trier på eiga hand, eller bli med på ein guida tur i byen (mogeleg val mot tillegg i pris). Her får vi lære meir om den romerske historia til Trier og gamlebyen frå mellomalderen. Vi får også ei strålande utsikt over Mosel-elva og det praktfulle landskapet. Guiden tek oss med til det imponerande amfiteateret, dei keisarlege bada, den romerske basilikaen og Porta Nigra, ein av dei best bevarte romerske byportane.

    Trier blir rekna som den aller første bydanninga i Tyskland, og er det eldste setet for eit kristent bispedøme nord for Alpane. Byen har eit av dei første universiteta i Tyskland, og er i dag ein livleg universitetsby med over 110 000 innbyggjarar. Vi får også litt tid på eiga hand i Trier før vi returnerer til båten i kveldinga.

    Under middagen denne kvelden startar elvebåten ferda mot Cochem, og vi får med oss det karakteristiske grøne landskapet med vinmarker langs Mosel-elva.
    (F, L, M)

  • Dag 4: Måndag 19. august - Cochem - Koblenz

    Tidleg om morgonen kjem vi til Cochem med berre fem tusen innbyggjarar. Den ligg nydeleg til ved Mosel-elva og blir rekna som ein av dei vakraste landsbyane i Tyskland. Etter frukost kan ein velje om ein vil bruke tida på eiga hand i landsbyen, eller bli med på ein busstur opp til Cochem slott (mogeleg val mot tillegg i prisen). Dette storslegne slottet er eit av dei mest kjende landemerka langs Mosel-elva, og ligg fint til på ei klippe over landsbyen.

    Bussen tek oss så ned igjen til sentrum og guiden viser oss rundt i Cochem som er kjent for sine smale, svingete gater og sjarmerande bindingsverkshus med skifer­tak. Vi får også litt tid på eiga hand før vi ruslar tilbake til båten.

    Etter lunsj får vi dagens kåseri av Gunnstein Akselberg før vi fortset ferda vår på elva Mosel mot Koblenz. Undervegs passerer vi sjarmerande landsbyar, vinmarker og det som ser ut som eit slott på kvar topp. Vi legg til i Koblenz tidleg om kvelden, og rekk ei kveldsvandring i sentrum.
    (F, L, M)

  • Dag 5: Tysdag 20. august - Koblenz - Rüdesheim

    Denne morgonen blir det eit nytt kåseri av Gunnstein Akselberg etter frukost. Resten av formiddagen sig vi sakte gjennom den vakre og romantiske Rhindalen. Vi seglar forbi majestetiske slott, historiske landskap og kjende vinmarker. Etter kvart passerer vi også den myteomspunne Lorelei-klippa. Ifølgje ei soge frå mellomalderen sat den vakre Lorelei på klippa og song så vakkert at skipperane på elvebåtane vart dregne mot dei farlege straumane og forliste. I den tyske romantikken tidleg på 1800-talet vart denne soga inspirasjon for både målarar og forfattarar. 

    Båten er framme i Rüdesheim am Rhein seint på føremiddagen. Vi er no i området Rheingau, og Rüdesheim er kjent som vinhovudstaden der det er liv og røre og musikk heile dagen. Byen har berre 10 000 innbyggjarar, men her er det likevel mykje å oppleve.

    Etter lunsj kan dei som vil, bli med på ein guida tur i Rüdesheim (mogeleg val mot tillegg i prisen). Første stopp blir ute i vinmarkene i utkanten av byen. Deretter blir det vinsmaking i dei historiske lokala til Bassenheimer Hof. Etterpå går turen til Siegfrieds Mechanisches Musikkabinett , som ligg i ein bygning frå 1400-talet. Dette museet har ei samling av fascinerande musikkinstrument, frå små, delikate speledåsar og musikkassar til eit enormt orkestrion som kan imitere eit heilt orkester.

    Før vi møtest til middag, anbefaler vi å bruke tida i den sjarmerande gata, Drosselgasse, med sitt yrande liv med mange kaféar og barar. Seint om kvelden startar elvebåten ferda mot Mannheim.
    (F, L, M)

  • Dag 6: Onsdag 21. august - Rüdesheim - Mannheim - Heildelberg

    Vi kjem til Mannheim tidleg om morgonen. Dette blir utgangspunktet for utflukta vår til Heidelberg som ligg ved elva Neckar (mogeleg val mot tillegg i pris).

    Heidelberg er ein av dei viktigaste universitetsbyane i Tyskland, og kjende namn som Hegel, Gadamer, Habermas og Hannah Arent har vore tilknytt universitetet her. Universitetet har også det eldste biblioteket som framleis er intakt i Tyskland, og spela ei viktig rolle under reformasjonen, då Martin Luther kom hit nokre veker etter kunngjeringa av dei 95 tesane sine, for å forsvare dei. Byen var også sentrum for den tyske romantikken rundt år 1800, og har fått ei eiga retning oppkalla etter seg; Heidelberg-romantikken.

    Utflukta startar med eit besøk ved det delvis øydelagde Heidelberg-slottet som er bygd i raud sandstein. Slottet ligg majestetisk over byen med utsikt over elva Neckar. I kjellaren på slottet får vi sjå eit gigantisk vinfat frå 1591 som rommar heile 130 000 liter vin. Dette fatet hadde røyr rett inn i dei store spisesalane, slik at vinen bokstavleg tala kunne strøyme under de overdådige festane som har vorte haldne her opp gjennom historia. Etter besøket her får vi ein guida rundtur i byen for å sjå på ulike historiske stader. Vi har mogelegheit til å spasere litt rundt på eiga hand etter guidinga.

    Ettermiddagen vil bli brukt til å cruise langs elvane Neckar og Rhinen mot Strasbourg. I kveld er det galla-kveld om bord, og vi får servert ein flott 4-rettars avskjedsmiddag.
    (F, L, M)

  • Dag 7: Torsdag 22. august - Strasbourg og heimreise

    Det er tid for å ta farvel med båten vår og dei nye venene vi har møtt på turen. Sidan vi har hatt heile båten for oss sjølve, har vi hatt tid til å bli godt kjende. Etter frukost om bord køyrer bussen vår oss til flyplassen i Frankfurt. Der går flyet direkte tilbake til Bergen og Oslo. Tilknyting til andre byar på førespurnad.
    (F)

  • Verd å vite

    • Når ein er om bord på ein båt, må ein forvente noko motorstøy.

    • I nokre hamner vil ein måtte gå gjennom nokre andre skip for å komme til land. Dette går nokre gonger føre seg opp/ned via soldekk. Landgangar kan vere noko bratte.

    • Uventa endringar i vasstanden i elvar kan skje. Skulle dette oppstå, reserverer reiarlaget seg retten til å forandre seglingsrute, tider og program. Det blir ikkje gitt refusjon for endringar i programmet på grunn av “force majeure”. 

    •  
  • OM SKIPET: MS Leonardo Da Vinci

    Vi skal bu på MS Leonardo Da Vinci. Båten har 72 gjestelugarar fordelt på 2 gjestedekk, restaurant, lounge/bar med dansegulv og soldekk. 

    Her ser du dekkplanen:

    MS Leonardo Da Vinci

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
16/8BergenMS Leonardo Da Vinci426 950,-BestillMer informasjon
16/8OsloMS Leonardo Da Vinci
Fly utreise frå Oslo kl. 06:40
Meir enn 824 950,-BestillMer informasjon
16/8OsloMS Leonardo Da Vinci
Fly utreise frå Oslo kl. 09:50
625 950,-BestillMer informasjon
16/8StavangerMS Leonardo Da VinciMeir enn 826 950,-BestillMer informasjon
16/8Remich MS Leonardo Da Vinci
Utan flyreise, oppmøte ved båten
521 850,-BestillMer informasjon
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo