Skip to main content

Shetland og Orknøyane med Dag Lindebjerg

17. - 24. august 2024.

Velkomen til ein spennande og innhaldsrik tur til Shetland og Orknøyane saman med TV-profilen og “vesterleds-entusiasten” Dag Lindebjerg. Han er journalist frå Bergen og kjend som sportskommentator i NRK. I tillegg har han i mange år vore programleiar både i radio og TV for fleire ulike seriar. Etter programma om Vesterhavsøyane ville han gjerne tilbake til dette spennande området, og han vart reiseleiar dit. Mange har hatt glede av å vere med han, og no kan det vere din tur til å få ei eventyrreise vest i havet.

Med sin engasjerande formidlarstil deler Dag Lindebjerg raust av kjennskapen sin om geografien, historia og folket på øyane i vest. Shetland er på fleire måtar som ei reise attende i historia. Folket her har sterke band til Norge og Skandinavia heilt frå vikingane invaderte øyane for meir enn 1000 år sidan. Vi finn eit vakkert, grønt landskap, og vi skal vitje mange historiske attraksjonar. Orknøyane har ei rikhaldig historie som går tilbake 5-6000 år. Dag vil gje deg eit innblikk i historia til øyane frå den tida og heilt fram til i dag. Vi skal besøkje fleire historiske attraksjonar som den staselege og majestetiske St. Magnuskatedralen, bygd av jarlen Ragnvald Orknøyjarl. Katedralen har store likskapstrekk med vår eigen Nidarosdomen.

På heile turen møter vi hyggelege og gjestfrie folk som er særleg glade for å få besøk frå Norge.

 

 

 

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Laurdag 17. august - Bergen til Shetland

    Avreise med fly frå Bergen til Shetland. Framme i Sumburgh byrjar Dag Lindebjerg formidlinga si allereie på flyplassen. Her blir vi henta av buss og køyrd til Lerwick og hotellet vårt.

    Gjennom dei neste dagane skal vi bli kjende med dette øyriket som var så sentralt i det gamle Norgesveldet. Hjaltland (Shetland) vart kolonisert av norske vikingar på slutten av 800-talet, og dei etablerte seg her med eigne lover og språk. Heilt sidan dei norske vikingane regjerte her, har det vore sterke band mellom Shetland og Norge. Under andre verdskrig vart desse banda knytt endå tettare saman, og framleis er vi nordmenn populære gjester på øyriket i vest.

    Inne i Lerwick setter vi frå oss bagasjen på hotellet og begynner dagane våre i her med både lunsj og ein rusletur i sentrum. På kvelden blir det felles middag på hotellet.

    Om nokon endå ikkje kjenner seg ferdige med opplevingane denne første dagen er laurdagskvelden ein bra dag å finne seg ein pub med lokal musikk, Shetland er kjend for god stemning og live Shetland-musikk.
    (L, M)

  • Dag 2: Søndag 18. august - Rundtur på Mainland

    Etter ein god frukost skal vi bruke dagen på den store øya Mainland. Først går turen nord til Lunna, staden der Shetlands-Larsen og gjengen hans hadde basen sin i starten av krigen. Huset dei held til i, ligg tett inntil ei vakker, lita, kvit steinkyrkje, og vi skal ned på kaia for å sjå der dei norske båtane la til. Her har folka i huset venta mang ein gong på å sjå båtane komme seg over frå Norge. I hagen der heng det ein plakett til minne om Shetlandsgjengen. Lunna House er i dag eit privathus.

    Etter Lunna køyrer vi sørover i retning Scalloway, byen som vart hovudbasen til Shetlands-Larsen og dei norske som kryssa over frå Norge. Her fekk dei leige seg ein slipp, og vedlikehaldet på båtane vart enklare. Scalloway vart nesten rekna som ein norsk by under krigen. Folket her verna godt om motstandsfolka og båtane som kom frå Norge. Etter kvart samla det seg kring 30 fiskeskøyter som norske flyktningar hadde segla over med. Ein del av desse skøytene vart leigde inn, og norske fiskarar vart verva som frivillig mannskap. Shetlandsgjengen segla i hemmelege oppdrag mellom Norge og Shetland og frakta Linge-karar, etterretningsfolk, flyktningar, instruktørar for motstandsrørsla og militære forsyningar. I alt gjorde Shetlandsgjengen over 200 turar, der den mest kjende, Shetlands-Larsen, var skipper på 52 av dei. Denne dagen er det medbrakt lunsjpakke.  

    I Scalloway stoppar vi ved monumentet som er reist til minne over nordmenn som miste livet på sjøen i motstandskampen mot tyskarane. Vi skal også kikke på slippen som dei norske båtane nytta, Prince Olav Slipway, og vi skal innom Scalloway museum som også har ei avdeling om Shetlandsfarten under andre verdskrig. Museet vart opna i 2012 av statsminister Jens Stoltenberg.

    Om ettermiddagen reiser vi tilbake til Lerwick. Felles middag om kvelden.
    (F, L, M)

  • Dag 3: Måndag 19. august - Nordover til Unst

    Etter tidleg frukost starar vi dagens utflukt som går nordover til øya Unst og byen Haraldsvik. På dagens rundtur tek vi ferje til øyane Yell og Unst og får høve til å nyte den vakre naturen frå sjøsida. Haraldsvik har fått namnet sitt fordi Harald Hårfagre kom seglande inn hit i år 875. Haraldsvik vart den første staden i Storbritannia som vart erobra av ein norsk konge. Øya er ein viktig del av den norske historia og vi skal vitje kopien av vikingskipet og langhuset som er bygd der Harald Hårfagre kom i land.

    Vi skal bruke dagen i vakker natur på Unst, og vitjar både bygdene Norwick og Baltasound. I tillegg blir det ein køyretur til fjells dersom veret tillèt det, der kan vi (om vi er heldige) få eit flott utsyn mot fyret på øya Muckle Flugga. Dette er det nordlegaste punktet i Storbritannia. Lunsj undervegs denne dagen.

    Tilbake i Lerwick vert det felles middag om kvelden.
    (F, L, M)

  • Dag 4: Tysdag 20. august - Sumburgh Head og St. Ninian

    Etter frukost blir vi henta i buss for ein utflukt sørover på Shetland. Sumburgh Head, som er det sørlegaste punktet på Shetland, er første mål for turen. Fyret på Sumburgh ligg flott til med klipper på begge sider. Ha gjerne med deg kikkerten i sekken på denne turen. Etter stoppen ruslar vi turen ned til Sumburgh Hotel og den prehistoriske busetnaden Jarlshof (dei som ikkje vil gå heile vegen kan bli med bussen). I 1897 vaska ei rekkje harde stormar bort stein, torv og jordlag, og spora etter ein gamal busetnad kom til syne. Det viste seg å vere tuftene etter fleire bygningar frå ulike tidsperiodar, der dei eldste var ca. 4000 år gamle. Då vikingane kom, busette dei seg også her og bygde ein storgard.

    Vi skal også ete lunsj på hotellet her, før vi køyrer vidare til St. Ninian’s Isle, ei øy som er knytt saman med Mainland av ei strand, ein såkalla tombolo. Stranda har sjø på begge sider. På øya finn vi ein gamal ruin av eit kapell. Bussen vår kan ikkje køyre like ned til St. Ninian, så her får vi ein gåtur på knapt ein kilometer ned til stranda. For dei som vil ut på øya, vert avstanden noko større.

    Middag på eiga hand denne kvelden. Reiseleiar kjem gjerne med tips.
    (F, L)

  • Dag 5: Onsdag 21. august - Lerwick og ferje over til Orknøyane

    Etter ein god frukost, ruslar vi bort til det rikhaldige og spennande Shetland Museum. Museet skildrar både historie, geologi og busetnad opp gjennom tidene heilt frå steinalder. Her er utstillingar som fortel om både jordbruk og levemåten på øyane, handarbeid og ein del om den maritime historia.

    Frå Shetland Museum ruslar vi opp til Town Hall, der den store salen er kjend for glas-mosaikken i vindauga. Eit av bileta her er av Håkon Håkonson.

    Det er lagt opp til lunsj på eiga hand. Og det kan også vere fint å vandre langs gatene og i hamneområdet i gamlebyen. Lerwick har mange butikkar med variert utval, så her er det også høve til litt shopping.

    Om ettermiddagen tek vi ferja frå Lerwick til Kirkwall på Orknøyane. Middag på eiga hand om bord, og om kvelden kjem ferja inn blant dei 70 øyane som utgjer Orknøyane. Desse øyane har vore busette i over 8500 år og vart erobra og overtekne av nordmenn i år 875. Øyane vart seinare annekterte av Skottland i 1472 som medgift, etter at kong Christian den første gifte vekk dottera Margrethe, til den skotske kong Jakob den tredje.

    Vi er framme i Kirkwall seint på kvelden og blir transportert inn til hotellet vårt, der vi sjekkar inn og skal bu i tre netter.
    (F)

  • Dag 6: Torsdag 22. august - Kirkwall

    Etter frukost blir vi med Dag Lindebjerg på ein rusletur i Kirkwall, eller Kyrkjevågen, som byen heitte medan Orknøyane var ein del av Norge. Han vil vise oss den majestetiske St. Magnus-katedralen, hamna og borga som frå gammalt av var tilholdssted for både Orknøy-jarlar og biskopar.

    Vidare blir vi henta av buss for ein tur sørover til øyane Lamb Holm, Burray og South Ronaldsay. Vi køyrer vegen langs «Churchill Barriers», som knyt saman hovudøya Mainland med dei mindre øyane Lamb Holm, Burray og South Ronaldsay. Barrieren vart bygd for hand av italienske krigsfangar under 2. verdskrig. Sundet Scapa Flow ligg naturleg verna mellom fleire av desse sørlege Orknøyane. Plasseringa gjorde det til ein naturleg base for den britiske marinen under både 1. og 2. verdskrig. Under 2. verdskrig var det heile 550 Italienske krigsfangar på Orknøyane. Dei var altså mange av desse som vart nytta (eller nærare sagt utnytta) til å byggje ein veg mellom den største øya Mainland og fleire av dei mindre øyane sørover. Initiativet til vegen var det Winston Churchill som hadde, og den ferdige vegen fungerte som ein barriere mot Nordsjøen. Seinare har barrieren fått namnet «Churchill Barriers». Der ligg framleis synlege vrak etter verdskrigane, og desse vil vi få sjå frå avstand på turen vår.

    På øya Lamb Holm finn vi det vakre Italian Chappel. Det var 200 av dei Italienske krigsfangane som hadde basen sin her. Dei var langt heimanfrå og hadde behov for å kunne samlast ein stad i bøn. I 1943 fekk dei lov til å nytte to brakker til å byggje seg eit kapell. Blant fangane var ein italiensk kunstnar med namn Domenico Chiocchetti, som vart den som tok ansvar for å setje i stand kapellet på innsida. Det vert lunsj undervegs denne dagen.

    På veg tilbake mot Kirkwall køyrer vi utom halvøya Deerness. Her kan dei som vil bli med Dag på ein gåtur ut til klippane. På sein ettermiddag returnerer vi til Kirkwall. Felles middag på hotellet.
    (F, L, M)

  • Dag 7: Fredag 23. august - Historisk rundtur på Orknøyane

    Denne dagen skal vi på heildagsutflukt på hovudøya Mainland på Orknøyane. Vi skal vitje dei gamle minnesmerka etter dei første busetnadane på Orknøyane for 5-6000 år sidan. Lindebjerg tek oss tett på mykje av historia og vi skal bruke tid på både steinalderlandsbyen Skara Brae og dei kjende steinringane på Brodgar. Vidare køyrer sørover og vil stoppe ved klippane ved Yesnaby. Vi skal også vitje Strømness som er kvalfangst- og sildebyen på Orknøyane. Her er blant anna hummarfiske svær  viktig.

    Undervegs på turen har vi felles lunsj og om kvelden vert det middag på hotellet.
    (F, L, M)

  • Dag 8: Laurdag 24. august - Heimreise

    Denne dagen er det tidleg heimreise med fly til Bergen. Vi får med oss nistepakke når vi sjekkar ut av hotellet. Fylt av nye opplevingar og mange inntrykk, takkar vi for denne gang og vender nasen heimover.
    (F)

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
17/8BergenVesterledFullbooka, venteliste33 950,-Book på ventelisteMer informasjon
Reisekalender
22/5Beatles-tur til LiverpoolFrå 20 950,-
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo