
1. - 6. juli 2026.
4. juli er det 250 år sidan den amerikanske sjølvstendeerklæringa, og det blir ei heilt spesiell feiring i desse tider då det amerikanske demokratiet er trua frå innsida.
Med oss på reisa er Eirik Bergesen og Sofie Høgestøl frå podkasten Det store bildet, som gjennom fleire år har formidla amerikansk og internasjonal politikk, historie og samfunnsutvikling til eit breitt publikum. Med fagleg tyngde og evne til å setje enkelthendingar inn i større samanhengar, vil dei følgje oss gjennom heile turen og bidra med perspektiv, samtalar og refleksjonar undervegs.
Gjennom besøk til monument, museum og historiske stader kjem vi tett på den amerikanske historia. Reisa får ei heilt spesiell ramme ved at vi er så heldige å få vere med på to “liveinnspelingar” av podkasten Det store bildet: éi under opphaldet i Washington D.C., og éi i Philadelphia på sjølve uavhengigheitsdagen 4. juli, der signeringa skjedde i 1776. Sofie og Eirik inviterer med seg gjester i podcasten, så vi får høyre mange perspektiv på det som skjer i USA i desse tider.












