Skip to main content

Edith Piafs Paris med Herborg Kråkevik

23. - 27. oktober 2024.

I 2024 er det 61 år sidan Edith Piaf døydde, og over 100 000 franskmenn følgde ho på veg til gravlunden Père-Lachaise. I sitt korte liv hadde Piaf rørt millionar av menneske med sine sterke, men sårbare songar. Musikken hennar er ikkje gløymd, men når stadig nye generasjonar, og det kjem framleis filmar, musikalar og bøker om «Spurven» frå den fattige bydelen Belleville.

På denne turen kjem vi nærare innpå både mennesket og artisten Edith Piaf. Vi skal oppleve dei gamle, tradisjonsrike kafeane i Montmartre, Pigalle og Belleville der Piaf spelte, og vandre i gatene der ho tente sine første myntar som gatesongar.

Med på turen blir Herborg Kråkevik som har turnert med Piaf-forestilling, gitt ut albumet “Piaf og eg” og laga ein dokumentar om artisten for NRK. Herborg blir med oss på heile turen og held to minikonsertar med Piaf sine songar.

Bergens Tidende skriv dette om Kråkevik si Piaf-tolking: «Ikke fordi Herborg etterlikner den franske Spurven, men fordi hun tolker henne med sine egne følelser, sitt eget hjerte og sin egen stemme. Det blir ekte varer av slikt.»

 

 

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Onsdag 23. oktober - Til Paris og Montmartre

    Avreise frå Gardermoen og Flesland om morgonen. På flyplassen i Paris ventar bussen som skal køyre oss til hotellet vårt i Montmartre, som ligg få minutt frå verdskjende Moulin Rouge og hovudgata Rue Lepic. Montmartre var kjend som eitt av kunstnarstrøka i Paris og trakk til seg målarar, skulptørar, forfattarar, kjende songarar, samt meir lyssky element som lettkledde dansarar, hallikar og prostituerte. Her heldt Edith Piaf også til delar av livet sitt, og vi skal sjå fleire av plassane som var sentrale for ho.

    Etter ein kvil på hotellet møtest vi i resepsjonen for å gå samla til ein lokal restaurant for velkomstmiddag. Denne kvelden får vi Herborg sin første minikonsert (5-6 nummer) med songar av Edith Piaf. Herborg er ein av dei fremste Piaf-tolkarane i Norge og har med ein pianist på konserten.  Etter kveldens program kan dei som vil, vere med til legendariske Lapin Agile på kabaret. Her har Edith Piaf stått på scenen mange gonger. Det er kanskje den mest kjende av stadane med tradisjonsmusikk i Montmartre, og kabareten er også berømt for Pablo Picasso sitt måleri “På Lapin Agile” frå 1905. Her er det forventa at ein syng med til dei kjende melodiane. Kanskje vi får høyre songane til Yves Montand, Georges Brassens, Charles Trenet, Françoise Hardy, Charles Aznavour, Jacques Brel, Serge Gainsbourg – og truleg også Edith Piaf.
    (M)

  • Dag 2: Torsdag 24. oktober - Montmartre og Latinerkvarteret

    Laurdagen bruker vi i vakre, pittoreske Montmartre. Bydelen har ei interessant historie, og reiseleiaren fortel om Pigalle og Montmartre heilt frå den førindustrielle tida. Frå mellomalderen til kunstnartida på 18- og 1900-talet var dette ein landsby som låg utanfor bygrensene. Vi tek oss god tid på vandringa før det er tid for lunsj på eiga hand eller saman med reiseleiarane. Fotefar kan anbefale Le Moulin de la Galette i Rue Lepic som er ein av dei få opphavlege vindmøllene som Montmartre var så kjende for på 1800-talet. I bakhagen låg eit av dei største danselokala på Montmartre, og kunstnarar som Auguste Renoir, Henri de Toulouse-Lautrec og Vincent van Gogh har alle måla bilde frå dansefestane her.

    Resten av dagen får deltakarane tid på eiga hand. Dei som ønskjer det, kan vere med reiseleiar ned til Latinarkvarteret for å oppleve stemninga på den såkalla «venstre breidd», eller sørsida av Seinen. Her finn vi mange koselege butikkar og restaurantar, og vi tek oss god tid til å sjå på folkelivet og utforske bydelen. Kanskje går vi forbi Sorbonne-Universitetet som ligg like ved (sjølve universitetet er stengt for turistar). Dei som vil, kan deretter dra saman med reiseleiaren tilbake til hotellet, eller ein kan bruke meir tid i Latinarkvarteret eller bydelane i nærleiken. 

    Middag på eiga hand, men dei som ønskjer det, kan vere med reiseleiarane til ein koseleg restaurant i gåavstand frå hotellet.
    (F)

  • Dag 3: Fredag 25. oktober - Belleville i Edith Piaf sine fotefar

    Etter ein god frukost på hotellet kan ein enten bli med reiseleiarane ned til hovudgata, Champs-Élysées, og får med oss Eiffeltårnet og Triumfbogen. Ein kan også oppleve byen på eiga hand. Vi anbefaler eit besøk på dei mest kjende musea i Paris, Musée d’Orsay eller Louvre. Det er lurt å kjøpe inngangsbillettar på førehand slik at ein slepp å stå i kø. Elles er det gode mogelegheiter for shopping og byliv.

    Lunsj saman med reiseleiarane for dei som ønskjer det. Etter lunsj møtest vi på hotellet og tek bussen vår til Belleville, der Edith Piaf vart fødd. Her besøkjer vi sentrale stader frå barndommen hennar, blant anna det som blir sagt er Edith sin fødestad, ein trappeoppgang i Rue de Belleville. Vidare skal vi besøkje grava hennar på den kjende gravplassen Pére Lachaise. Vi tek oss god tid her for å sjå på dei vakre gravstadene og minnesmerka. Siste stopp på rundturen er Bar Edith Piaf og statuen av songaren på Place Edith Piaf.

    Etter vandringa i Piaf sine fotefar, er vi klare for eit av høgdepunkta på turen; ein Edith Piaf-kveld vi seint vil gløyme på ein av dei tradisjonsrike barane. Det blir song og musikk rundt middagsborda i det intime lokalet, og etter middag kan vi alle delta i allsongen.
    (F, M)

  • Dag 4: Laurdag 26. oktober - Oppleve Paris

    Denne dagen kan ein oppleve byen på eiga hand eller bli med reiseleiarane. Musée du Louvre er ope også måndagar, for dei som ønskjer å reise på museum. Ei anna anbefaling er å få med seg Le Musée Edith Piaf dersom det er ope denne dagen. Museet er i privat eige og held til i ein liten leilegheit Edith budde i då ho var 18 år gamal.

    Vi avsluttar siste dag med fellesmiddag, og avslutningskonsert frå Herborg med Edith Piaf sine songar.

    Etter middag er det mogeleg, for dei som ønskjer det, å få med seg siste showet på verdskjende Moulin Rouge (kl. 23.00). Vi rår alle til å bestille billettane i god tid på førehand. Ein kan ta kontakt med Fotefar om ein ønskjer hjelp med billettkjøp.
    (F, M)

  • Dag 5: Søndag 27. oktober - Heimreise

    Etter ein god frukost tek vi farvel med Paris for denne gong. Bussen vår hentar oss på hotellet og køyrer oss til Charles De Gaulle-flyplassen. Vi er framme i Oslo og Bergen på ettermiddagen.
    (F)

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
23/10BergenParis625 950,-BestillMer informasjon
23/10OsloParisMeir enn 824 950,-BestillMer informasjon
Reisekalender
10/4Champagne med Merete BøFrå 24 950,-
10/4Champagne med Merete BøFrå 23 950,-
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo