Fly frå Gardermoen til Kairo (tid kjem seinare). Bussen køyrer oss til vårt 4-stjerners hotell i sentrum. Etter innsjekkinga samlar vi oss til velkomstmøte, der vi blir betre kjende med kvarandre og får meir informasjon om den komande reisa.
Dagen startar med ein god frukost på hotellet før vi skal få oppleve Kairo og pyramidane. Først går turen til Det egyptiske museet. Her får vi tid til å fordjupa oss i tusenvis av år med egyptisk historie gjennom ei imponerande mengd gjenstandar frå faraoane si tid. Dette er verdas største samling av oldsaker og mumiar frå det gamle Egypt, der Tutankhamon si gylne maske av 12 kilo gull er ein av dei mest kjende attraksjonane.
Etterpå går turen til Giza-området, 25 kilometer utanfor Kairo, for å oppleve dei storslegne pyramidane. Her finn vi også den kjende Sfinxen i Giza. Felles lunsj denne dagen. Buss tilbake til hotellet seint på ettermiddagen.
Om ettermiddag / tidleg kveld får vi den første forelesninga til Terje Tvedt om rolla og historia til verdas mest kjende elv. Han vil spørja: Kvifor er «Egypt, pyramidenes land» blitt kalla «ei gåve frå Nilen» og kva er det spesielle ved den mest kjende elva på kloden? " Professor Terje Tvedt har forska over 30 år på Nilen. Elva er livsviktig for millionar av mennesker der den renn gjennom 11 land. Men den er også ei kjelde til krig, konflikt og kamp om ressursane. I rekka av forelesingane til Terje Tvedt på denne turen blir vi med på ei fantastisk reise i den mektige elva si historie og notid. Elva har alltid vore i sentrum for storpolitikken. Her har både Tutankhamun, Cæsar, Churchill, Nasser og Bin Laden skapt verdenshistorie, og i framtida kjem kampen om vatnet til å bli enno meir intensiv.
Middag om kvelden for dei som ønskjer å ete med reiseleiarane.
(F, L)
Denne dagen kan du velje om du vil bruke tida på eiga hand i Kairo sentrum eller bli med på dagstur til den historiske byen Alexandria (mogeleg val). Bussen tek oss først til Qaitbay-fortet, som vart bygd på 1500-talet på staden der Fyrtårnet på Faros, eit av verdas sju underverk, ein gang stod. Etterpå besøker vi Bibliotheca Alexandrina, ein moderne rekonstruksjon (teikna av Snøhetta) av det legendariske Alexandriabiblioteket som vart øydelagt i år 391 e.Kr. På ettermiddag får vi sjå Pompeius' søyle, som vitnar om den gamle byen sin stordomstid. Søyla er over 20 meter høg, og den vart sett opp for å heidre keisar Diocletianusi ca. år 300 e.kr. I tillegg skal vi vitje katakombene ved Kom El Shoqafa.
Felles lunsj på ein lokal restaurant I Alexandria for dei som har meldt seg på dagsutflukta.
Om ettermiddagen returnerer vi til Kairo, der det er høve til å kjøpe seg middag saman med reiseleiarane på hotellrestauranten, eller finne seg ein restaurant i nærleiken. Etter middag får vi det andre foredraget av Terje Tvedt «Nilen i myter og religioner».
(F)
Etter ein tidleg frukost (ev. matpakke), tek bussen oss til flyplassen i god tid før avreise til Luxor.
I Luxor hentar bussen oss på flyplassen og tek oss til Karnak, eit monumentalt og 4000 år gamalt tempel-kompleks. Dette området vart rekna som det mest heilage i Egypt i oldtida, og er utruleg å få oppleve med sine gigantiske søyler og store utstrekning.
Etterpå sjekkar vi inn på cruisebåten MS Amwaj Livingstone, som blir heimen vår dei neste dagane. Båten er utstyrt med spa-avdeling og eit stort soldekk med symjebasseng, så her kan vi verkeleg slappe av og kose oss. Vi nyt vår første lunsj om bord før eit nytt foredrag med Terje Tvedt «Nilen som verdens geografiske gåte nummer én».
På ettermiddagen utforskar vi Luxor-tempelet, som vert opplyst når mørket fell på, og er ei stor oppleving å få med seg. Vi kan også anbefale ein rusletur på strandpromenaden, den såkalla «cornichen» som også er ein fin måte å sjå byen og folkelivet.
(F, L, M)
Denne dagen byr på eit mangfald av opplevingar. Tidleg om morgonen får du høve til å delta på ein valfri luftballongtur over Luxor med spektakulær utsikt over det majestetiske landskapet (mogeleg val). Etter denne luftige opplevinga besøker vi Memnon-statuane og Kongenes Dal, faraoane sine imponerande gravkamrar. Her er det heile 63 faraograver.
Etterpå samlar vi oss om bord på cruisebåten for å nyte ein nydeleg lunsj.
På tidleg ettermiddag legg vi frå kai i Luxor og fortset turen opp den sagnomsuste Nilen. Før middag får vi eit nytt foredrag av Terje Tvedt «Fra faraoene tid til det britiske Nil-imperiet».
(F, L, M)
Dagen startar med eit besøk på det storslagne Horus-tempelet i Idfu, eit av dei best bevarte templa i heile Egypt. Dette tempelet, dedikert til falkeguden Horus, imponerer med sine detaljerte skulpturar og komplekse design. (Mogeleg val.)
Etterpå blir det lunsj, medan vi seglar mot Kom Ombo. Vi nyt sola på dekk, og har god tid til å ta inn det særegne landskapet langs Nilen. Utsynet har endra seg lite gjennom historia. Landbruket blir framleis drive etter tradisjonelle metodar, og det er lett å drømme seg tilbake til svundne tider.
Ved framkomst utforskar vi Kom Ombo-tempelet (mogeleg val), eit særeige dobbelttempel dedikert til gudane Sobek og Horus. Tempelet ligg ved krokodilleguden Sobek sitt sakrale kompleks og museet for krokodillemumiane. Det vert også i dag føredrag av Terje Tvedt «Menneskets årtusen lange kamp for å gjøre seg til Nilens behersker».
Å avslutte kvelden med noko godt i glaset på dekk er absolutt å anbefale!
(F, L, M)
Denne dagen kan dei som vil, få høve til å utforske dei majestetiske Abu Simbel-templa (mogeleg val). Vi reiser med buss tidleg om morgonen (avreise ca. 04.00) og bussen køyrer oss gjennom ørkenen til Abu Simbel, som ligg i den sørlege delen av Egypt, nær grensa til Sudan. Turen tek om lag 8 timar. Templa vart hogde ut direkte i fjellet på 1200-talet (f.Kr) og bygde av faraoen Ramses II. Fasaden på det største tempelet består av fire kolossale statuar av faraoen, kvar av dei om lag 20 meter høge. Inne i tempelet finn ein fleire hallar og kammer dekorerte med relieff som skildrar Ramses sine militære sigrar. Det mindre tempelet var ei kjærleiksgåve til dronning Nefertari, Ramses si favorittkone. For dei som heller ønsker å bruke dagen i Aswan, kan ein slappe av på båten, reise inn til det gamle sentrum eller prøve felucca (mogleg val).
Etter lunsj bir det foredrag med Terje Tvedt. Og ettermiddagen byr på fleire valfrie aktivitetar å velja mellom (mogeleg val). Du kan nyte ei avslappande felucca-segltur på Nilen, eller besøke ein nubisk landsby for å læra om lokal kultur. Eller kanskje få tid til å ein nyte ein Afternoon Tea på det historiske Old Cataract Hotel, der både Winston Churchill og Agatha Christie har budd. Spør reiseleiarane om
Kvelden vert avrunda med felles middag.
(F, L, M)
I dag ventar nye eventyr i Aswan. Vi startar dagen med frukost og utsjekk frå båten og tek fatt på dagens utflukter. Vi skal besøker først den storslegne Aswandammen, ein imponerande ingeniørprestasjon som har forma landskapet og liva til folka her på godt og vondt. Deretter tek vi turen til det store steinbrotet, der vi kan læra meir om den intrikate kunsten å forme og skape monumentale obeliskar. Her ligg framleis verdas største obelisk, nesten ferdigstilt. Vi samlast på ein lukal restaurant til lunsj.
Terje Tvedt vil oppsummere reisa vår i eit siste foredrag «Oppsummering av inntrykk og elven som et lands livline og selvsagt sentrum».
Fly til Kairo om kvelden. Buss til hotellet vårt nær flyplassen. Vi avsluttar turen med ein avslutningsmiddag enten på hotellet eller i nærleiken.
(F, L, M)
Etter ein siste felles frukost, er vi klare for avreise. Fly til Gardermoen (flytider og ruter kjem seinare).
(F)
MS Amwaj Livingstone
Avreisedato | Avreisestad | Hotell | Ledige plassar | Frå pris | |
---|---|---|---|---|---|
7/10 | Oslo | Egypt Flyging med Turkish Airlines | Fullbooka, venteliste | 59 950,- | Book på ventelisteMer informasjon |
7/10 | Oslo | Egypt Flyging med British Airways | 1 | 58 750,- | BestillMer informasjon |
7/10 | Stavanger | Egypt Flyging med Turkish Airlines / SAS | Fullbooka, venteliste | 61 950,- | Book på ventelisteMer informasjon |