
22.-30. april 2026.
Winchester – Reading – Bath – Stonehenge – Oxford – Windsor – Stratford-upon-Avon – York – Whitby og Cambridge
Velkomen med på ei reise som tek oss med til mange av byane og områda i England som har forma engelsk historie og kultur! Vi får med oss svært mykje på desse ni dagane – både storslegne slott og katedralar, tradisjonsrike universitetsbyar og pittoreske landskap som gjennom hundreåra har sett sitt preg på både engelsk identitet og europeisk historie.
Vi vitjar mellom anna Oxford og Cambridge, to av verdas mest kjende universitetsbyar, og får oppleve dei unike miljøa som har fostra store tenkjarar, forfattarar og statsleiarar. Vi reiser gjennom Cotswolds, eit av dei vakraste landskapsområda i England, med sine bølgjande åsar og sjarmerande landsbyar. På ferda vår får vi oppleve verdskjende stader som Stonehenge og Blenheim Palace, vandre i fotspora til Shakespeare i Stratford-upon-Avon, og lære meir om vikingar og kongar i historiske York. Vi vitjar også Windsor Castle, ein av dei offisielle residensane til den britiske monarken, og vi ser minnesmerket over Magna Carta i Runnymede, ei påminning om røtene til demokratiet vi kjenner i dag. I tillegg får vi med oss kulissane til tv-seriar som Med hjarte på rette staden og Sjukehuset i Aidensfield.
Med på reisa har vi det kjende journalistekteparet Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen, som losar oss gjennom dagane med spennande foredrag og innsiktsfulle refleksjonar om historia, politikken og samfunnet i dei områda vi vitjar.