
18. - 27. juli 2026
Totalt utvandra det ca. 850 000 personar frå landet vårt. Berre Irland har større utvandring i høve til folketalet, og svært mange nordmenn har slektningar som tok farvel med Norge. Dei fleste slo seg ned i Midtvesten, og på denne spennande turen gjennom dei tre statane Minnesota, Wisconsin og Iowa reiser vi i fotefara til dei norske immigrantane. Vi får oppleve både små og store byar og elles møte både det «norske» og det moderne Amerika. Framfor alt vil vi komme i kontakt med etterkommarar av utvandrarane og oppleve kor sterke dei norske røttene framleis er på den andre sida av havet.
Høgdepunktet på turen vert Nordic Fest i Decorah som varer i tre dagar. I tillegg får vi med oss storbyane Minneapolis og Madison og eit heilt spesielt måltid på Owamni by The Sioux Chef som serverer mat med røter frå Sioux-stammen sine tradisjonelle rettar.
Emigrasjonshistorikaren Rasmus Sunde er fagperson på denne svært innhaldsrike turen. Han er spesialist på utvandringa frå Norge, har doktorgrad på emnet og har solid erfaring som turleiar til Midtvesten med 25 turar dit.