
29. mars - 1. april 2026.
Bli med på ei unik konsertreise til verdskjende La Scala i Milano, som trekkjer til seg både berømte artistar og operaelskarar frå heile verda. «Vår eigen» Leif Ove Andsnes spelar som solist på den ikoniske scena i Teatro alla Scala. Der spelar han saman med Filarmonica della Scala under leiing av den komande sjefdirigenten Myung-Whun Chung – ein av verdas fremste dirigentar, som tek over ved La Scala i 2027.
Arild Erikstad, som òg er ein god ven og samarbeidspartnar med Andsnes gjennom mange år, vil gi oss innsikt i verka og i italiensk musikkliv. Andsnes vil òg dele tankar om sitt forhold til Beethovens klaverkonsertar og livet som ein av verdas mest ettertrakta pianistar.
Milano, Italias kulturelle og historiske metropol, byr på gotiske meisterverk som Duomo di Milano, storslåtte Galleria Vittorio Emanuele II og vakre torg og gater. Byens rike historie og kulturarv er lett å oppdage i dei smale gatene og historiske torga i gamlebyen. Vi vitjar òg Casa Verdi, ein heim for pensjonerte musikarar grunnlagt av Giuseppe Verdi – ein stad som speglar Milanos sterke musikalske tradisjonar.
Arild Erikstad, ein av Noregs fremste formidlarar av klassisk musikk, opera og dans, er din kunnskapsrike guide på denne reisa. Med ei lang karriere i NRK som leiar av Hovedscenen, kommentator for Nyttårskonserten, har han ei unik evne til å formidle musikk.
Sikre deg ein plass på denne eksklusive reisa no!














