Skip to main content

Andre verdskrig og jødisk historie med Guri Hjeltnes

5. - 12. mai 2026.

Warszawa – Treblinka - Łódź - Wrocław - Praha.

Bli med historikar og fagguide Guri Hjeltnes på ei lita reise gjennom europeisk historie, i fotefar etter andre verdskrig, jødisk kultur og historie. Frå Warszawas mektige minnesmerke til dei skjøre spora etter jødiske samfunn i Łódź og Wrocław, og vidare til Praha. Gjennom foredrag og besøk på ulike historiske plassar får du eit unikt innblikk i verdskrigen og den jødiske kulturens rikdom og tragedie. 

Gjennom heile turen får vi oppleve gripande forteljingar frå andre verdskrigen. Polen var det første landet som vart okkupert av Nazi-Tyskland i september 1939, og på denne reisa følgjer vi nokre av dei mange spora frå krigsåra. Vi ser restane av Warszawa-gettoen, vitjar den tidlegare nazistiske tilintetgjeringsleiren, Treblinka.  Vidare vil vi gå i fotspora til jødisk kultur og samfunnsliv som ein gong blømde i Łódź og Wrocław. I Praha utforskar vi korleis jødisk kultur har forma byen gjennom historia, med besøk både på det moderne Kafka-museet og på den gamle jødiske gravlunden. Med innsikter frå lokale ekspertar og personlege forteljingar, får vi ei unik tilnærming til korleis fortida framleis pregar Europa i dag. 

Guri Hjeltnes er er historikar, journalist og ein av Noregs fremste formidlarar av krigshistorie, og vil på denne turen guide oss gjennom ei reise som kombinerer historie og kultur. Ho var i 12 år direktør ved Senter for studiar av Holocaust og livssynsminoriteter (HL-senteret). 

Dette er ei reise som gir rom for både kunnskap, refleksjon og inspirasjon – med sterke historiske inntrykk. 

Søk

Bildegalleri

Viktig informasjon

Dersom du har rørslehemmingar, avklar med oss om denne turen er egna for deg.

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Tysdag 5. mai - Fly til Warszawa

    Reisa startar med avgang frå Oslo til Warszawa på morgonen. Etter ankomst blir det transport til hotellet. Vi set frå oss bagasjen på hotellet, og deretter blir det ein roleg spasertur saman med Guri Hjeltnes som fortel om Polen og Warszawas historie, mens vi vandrer gjennom Łazienki-parken, den største parken i Warszawa der mesteparten av bygningene ble brent ned av nazistene etter Warszawa-oppstanden i 1944.  Her står den store Frédéric Chopin-statuen satt opp i 1926 og også ødelagt under den tyske okkupasjonen av Warszawa.  I dag er omgivnadene fredfulle. Etter vandringa tek vi ein god lunsj på ein lokal restaurant. 

    Vi fortsetter med eit besøk til det jødiske historiske instituttet, der ein mellom anna kan sjå delar av Ringelblum-arkivet, som står på UNESCOs verdsarvliste. Det er eit unikt underjordisk arkiv frå undergrunnsrørsla i Warszawa-gettoen. Vi får ei omvising og lære meir om Warszawa, gettoen og Polens historie. 

    Etter museumsbesøket, sjekkar vi inn på hotellet. Resten av ettermiddagen kan du nytte til å utforske Warszawa, vandre og titte på folkelivet frå ein gatekaféTil dømes kan ein vitja det kulturelt mangfaldige Praga-distriktet, som er kjend for å ha bevart mykje av det originale Warszawa. Her finn du historiske bygningar, gatekunst, og spor etter jødiske samfunn, inkludert synagoger og det jødiske bakeriet. Distriktet har også blitt eit mekka for kunstnarar og hippe kafear. 
     
    Vi avsluttar dagen med felles middag.  
    (L, M) 

    Tysdag 5. mai - Fly til Warszawa
  • Dag 2: Onsdag 6. mai - Utforsking av Warszawa

    Dagen startar med eit foredrag av Guri før vi besøker Polin, det einestående museet over jødane si historie i Polen, som tek oss gjennom 1000 år med jødisk liv og kultur. Utstillinga er ei reise gjennom åtte galleri, rikt på visuelle scener, historiske gjenstandar og rekonstruerte miljø. Polin-museet har vunne fleire internasjonale prisar og gir ei ugløymeleg oppleving. 

    Ved sida av museet finn vi monumentet over Warszawa-opprøret, der Willy Brandt spontant falt ned på kne i 1970.  Her står også ein liten statuen av Jan Karski, diplomaten som prøvde å varsle dei allierte om Holocaust.  

    Etter besøket blir det lunsj på eiga hand og fritid.  

    På ettermiddagen møtast vi for byvandring gjennom Warszawas historiske gamleby, som er på UNESCO si verdsarvliste, og den bevarte muren. Gamlebyen blei nesten heilt øydelagd under andre verdskrigen, men er vakkert gjenoppbygd. På vandringa ser vi ulike andre landemerke. 

    Middag på eiga hand.  
    (F)

    Onsdag 6. mai - Utforsking av Warszawa
  • Dag 3: Torsdag 7. mai - Utflukt til Treblinka, vidare til Łódź

    Vi reiser med buss til Treblinka, ein av dei seks tilintetgjeringsleirane som tyskarane etablerte i det naziokkuperte Polen under Holocaust. Midt i den stille skogen får vi høyre historia om denne lågmelde, men grufulle staden. Mellom 800 og 900 000 jødar ble myrda i leiren. Til Treblinka vart mellom andre jødane frå Warszawa-gettoen sende.  Minnesmerket med mellom anna 17 000 steinar gjev ei sterk påminning om dei ufattelege tragediane som fann stad her. Guri Hjeltnes fortel undervegs om strid og dragkamp om korleis minnesmerke no vert utforma og om korleis historia forteljast i dagens Polen.

    På veg vidare stoppar vi ved stadar med massegraver eller andre historiske minnesmerke før vi køyrer vidare til byen Łódź, der vi sjekkar inn på hotellet. Resten av kvelden er ledig til å vandre rundt eller slappe av på hotellet før middag.
    (F, L, M)

  • Dag 4: Fredag 8. mai - Utforsking av Łódź

    Etter frukost skal vi utforske byen den vakre gamle industribyen Łódź - kjent for sin tekstilindustri og sitt spanande urbane kulturmiljø.

    Det første stoppet er den historiske jødiske gravlunden, som er blant dei vakraste og største i Europa. Gravlunden vart etablert i 1892 etter eit kolerautbrot og har over 180 000 graver. Under den tyske okkupasjonen frå 1939 vart gravlunden ein del av Łódź-gettoen (som nazistane omdøypte til Litzmannstadt). Her finn vi spor etter ei grufull historie, inkludert masseavrettingar og enkle gravmerke av metall og sement, i staden for tradisjonelle steinar. Mellom 1940 og 1944 vart anslagsvis 45 000 offer gravlagt her.

    Vi vitjar togstasjonen Radegast, i dag eit lite museum. Frå denne stasjonen vart under Holocaust jødane frå Litzmannstadt-gettoen sende med tog til tilintetgjeringsleiren Chelmno og andre leire.

    Vi vitjar Marek Edelman Dialogue Center, som har både faste og midlertidige utstillingar. Her samlast gruppa for å lære meir om Marek Edelman og Jan Karski – to viktige motstandskjemparar.  Jan Karski, som var fødd i Łódź gjekk friviljug inn i Warszawa-gettoen og andre leire for å få god kunnskap om forholda og lidingane som pågjekk – deretter forsøkte han å varsle de allierte om den pågåande forbrytinga . Frå senteret går vi opp til Jan Karski Memorial Mound, med statuen av den modige diplomaten på toppen. .

    Resten av dagen kan du nytte til å utforske Łódź. Dette er ei by som balanserer mellom fortid og notid. Med sine historiske bygningar, fargerike kulturarrangement og moderne uttrykk, gir byen oss ein unik innsikt i korleis gamalt og nytt kan smelte saman.

    På kvelden blir det middag med gruppa.
    (F, L, M)

    Fredag 8. mai - Utforsking av Łódź
  • Dag 5: Lørdag 9. mai - Frå Lodz til Wroclaw

    For morgonfuglane anbefalast ein spasertur rundt det gamle industriområdet Księży Młyn eller å gå i Piorkowska gata. Etter ein god frukost køyrer me til Wrocław , også kjend som byen med dei 100 bruene. Byen er ein av dei mest fascinerande historiske byane i Europa. Wrocław er kjend for sitt rike kulturliv, sitt universitet,  sin praktfulle arkitektur i ei spennande blanding av gamalt og nytt.

    Etter ankomst utforskar vi denne sjarmerande byen med sitt middelalderpreg og dei mange små dvergskulpturane som er spreidde rundt i bygatene. I Wrocław står den nyrestaurerte White Stork Synagogue, eit levande minne om den jødiske historia i byen. Synagogen vart gjenreist frå ruinane av den norskfødde Bente Kahan, dotter av Holocaust-overlevande Herman Kahan, og hennar ektemann Aleksander Gleichgewicht, ein tidlegare dissident som flykta til Noreg. Etter at dei flytta attende til Polen og Wrocław  har dei arbeidd med å ta hand om byens jødiske arv.  Ikkje berre redda og gjenreiste dei synagogen, men dei har fått gjort utgravingar på to andre og driver i dag mange prosjekt bl a for polske lærere.  Dei skapte eit levande kultursenter som rommar interaktive utstillingar, konsertar og forteljingar om jødisk kultur. Gjennom personlege historiar og levande forteljingar , får vi eit unikt innblikk i både den jødiske arven og dagens Polen.

    Vidare kan du utforske ein av dei eldste byane i Polen, der du vil oppleve den unike atmosfæren i gamlebyen, kjend for sine fargerike husfasadar, historiske katedralar og kanalar som gir byen tilnamnet “Polens Venezia”. Ein kan besøke Rynek, den storslagne marknadsplassen som er hjartet av byen, og vandre gjennom smale gater fulle av historie.

    Vi avsluttar dagen med felles middag.
    (F, M)

    Lørdag 9. mai - Frå Lodz til Wroclaw
  • Dag 6: Søndag 10. mai - Vidare til Praha

    Etter ein god frukost vitjar vi White Stork Synagogue.  

    Deretter byrjar køyreetappen til Praha. På vegen tek vi turen innom den tidlegare konsentrasjonsleiren i Rogoźnica, Gross-Rosen, der det også sat fangar frå Noreg. Vidare køyrer me til Swidnica, der vi vil besøke Fredskyrkja som står oppført på UNESCOs verdsarvliste. Undervegs på bussturen fortel Guri om den kompliserte historia til Austerrike, og viktige personar og andre jødiske spor frå europeisk kultur. 

    Vel framme i Praha på ettermiddagen, sjekkar me inn på hotellet. Resten av ettermiddagen og kvelden står til fri disposisjon, der ein gjerne kan utforske byen, og det vert middag på eiga hand.  
    (F, L) 

  • Dag 7: Måndag 11. mai - Utforsking av Praha

    Etter frukost skal vi bli betre kjent med Praha. Vi startar guidinga i hjartet av gamlebyen, i Josefov, der vi vil få kunnskap om Praha sin jødiske historie. Vi besøker Starnová Synagogen, som er ein av dei eldste framleis aktive synagogene i Europa, med opphav heit tilbake til seint 1200-talet.  
    Vidare går turen gjennom den historiske jødiske gravplassen, ein særeigen vakker plass med stein på stein. Gjennom 300 år blei 100 000 jødar gravlagde her, ukjende og kjende,  som Rabbi Loew.  
    Fleire synagoger i gamlebyen er i dag ogjort til museum. Maisel, The Pinkas og The Spanish Synagogue er nokre av desse.  
    Til slutt  Krysser vi elva Vlatava (Moldau) og vitjar vi det moderne og spanande museet over Franz Kafka.  
     
    Etter guidinga vert det fritid, og ein må gjerne utforske byen endå meir. Det er ein fin tur å gå opp til Praha slott og alle dei mange severdigheitane der oppe, med ei praktfull utsikt over Praha.   

    Om kvelden samlast vi til avslutningsmiddag der vi kan dele inntrykk frå turen og nyte god mat i godt selskap. 
    (F, M)

    Måndag 11. mai - Utforsking av Praha
  • Dag 8: Tysdag 12. mai - Heimreise frå Praha

    Etter ein tidleg frukost tek vi farvel med Praha for denne gongen. Bussen vår hentar oss på hotellet og køyrer oss attende til flyplassen. 
    (F)  

Kart

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
5/5OsloWarszawaMeir enn 824 950,-BestillMer informasjon
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo