Skip to main content

Andrea Bocelli i heimbyen Lajatico

13. - 17. juli 2024.

Grøne åssider, vakre landsbyar og gode smakar kjenneteiknar Toscana. Kvart år inviterer den verdskjende tenoren og operasongaren Andrea Bocelli til utandørs operakonsert i heimbyen sin Lajatico. 2024 er også året då Bocelli feirar 30 år som artist, og vi har sikra oss billettar til denne store hendinga. Fotefar gjentek suksessen frå 2023, og inviterer deg til å dele denne fantastiske flotte musikalske opplevinga med oss.

På turen skal vi bu i byen Montecatini Terme, som ligg midt mellom Firenze og Pisa. Byen har eit spennande sentrum med mange kaféar og butikkar. I tillegg er Montecatini Terme berømt for kurbad og er rekna som den mest kjende av spa-byane i Toscana. I tillegg er byen rekna som eit senter for art nouveau-arkitektur, ein stil vi kjenner som Jugendstil. Som elles i Toscana er det kort veg til dei som dyrkar mat, og vi vil på denne turen få smake på ekte toskanske matrettar med lang historie i regionen.

I tillegg til konserten med Bocelli får du høve til å oppleve renessansebyen Firenze, og vi skal besøke ein spennande vingard som ligg vakkert til i det toscanske landskapet.

 

 

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Laurdag 13. juli - Velkommen til Montecatini Terme

    Avreise frå Gardermoen om ettermiddagen med direktefly til Pisa. Derifrå køyrer vi i retning Montecatini Terme, som ligg i provinsen Pistoia i Toscana. Byen har om lag 20 000 innbyggarar.

    Avreise frå Gardermoen om ettermiddagen med direktefly til Pisa. Derifrå køyrer vi i retning Montecatini Terme, som ligg i provinsen Pistoia i Toscana. Byen har om lag 20 000 innbyggarar.

    Framme i Montecatini Terme sjekkar vi inn på det 4-stjernes hotellet vårt. Hotellet har eigen restaurant, bar og eit symjebasseng. Dei som ønsker det kan bli med reiseleiar ut ein rusletur i nærområdet til hotellet for å finne seg litt mat og noko godt i glaset.

  • Dag 2: Søndag 14. juli - Montecatini Terme og Firenze

    Etter ein god frukost står ein fritt til å bruke tida i Montecatini Terme eller ein kan bli med reiseleiar på ei utflukt til Firenze (mogleg val, mot tillegg i pris).

    Firenze er den største renessanse- og kunstbyen i Italia, og her vert vi møtt av ein skandinavisktalande guide for ei byvandring. Byen har mange flotte bygningar og elva Arno renn gjennom byen. På vandreturen skal vi blant anna få sjå den praktfulle katedralen Santa Maria del Fiore, lokalt kalla Il Duomo. Vi skal også innom den unike og vakre Basilica di Santa Croce, der blant anna Michelangelo ligg gravlagd. Firenze er ein koseleg by å spasere rundt i, og vi skal sjølvsagt gå over brua Ponte Vecchio. Vi avsluttar vandreturen med lunsj på ein hyggeleg restaurant.

    Etter lunsj er det tid på eiga hand. Då er det mogeleg å besøke Uffizi, eit av dei eldste og største kunstgalleria i verda. Her er det måleri og skulpturar frå mange store kunstnarar, blant anna frå Raffaello, Michelangelo og Caravaggio.

    Elles har Firenze eit yrande gateliv og ein stor marknad, særleg med skinnvarer. Dei som ønsker det, kan gå saman med reiseleiar. På ettermiddagen køyrer vi tilbake til Montecatini Terme. Pris på utflukta til Firenze er kr. 1595,- pr. person inkl. lunsj.

    Felles middag om kvelden.
    (F, M)

  • Dag 3: Måndag 15. juli - Vandretur i Montecatini Terme og Andrea Bocelli-konsert

    Etter ein god frukost kan dei som vil, bli med reiseleiar og ein lokal guide på ein vandretur for å bli kjende med byen. Vi skal rusle gjennom den gamle delen av byen med dei flotte bygningane og parken Parco delle Terme. I denne delen av byen ligg også den vakre og moderne kyrkja Basilica Santa Maria Assunta, bygd i 1953. Vi avsluttar vandringa med ein felles lunsj.

    Frå Montecatini Terme kan ein også nå nabobyen Montecatini Alto, «fjellandsbyen» med kabelbana «Funiculare».

    Om ettermiddagen er det tid for å gjere oss klare for kvelden med konsertopplevinga i Lajatico. Vi dreg frå Montecatini Terme i god tid før konserten som byrjar kl. 21.30 på berømte Teatro del Silencio. Konserten varer til midnatt, og vi er tilbake til hotellet ute i dei små nattetimane.

    Arrangøren tek atterhald om veret og konserten kan bli flytta til den 16. juli i tilfelle uver. Arrangøren refunderer ikkje billettane om konserten vert avlyst.
    (F, L)

  • Dag 4: Tysdag 16. juli - Utflukt med vingardsbesøk

    Fulle av inntrykk etter opplevingane i går, har vi i dag sett av litt ekstra god tid til frukosten. Deretter blir vi henta med buss for utflukt med omvising på ein lokal vingard. I vakkert toskansk landskap blir vi møtt av vertskapet for omvising, lunsj og vinsmaking.

    Tilbake i Montecatini Terme har vi ettermiddagen til fri disposisjon. Reiseleiar kjem gjerne med tips til aktivitetar her.

    Om ein vil oppleve andre tettstader rundt Montecatini Terme, kan mellomalderbyen Lucca vere eit godt alternativ. I byen finn vi eit koseleg sentrum med innbydande spesialforretningar, trattoria og kafear tett i tett. Er du ute etter shopping, finn du også her eit godt utval av ulike butikkar. Sentrum i Lucca er omkransa av ein 4,2 km lang bymur. Ein populær aktivitet her er å leige seg ein sykkel for å oppleve byen medan ein syklar rundt på muren. Bymuren er ein av dei best verna bymurene i Toscana.

    Middag denne kvelden er på eiga hand. Reiseleiar kjem gjerne med gode forslag.
    (F, L)

  • Dag 5: Onsdag 17. juli - Heimreisedag

    Etter ein god og lang frukost, nyt vi dei siste timane på hotellet vårt før vi sjekkar ut og reiser inn til handelsbyen Pisa. Pisa er verdskjend for Det skeive tårnet og ligg ved elva Arno. I Pisa kan du vandre i gamlebyen, besøke museum og sjølvsagt kikke på Det skeive tårnet. Den vakre katedralen Duomo di Pisa bør også nemnast. Vi får litt tid  på eiga hand før bussen tek oss til flyplassen for turen heim. Direktefly til Oslo.
    (F)

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
13/7OsloToscana Italia123 950,-BestillMer informasjon
13/7Hotellet i Montecatini TermeToscana Italia
Utan fly
217 550,-BestillMer informasjon
Reisekalender
22/5Beatles-tur til LiverpoolFrå 20 950,-
22/5Beatles-tur til LiverpoolFrå 18 950,-
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo