Skip to main content

Med Rasmus Sunde i utvandrarane sine fotefar i Midtvesten

21. - 30. Juli 2024

Har du drøymt om å besøkje Amerika? Bli med på ein rundtur på prærien og opplev det ekte USA. På denne turen gjennom tre statar i Midtvesten reiser vi i fotefara til dei norske immigrantane. Vi får oppleve store og små byar både i Minnesota, Wisconsin og Iowa og vil dessutan møte både det «norske» og det moderne Amerika.

Høgdepunktet på turen vert Nordic Fest i Decorah. Emigrasjonshistorikaren Rasmus Sunde er ansvarleg for denne spennande turen. Han er spesialist på utvandringa frå Norge, har doktorgrad på emnet og har solid erfaring som turleiar til Midtvesten med 22 turar dit. I tillegg har han med seg ein reiseleiar frå Fotefar temareiser.

Søk

Dagsprogram

  • MED FORBEHALD OM LEDIGE FLYBILLETTAR

    Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Søndag 21. juli – Avreise til Minneapolis og guiding

    Avreise frå Bergen og Oslo om morgonen via Amsterdam. Mogeleg å reise frå andre byar på førespurnad. På grunn av tidsforskjellen er framme i Minneapolis same føremiddag.

    Bussen vår køyrer oss den korte vegen frå flyplassen til hotellet vårt. Etter ein lunsj blir det sightseeing i tvillingbyane Minneapolis. Desse byane dannar eit samla byområde med 2,5 millionar innbyggjarar, og dei fleste har skandinaviske eller tyske røter. Dennis Gimmestad med slekt frå Nordfjord vil vere guiden vår denne dagen saman med Rasmus Sunde.

    Vi køyrer først Luther Seminary som er ein utdanningsinstitusjon for prestar og grunnlagd av norske immigrantar. Her ser vi på Loen-krossen før vi går til Muskego kyrkja der Rasmus orienterer. Denne kyrkja er bygd i 1844 og er den eldste norske immigrantkyrkja i Amerika.

    Deretter held Dennis fram med guidinga i storbyen, og vi får blant anna sjå nærmare på Mississippi-elva med fossar og sluser. Vi besøkjer også det verdskjende Guthrie Theatre.

    Til slutt får vi med oss middagscruiset på Mississippi med hjulbåt som varer i to timar. Dette er ei stor oppleving og ei fin avslutning på denne første dagen i Amerika.
    Vi er tilbake til hotellet om kvelden.
    (M)

  • Dag 2: Måndag 22. juli - Norskedalen, Westby og Madison

    Etter frukost startar vi bussturen og køyrer til La Crosse og vidare til Norskedalen, som har eit svært interessant ute- og innandørsmuseum. Deretter stoppar vi i den «norske» byen Westby og får servert lunsj på Westby Historical Society. Her møter vi eldre folk som enno snakkar norsk. I Westby feirar dei 17. mai i heile tre dagar! Til slutt denne dagen når vi fram til Madison som er «hovudstaden» i Wisconsin med ca. 200 000 innbyggjarar. Etter vår meining er dette den vakraste byen i Midtvesten.

    Vi sjekkar inn på hotellet vårt, som ligg heilt sentralt i byen. Der skal vi bu i tre netter. Etter innsjekking får vi servert hamburgermiddag på hotellet. Etterpå kan dei som ønskjer det, vere med reiseleiarane på ein liten tur «på byen».
    (F, L, M)

  • Dag 3: Tysdag 23. juli – Slektsgransking, Stoughton, Livsreise og Sons of Norway

    Etter frukosten går vi den korte vegen til Norwegian Genealogical Center som er den største institusjonen for norsk slektsgransking i USA. Her blir det orientering om senteret sitt arbeid. Vi gir oss god tid på senteret, og dei som er spesielt interesserte i slektsgransking, kan sjølvsagt nytte meir tid der om onsdag.

    Etter besøket der køyrer bussen oss gjennom gamle norske settlement til den «norske» småbyen Stoughton som ligg litt søraust for Madison. Her feirar dei også 17. mai tre dagar. Vel framme i byen er det tid for lunsj på eiga hand før vi får omvising i det berømte opera-huset i byen. Deretter besøkjer vi Norwegian Heritage Center som blir kalla Livsreise. Museet fortel historia til dei norske immigrantane som slo seg ned i Wisconsin. Dette tek rundt ein time. Vi har så noko tid på eiga hand før vi møter Sons of Norway-medlemmer til middag og fellesprogram med dans til slutt. Retur til Madison med bussen vår utpå kvelden.
    (F, M)

  • Dag 4: Onsdag 24. juli – Capitol-bygningen, Monona Terrace og State Street

    Om morgonen ruslar vi den korte vegen over gata til den vakre og mektige Capitol-bygningen (hovudstatsbygningen i Wisconsin), og her får vi omvising. På plassen framfor Capitol-bygningen står ein statue av den legendariske norske offiseren i borgarkrigen, oberst Hans Christian Heg, og Rasmus fortel om livet hans.

    På vegen vidare kikkar vi på Monona Terrace. Dette bygningskomplekset vart teikna av den verdskjende arkitekten Frank Lloyd Wright. Vi ruslar vidare saman med reiseleiarane ned hovudgata State Street til det flotte universitetsområdet. Her kan vi sitje ute ved innsjøen Lake Mendota, sjå på folkelivet og kosa oss. Det er tid for lunsj på eiga hand, og vi vil føreslå universitetskantina i Memorial Union Terrace.

    Ettermiddagen til fri disposisjon. Kvar onsdagskveld kl. 19.00 i juni og juli er det ein stor, gratis utekonsert ved Capitol-bygningen med Wisconsin Chamber Orchestra. Desse konsertane samlar tusenvis av tilhøyrarar og må berre opplevast. Folk tek med seg campingstolar og bord og kosar seg med medbrakt mat og drikke, men vi kan kjøpe det vi treng frå dei mange salsbuene.
    (F)

  • Dag 5: Torsdag 25. juli – Cabela, Ferryville og Decorah

    Denne dagen skal vi køyre til Decorah og ha nokre stopp undervegs. Difor startar vi frå hotellet kl. 08.00, og første stopp er på Cabela i byen Prairie du Chien. Dette er ei av verdas største sportsforretningskjede. Deretter går turen til Ferryville i Crawford County. I dette området slo mange norske emigrantar seg ned. I Utica Church møter vi fleire av norsk ætt, og her blir det lunsj med song og musikkinnslag. 

    Vi reknar med å vere framme i Decorah i Iowa utpå ettermiddagen. Denne byen har ca. 8.000 innbyggjarar og er ein av dei mest «norske» byane i heile USA. Vi tek inn på hotellet vårt der vi skal bu i to netter.

    Etter litt avslapping køyrer bussen oss til sentrum av Decorah (ca. 2 km), og vi vert med på opninga av Nordic Fest ved Town Hall. Dette er ein storslegen festival som varer i tre dagar og har eit utruleg variert program. Bussen vår køyrer oss frå hotellet til sentrum og tilbake fleire gonger både fredag og laurdag.
    (F, L)

  • Dag 6: Fredag 26. juli – Decorah og Nordic Fest

    Etter frukost tek bussen vår oss til sentrum, eller vi kan spasere dit. Alle bør ta seg tid til å sjå det norske Vestrheim-museet som er det største etniske museet i USA. Turdeltakarane har dagen til fri disposisjon for å vere med på dei mange aktivitetane under Nordic Fest og elles rusle rundt i den trivelege byen. Heile dagen er byen full av musikk, underhaldning og ulike aktivitetar med eit yrande folkeliv.

    Om kvelden samlast turgruppa til ein frivillig fellesmiddag på ein flott restaurant med ein utsøkt middag.  
    (F)

  • Dag 7: Laurdag 27. juli – Elveløpet, stor parade og møte med etterkommarar av emigrantane

    Tidleg om morgonen kan dei spreke og morgonfriske delta på eit stort mosjonsløp, det såkalla Elveløpet, der vi kan både gå og springe på tid. Nær tusen personar stiller til start, og mange av deltakarane våre bruker å delta. Få med deg denne opplevinga!

    Deretter er det ein stor parade i hovudgata. Dette er høgdepunktet under Nordic Fest og samlar mykje folk. Totalt reknar ein med at om lag 30.000 personar vitjar Decorah desse dagane.

    Tidleg om ettermiddagen er det avreise frå Decorah vestover i Iowa til Emmet County og den vesle byen Wallingford. Der møter ei stor familiegruppe etter norske emigrantar som kom til dette området. Folka her held fast på tradisjonane, og den store slekta kjem ofte saman for å dyrke fellesskapet. Dei har også bygd opp eit museum på farmen til ein av dei aller første frå landet vårt som slo seg ned her. Det er stor stas for dei å få besøk frå gamlelandet. Folka førebur ymse program som besøk på museet Brugjeld Peterson Historic Farmstead og ein festmiddag med gruppa vår og dei fastbuande. Dette blir veldig spennande!

    Vi overnattar på eit hotell i byen Albert Lea.
    (F, M)

  • Dag 8: Søndag 28. juli – Albert Lea, Sognedalen, Northfield og St. Olaf College

    Denne morgonen startar vi kl. 08.00 og køyrer til Goodhue County i Minnesota, der så mange nordmenn slo seg ned. På veg dit møter vi gjerne på Amishfolk langs vegen. Dette er ei streng religiøs gruppe som utvandra frå Sveits og Tyskland på 1700-talet. Dei lever svært enkelt utan moderne hjelpemiddel. Vi køyrer nordover forbi Rochester og gjennom Sognedalen til Urland Church. Her blir vi med på gudsteneste med kyrkjekaffi i den vakre kyrkja. Vi går rundt på gravplassen og kikkar på alle dei norske namna.

    Bussen køyrer oss så til den vakre byen Northfield og til det kjende colleget St. Olaf der det blir felles lunsj. Vi får omvising på skulen og får møte professor Odd Lovoll. Han er fødd på Sunnmøre, men har budd storparten av livet sitt i USA. Han er den personen som har skreve aller mest om den norske utvandringa til Amerika, og han vil i samtale med Rasmus fortelje frå livet sitt og om forfattarskapen sin.

    Vi sjekkar inn på hotellet vårt Fairfield Inn and Suites by Marriot Northfield. Ettermiddagen til eigen disposisjon i Northfield. Byen har mange små, trivelege butikkar og fleire galleri og museum. Vi slappar av og kosar oss i småbyen denne ettermiddagen.

    Om kvelden kl. 19.30 blir det fellesmiddag på Northfield VFW Club for dei som vil bli med. Her kosar vi oss, og deltakarane blir oppfordra å komme med ymse innslag. Pris for middagen 15 dollar
    (F,L)

  • Dag 9: Måndag 29. juli - Guiding i St. Paul, besøk på Mall of America og heimreise

    Etter frukost køyrer vi først til St. Paul til den storslegne og flotte Capitol-bygningen der Rasmus guidar og fortel. I framgrunnen står det ein statue av Knute Nelson frå Voss. Han er den immigranten frå Norge som har nådd lengst i politikken i USA, først som guvernør i Minnesota og i mange år som senator i Washington. Statuen er sett opp av Minnesota i takksemd for innsatsen hans for staten. Rasmus fortel om det eventyrlege livet hans. Vi stoppar også opp ved den store statuen av Leiv Eriksson.

    Deretter tek vi bussen oss til Mall of America, som er eitt av verdas største butikksenter. For dei som ikkje likar så godt å handle, finst det elles mykje å oppleve i senteret. Det er også tid for lunsj, og her kan vi velje blant mange ulike serveringsstader.

    Avreise med KLM frå Minneapolis tidleg om kvelden.
    (F)

  • Dag 10: Tysdag 30. juli Heime i Norge

    Mellomlanding i Amsterdam og framme i Oslo, Bergen og andre byar i Norge ut på ettermiddagen.

Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo