Skip to main content

Fantastiske Færøyane med Dag Lindebjerg

27. april - 4. mai 2022.

Eit besøk til Færøyane er ei fantastisk oppleving. Bli med TV-profil og Vesterled-entusiast Dag Lindebjerg på ein tur til våre naboar i vest. Dag er journalist frå Bergen og er kjend som sportskommentator i NRK. I tillegg har han i mange år vore programleiar både i radio og TV for fleire ulike seriar. Etter serien han laga frå Vesterhavsøyane, ville han gjerne tilbake til øyane. Han vart reiseleiar, og mange har hatt glede av å vere med han på kjekke turar. No kan det vere din tur! Med sin engasjerande formidlarstil deler Dag raust av sine store kunnskapar om geografien, historia og folket. 

Den storslegne naturen på Færøyane er ei av årsakene til at National Geographic tidlegare har kåra Færøyane til det beste reisemålet av alle øyar i verda. Landet med knapt 50 000 innbyggjarar har også meir enn særeigen natur å by på. Folka på Færøyane er opne og hyggelege, og dei har ei spennande historie og eit rikt kulturliv.

Historia til Færøyane er sterkt knytt til Noreg, då det lenge var ein del av Norgesvelde. Vår eigen Kong Sverre voks opp her, og vi skal blant anna besøkje garden han kom ifrå, Kirkjubøur. Færøyane som består av 18 øyar er «toppen» av ei undersjøisk fjellkjede. Slettatindur med sine 880 m.o.h. er det høgste av fjella og eit av turmåla våre denne veka. Vi skal også vitje små bygder som Gjogv, Gasadalur og Gøta, og vi skal bli kjende med den spennande hovudstaden Tórshavn.

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Onsdag 27. april - Avreise til Færøyane og Tórshavn

    Fly både frå Oslo og Bergen til Vága flóghavn på Færøyane. Når vi er framme, køyrer bussen oss gjennom eit vakkert landskap, og Dag Lindebjerg fortel om historia og samfunnet til dette fascinerande øysamfunnet. Framme i Tórshavn sjekkar vi inn på hotellet, og dei som ønsker det, kan bli med Dag på ein vandretur i området rundt hotellet.

    Om kvelden blir det felles middag på hotellet for å bli betre kjende med kvarandre.
    (M)

  • Dag 2: Torsdag 28. april - Gjógv og Slettarutindur

    Etter frukost pakkar vi tursekken for ein dag, der dei som vil, kan bli med på fjelltur. Vi startar dagen med ein ugløymande busstur i det fantastiske landskapet, før dei som vil, kan bli med Dag Lindebjerg opp til Slættaratindur (om veret tillét det). Slettaratindur er det høgste fjellet på Færøyane med sine 880 meter over havet. Om nokon ikkje vil går heile turen, vil det vere høve til å snu undervegs.

    For dei som ikkje er med på fjelltur, vil bussen køyre dei ned til bygda Gjógv. Her er små hus, hagar og det koselege hotellet Gjáargarður. Det har både eit lite utsal med suvenirar og ein kafé. I Gjogv finn vi også ei heilt spesiell naturhamn. Bygda Gjógv har Atlanteren som nærmaste nabo i aust og Svalbard som nærmaste nabo i nord.

    På ettermiddag køyrer vi mot Torshavn igjen gjennom fleire vakre bygder. Ei av bygdene vi passerer denne dagen er Funningur, bygda der vikingane først kom i land og slo seg ned.

    Middag på eiga hand. Reiseleiarane hjelper til med å finne gode restaurantar.
    (F)

  • Dag 3: Fredag 29. april - Sørvagur og Gásadalur

    I dag går turen til «flyplassøya» Vagar. Vi skal blant anna vitje den vesle bygda Sørvagur. Vidare går turen utom bygda Gásadalur med den ikoniske fossen mange har sett på bilete frå Færøyane. Og om veret tillèt det, vil vi også sjå Tindholmen som ligg vakkert til ute i havet. Denne dagen har vi med oss lunsjpakke.

    Tilbake i Torshavn vil det framleis vere tid att av ettermiddagen til å få utforske byen litt  på eiga hand.

    Middag på eiga hand. Reiseleiarane hjelper til med å finne gode restaurantar.
    (F, L)

  • Dag 4: Laurdag 30. april – Torshavn

    Etter frukost tek vi turen ned til gamlebyen i Torshavn. Dag Lindebjerg guidar oss rundt og gjer oss betre kjende i byen. Den gamle delen av Torshavn med sine mange trehus er veldig flott. Vi skal blant anna ut til Tinganes, staden som har namnet sitt frå Lagtinget som vart etablert på halvøya i vikingtida. Den første norske busetnaden hadde sitt første ting i 825. Ytst på halvøya ligg også Skansapakkhusið, hovudbygningen til regjeringa på Færøyane. Den vakre kvitkalka Domkirkjan ligg også i den eldre delen av Torshavn.

    Det blir lunsj på eiga hand, og ettermiddag til fri disposisjon. Reiseleiarane kjem gjerne med tips.

    Middag på eiga hand. Reiseleiar hjelper til med å bestille bord på førehand.
    (F)

  • Dag 5: Søndag 1. mai - Koltur, Hestur og Kirkjubøur

    Første delen av dagen har eit frivilleg tilbod, og vi blir henta med buss som køyrer oss til Gamlarett. Her skal vi i RIB-båtar som vil frakte oss over til den vesle øya Koltur. Dette namnet betyr folen. Dag Lindebjerg er spesielt oppglødd over denne øya, med sitt urørte kulturlandskap. Ute på øya får vi sjå oss rundt i dei gamle gardshusa, og om veret tillet det, blir det ein fjelltur. Det vert også RIB- tur rundt øya Hestur, den litt større naboøya. 

    Båtturen endar på storgarden Kirkjubøur, der vi møter resten av gruppa for omvising. På Kirkjubøur får vi lokal guiding av sjølve «kongsbonden» Jóannes Patursson. Kongsgarden har høyrt til same familien i 17 generasjonar. Kirkjubøur er det kulturelle og åndelege sentrum på Færøyane. Det var bispesete frå tidleg på 1100-talet, og her var det vår eigen kong Sverre voks opp og gjekk på presteskule. Vi får sjå ruinen (Mủrurin) av Magnus-katedralen og elles Ólavskirkjan som skriv seg frå år 1111. Denne kyrkja er framleis i bruk. Vi kikkar også på den 900 år gamle Røykstovan, der tømmeret skal ha komme frå Kaupanger i Sogn.

    Det blir lunsj på denne turen.

    På kvelden vert det middag på eiga hand. Reiseleiarane hjelper til med å bestille bord på førehand.
    (F, L)

  • Dag 6: Måndag 2. mai – Torshavn

    Etter frukost kan dei som vil, bli med Dag Lindebjerg opp til Nordens Hus (billettar til utstillingar eller anna inne på Nordens Hus er ikkje inkludert i turprisen).

    Nordens Hus er ein bygning med fokus på nordisk musikk, kunst og litteratur. Sjølve huset er også verdt litt merksemd. Det er designa med både norsk granitt, finske møblar og svensk treverk for å nemne noko.

    I dag tek også Dag med seg dei som vil på ein liten trimtur i sentrumsnært terreng. 

    Elles er det berre å nyte fasilitetar på hotellet og alt det Torshavn har å by på.

    Lunsj på eiga hand denne dagen. Reiseleiar kjem gjerne med tips.
    Middag på eiga hand. Reiseleiar hjelper til med å bestille bord på førehand.
    (F)


  • Dag 7: Tysdag 3. mai - Vidareidi og Klaksvik, Gøta

    Ny dag og ny busstur nordover igjen. Vi køyrer forbi bygda Gøta, over til øya Bordøy, gjennom byen Klaksvik og over til øya Vidøy. Dagens fjelltur er på Villingadalsfjellet. Dette er ein tur i lettare terreng og med høve til å snu før ein når toppen.

    Denne dagen har vi med oss lunsjpakke.

    På veg tilbake til Torshavn vert det mellom anna stopp i Gøta, der vi vitjar Gøtu Kirkja  og får sjå dei imponerande glasutsmykkingane av Tróndur Patursson.  

    Avslutningsmiddag på hotellet vårt. Vi kosar oss med gode historier og oppfordrar deltakarane til å kome med innslag.
    (F, L, M)

  • Dag 8: Onsdag 4. mai - Heimreise

    Dette er dagen for heimreisa. Bussen vår køyrer oss til flyplassen. Fly til Bergen og Oslo.
    (F)

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
27/4BergenFærøyane717 950,-BestillMer informasjon
27/4OsloFærøyaneMeir enn 817 950,-BestillMer informasjon
Reisekalender
12/2Vandretur på Gran CanariaFrå 17 950,-
12/2Vandretur på Gran CanariaFrå 17 950,-
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00 og 13.00 til 14.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo