Skip to main content

Cruise i Austersjøen med Gunnstein Akselberg

21. - 27. juni 2024.

Har du som mange andre drøymt om å reise til Bornholm eller Gotland i Austersjøen? No har du sjansen til å oppleve desse to attraktive øyane på dette cruiset, der du i tillegg får med deg “kongens by” København, idylliske Warnemünde i Tyskland, vakre Gdynia i Polen og til slutt den fantastiske innseglinga i skjergarden til Stockholm.

Vi reiser med det store, majestetiske skipet MSC Poesia med “all inclusive”. Det er tre måltid og drikke inkludert i fleire à la carte- og buffetrestaurantar, i tillegg til dei mange barane. Her er det fleire alternativ når det gjeld lugarar – alt frå både inn- og utvendige, til balkonglugarar eller suitar. Elles har skipet alt ein kan ønske seg av aktivitetar, frå fleire symjebasseng og treningsfasilitetar til spa-avdeling med meir.

Fotefar har sikra seg plassar om bord på denne spennande turen. Vi er svært glade for å ha med professor Gunnstein Akselberg som kåsør. Han er professor emeritus i nordisk språkvitskap og er mest kjend frå programmet «Eides språksjov» på . Han held kåseri om emne innan språk, kultur og historie som er relaterte til området vi besøker. Elles kan ein også melde seg på ulike utflukter i regi av reiarlaget i alle hamnane undervegs på turen, mot tillegg i prisen.

 

 

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Fredag 21. juni - Avreise frå Oslo om ettermiddagen

    Om du ikkje har vore så mykje i hovudstaden vår, bør du nytte denne dagen til å få med deg dei store attraksjonane rundt hamna. Vi kan føreslå eit besøk på Akershus festning for å utforske både ny og gamal historie. Elles er det verdt å ta ein tur på taket til operabygget og nyte utsikta derifrå. Har du endå meir tid til rådvelde, bør du også få med deg Munch-museet og gjerne det nye, flotte Nasjonalmuseet. Det er mogeleg å melde seg på utflukter i regi av reiarlaget (mot tillegg i prisen) allereie denne dagen, for å oppleve ulike delar av byen.

    Om ettermiddagen sjekkar vi inn på MSC Poesia og får tildelt lugarar. Vi blir litt kjende med skipet før avreisa kl. 16.00. Like etterpå møtest deltakarane frå Fotefar i konferansesalen og får informasjon om turen og det første kåseriet av Gunnstein. Deretter blir det middag og underhaldning om bord.
    (M)

  • Dag 2: Laurdag 22. juni - “Kongens by” - København

    Vi har nok ete ein god frukost når vi kl. 09:00 legg til kai i København. Då kan det vere ypparleg å ta ein roleg gåtur i sentrum av byen for å suge inn atmosfæren her. Kva med å spasere langs Strøget og elles kikke på Amalienborg slott. Kanskje du har lyst å besøke det berømte Tivoli med den eksotiske hagen og alle dei fantasifulle bygningane?  Reiarlaget tilbyr ulike utflukter mot tillegg i prisen denne dagen. Det er til dels mogeleg å bli med på guida busstur rundt i byen, eit bycruise rundt Nyhavn eller besøke landsbyen Dragør, like utanfor København.

    Vi kan nytte heile dagen i byen fram til avgang med skipet kl. 16.00, men fleire ønsker gjerne å komme tilbake for å ete lunsj. Etter avreisa får vi kåseri av Gunnstein og deretter hygger vi oss om bord med middag og dei andre fasilitetane på skipet.  
    (F, L, M)

  • Dag 3: Søndag 23. juni - Vakre Warnemünde

    Denne morgonen ankrar MSC Poesia tidleg opp i hamna til den vesle, koselege tyske byen Warnemünde.

    Denne dagen tilbyr reiarlaget dagsutflukt til Berlin (mot tillegg i prisen), som blir rekna som ein av dei mest spennande storbyane i Europa. Dette er lett å skjønne, på grunn av byen si svært interessante historie og rike kultur- og musikkliv.

    For dei som blir verande i Warnemünde, foreslår vi ein vandretur langs den idylliske strandpromenaden, besøk på det særeigne fyret og den berømte tekannebygninga. Det er også mogeleg å melde seg på guida vandring i byen i regi av reiarlaget, mot tillegg i prisen. Elles kan ein hygge seg om bord på skipet, ete lunsj, slappe av og ta del i aktivitetane der.

    Om ettermiddagen møtest vi til eit nytt kåseri av Gunnstein Akselberg, før det blir middag ved borda som Fotefar har fått tildelt i restauranten. Kanskje det blir ein dans denne kvelden?
    (F, L, M)

  • Dag 4: Måndag 24. juni - Idylliske Rønne på Bornholm

    Skipet seglar inn til Rønne, hovudstaden på Bornholm, om morgonen. Øya Bornholm har ein heilt spesiell idyllisk glans rundt seg. Vi er mange som nettopp har hatt lyst til å besøke denne særeigne øya, men det er ikkje heilt lett å komme dit frå Norge. No har vi absolutt sjansen, og i tillegg får du også med deg fleire perler på dette cruiset. Vi bruker gjerne denne føremiddagen til å vandre på dei gamle brusteingatene i småbyen, kikke på St. Nicolai-kyrkja og på dei mange vakre, små bustadhusa og dei fargerike hagane.

    Vi kan nytte dagen både i byen og elles på skipet med lunsj og avslapping.  Før middagen og kveldsaktivitetane om bord, får vi eit nytt kåseri av Gunnstein med kulturelt påfyll.
    (F, L, M)

  • Dag 5: Tysdag 25. juni - Gdynia og “Trippelbyen” i Polen

    Denne morgonen legg vi til kai ved ein av dei største cruiseskipskaiane i Europa i byen Gdynia. Saman med Sopot og Gdansk dannar desse tre ein samanhengande by, som bli kalla Trippelbyen. Cruiseselskapet tilbyr ekskursjon (mot tillegg i prisen) til dei tre byane for å få med seg dei viktigaste attraksjonane der. Blant anna er Sopot kjend for dei fine badestrendene og spa-behandling, medan det var i Gdansk solidaritetsrørsla under leiing av Lech Walesa starta og bidrog etter kvart til oppløysinga av diktatura i Aust-Europa.

    Du kan også nytte dagen på eiga hand i Gdynia. Der tilrår vi eit besøk i det nokså nye emigrasjonsmuseet, det berømte marineakvariumet og elles “gå om bord” på Dar Pomorza – eit tremastra seglfartøy frå 1909, som i dag er museum. Det er også populært å ta toget den korte strekninga opp til Steinfjellet, der vi får ei vakkert utsikt over området med kvite sandstrender, ei idyllisk sjøside og spennande arkitektur. Gdynia er elles venskapsby med Kristiansand i Norge.

    Avreisa er kl. 19.00, og då er vi klare for kvelden med ein god middag og underhaldning om bord på MSC Poesia.
    (F, L, M)

  • Dag 6: Onsdag 26. juni - Historiske Visby på Gotland

    Cruiseskipet vårt kjem inn til byen Visby på Gotland om morgonen når vi kosar oss med ein god frukost. Øya har ein historisk sus over seg, og vi besøker sjarmerande Visby, som er største byen og hovudstaden her. Byen har ein av Nord-Europas best verna bymurar frå 1200-talet. Den er 3,5 km lang og har 44 tårn. Her finn vi også ei gamal domkyrkje, og elles om lag 150 mellomalderhus, vakre smug og gater og andre perler som den spesielt vakre hamna. Visby har også ein botanisk hage som er verdt eit besøk. Her er det mogeleg å melde seg på ulike ekskursjonar som tilbys av reiarlaget (mot tillegg i prisen), som guiding anten til fots eller med buss.

    Gotland har spelt ei viktig rolle som handels- og kulturmidtpunkt i Austersjøen. I dag er øya med det fascinerande landskapet med sandstrendene, dei gamle bygningane og den spesielle historia eit av Nordens mest eksotiske reisemål.

    Vi lettar anker utpå ettermiddagen og får eit kåseri av Gunnstein Akselberg før middagen. Denne siste kvelden om bord på MSC Poesia hygger vi oss med underhaldninga og tek del i dei ulike aktivitetane.
    (F, L, M)

  • Dag 7: Torsdag 27. juni - Stockholm med skjergarden

    Denne morgonen bør vi stå tidleg opp for å få med oss den utruleg vakre skjergarden og innseglinga til Stockholm, der vi er framme kl. 08.00. Skjergarden til Stockholm er den største i Austersjøen og ein av dei største i verda. Den strekkjer seg over om lag 60 km med over 2400 store og små øyar, holmar og skjer. Tidlegare var øyane bustad for fiskarar og småbønder, men i dag er skjergarden i større grad vorte feriestad for velståande stockholmarar. På nokre av dei største øyane er det framleis mange fastbuande.

    Framme i hamna i Stockholm er det busstransport til flyplassen. Turen avsluttast med fly til Oslo om ettermiddagen.
    (F)

  • OM SKIPET: MSC Poesia

    Vi seglar med skipet Poesia. Det vart sjøsett i 2008 og tek 2550 passasjerar fordelt på 13 dekk. Om bord finn vi noko for ein kvar smak både i restaurantar, barar, salongar og underhaldning. Det er kasino, diskotek, treningssenter og spa, samt fleire basseng og boblebad om bord.

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
21/6Oslo HavnMSC Poesia
Flyreise med Norwegian
Fullbooka, venteliste19 950,-Book på ventelisteMer informasjon
21/6Oslo HavnMSC Poesia
Flyreise med SAS
Fullbooka, venteliste19 950,-Book på ventelisteMer informasjon
Reisekalender
22/5Beatles-tur til LiverpoolFrå 20 950,-
22/5Beatles-tur til LiverpoolFrå 18 950,-
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo