Skip to main content

Cruise rundt britiske øyar med Hans Olav Lahlum

21. juli - 3. august 2024.

Orknøyane - Hebridane - Nord-Irland - Irland - Isles of Scilly - England.

Velkommen med på det store cruiset rundt dei britiske øyane. Det er ikkje ofte sjansen byr seg til å oppleve så mange av desse interessante øyane - både store og små - på ei reise!

Vi startar med fly til London, der vi overnattar før vi går om bord i cruiseskipet Ambience. Derifrå går ferda til Kirkwall på Orknøyane, vidare til Invergordon på det skotske høglandet, Stornoway på Ytre Hebridane og Tobermory på Indre Hebridane. Skipet set så kurs vestover til Belfast i Nord-Irland før turen går vidare til Cork i Irland. Neste stopp er Scilly-øyane som få nordmenn har besøkt. Deretter seglar vi inn i den engelske kanalen til Plymouth i Devon og Portsmouth i Hampshire før vi kjem tilbake til London igjen.

Undervegs blir det foredrag av Hans Olav Lahlum om britisk historie, kultur, politikk og litteratur. Lahlum er historikar og har blant anna skrive boka: Britiske statsministre 1900-2015. Fra Lord Salisbury til David Cameron i tillegg til ei lang rekkje andre bøker - både sakprosa og skjønnlitteratur.

Vi i Fotefar temareiser er glade for å kunne tilby eit cruise rundt heile dei britiske øyane med ein svært dyktig forelesar. Dette er ein heilt unik tur som vil bli eit minne for livet!

 

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Søndag 21. juli - Vi reiser til London

    Avreise til London. Bussen vår tek oss frå flyplassen til hotellet vårt. Fellesmiddag på hotellet, der vi blir betre kjende med kvarandre før vi startar sjølve cruiset.
    (M)

  • Dag 2: Måndag 22. juli - London og om bord på cruiseskipet Ambience

    Etter ein god frukost på hotellet har vi tid til å sjå oss om i nærområdet før bussen køyrer oss til cruiseskipet. Båten går frå kaien i Tilbury ved London kl. 17.00, og vi må vere ute i god tid. Skipet vårt, Ambience, er nyoppussa i 2022 og tilbyr ei tradisjonell britisk cruiseoppleving med ein uformell og vennleg atmosfære. Dei fleste av dei andre på skipet er engelske turistar.

    Etter avgang frå Tilbury i utløpet av Themsen møtest vi i restauranten til den første middagen om bord. Vi har våre eigne bord, og kan nyte maten medan skipet seglar ut Themsen og svingar nordover langs Englands austkyst. Resten av kvelden og natta går med til å segle nordover mot Skottland.
    (F, L, M)

  • Dag 3: Tysdag 23. juli - Ein dag til sjøs - Nordover austkysten av Skottland mot det skotske høglandet

    Denne dagen er vi på sjøen heile tida, og vi får det første foredraget til Lahlum. Historien om Storbritannias statsministre 1900-2023 del 1. Elles er det mange ting å gjere om bord. Ambience er eit tradisjonelt britisk cruiseskip, så her kan ein blant mykje anna få med seg «afternoon tea» og andre erkebritiske aktivitetar.

    Det blir god tid til slappe av og nytte seg av alle skipet sine fasilitetar. (Nokre av desse kan bestillast på førehand). I tillegg til den store salen som viser show på kveldane, finst det shoppingsenter, bibliotek, arts/crafts-rom, utandørs gå/joggeløype og rom for kortspel om bord. Der er også fleire kafear og barar på skipet, og vi finn oss ein «stamkafe» der ein kan treffe reiseleiarane gjennom dagen. Det er heilpensjon om bord, så alle måltid på skipet er inkluderte i turprisen. Spa-tilbod finst også på Ambience, med sauna, dampbad og frisør, i tillegg til utandørssymjebasseng og badestampar.

    Om kvelden møtest vi til middag i avdelinga vår i hovudrestauranten.
    (F, L, M)

  • Dag 4: Onsdag 24. juli – Invergordon på det skotske høglandet

    I løpet av natta har vi segla heilt til det skotske høglandet og ankra opp ved den vesle hamnebyen Invergordon med ca. 4000 innbyggjarar. Byen har vore base for The Royal Navy, og er i dag ein sjarmerande småby med trivelege gater, butikkar og typiske skotske pubar.

    Vi kan anbefale ein av ekskursjonane som vert arrangerte av cruiseselskapet (ikkje inkludert i turprisen). Ein kan enten vere med til verdskjende Loch Ness eller til whisky-destilleriet Glenmorangie, der dei lagar single malt whisky av beste kvalitet.

    På turen til Loch Ness får ein høyre om legenda om sjøormen Nessie som skriv seg heilt tilbake til 500-talet. Køyreturen frå Invergordon tek ca. ein time kvar veg. Loch Ness er Skottland sin nest største innsjø, men er den klart djupaste med 226 meter, og det er nettopp tankane om kva som kan skjule seg i det store djupet som seiest å vere opphavet til mytane om sjøuhyret. Detaljert program for denne utflukta kjem nokre veker før avreise.

    Etter ein hyggeleg dag på det skotske høglandet vert det avreise med skipet om kvelden, og vi får det andre foredraget av Hans Olav Lahlum: Historien om Storbritannias statsministre 1900-2023 del 2.

    Deretter møtest vi som vanleg til fellesmiddag på restauranten vår om bord.
    (F, L, M)

  • Dag 5: Torsdag 25. juli – Kirkwall på Orknøyane

    Før frukost seglar vi inn blant dei 70 øyane som utgjer Orknøyane. Desse øyane har vore busette i over 8500 år og vart erobra og overtekne av nordmenn i år 875. Øyane vart seinare annekterte av Skottland i 1472, etter at det ikkje vart betalt medgift for brura til kong Jakob den tredje.

    Skipet legg til i hovudstaden Kirkwall, som ligg på hovudøya Mainland, og vi har tida fram til sein ettermiddag i byen. Her er det lagt opp til at vi kan delta på ekskursjonar i regi av reiarlaget. Den imponerande St. Magnus-katedralen dominerer bybildet, og rundt katedralen finn vi smale, koselege gater og dei karakteristiske grå steinhusa. Katedralen vart oppført av Ragnvald Orknøyjarl til ære for onkelen hans Magnus Orknøyjarl. Byggjearbeidet starta i 1137, og katedralen har store likskapstrekk med Nidarosdomen. Den er i dag det viktigaste minnesmerket over Orknøyane si norske historie.

    Vi kan også anbefale to andre attraksjonar, nemleg Tankerness House, eit vakkert bevart landsbyhus frå 1500-talet og Orkney Wireless Museum, eit museum med innblikk i radiohistoria.

    Etter middag i restauranten set skipet kurs mot sørvest i retning Hebridane. Vi sit som vanleg saman i hjørnet “vårt” i restauranten, men dei som vil, kan sjølvsagt prøve ein av dei andre restaurantane om bord.
    (F, L, M)

  • Dag 6: Fredag 26. juli – Ein dag til sjøs

    Mot kvelden og natta køyrer skipet sørvestover mot Hebridane. Desse øyane har også sterke norske røter. Det gamle norrøne namnet frå då vikingane hadde øyane, var Suðreyjar eller Sørøyane. Namnet plasserte Hebridane i forhold til Norðreyjar, eller Nordøyane, som var namnet på Orknøyane og Shetland. Det gæliske namnet på øyane, Innse Gall, tyder «utlendingane sine øyar», og det viser at det norrøne har hatt ei sterk stilling der over lang tid.

    Denne dagen vert det god tid til å nyte livet om bord og alle fasilitetane på båten. Viss veret er bra, vil nok mange slappe av ved symjebassenget på dekk. Om kvelden møtest vi som vanleg til fellesmiddag i hovudrestauranten. Vi får også foredraget Britisk kulturhistorie 1814-2023 og norsk-britiske relasjoner i samme periode frå Hans Olav Lahlum denne kvelden.
    (F, L, M)

  • Dag 7: Laurdag 27. juli – Stornoway på Ytre Hebridane

    Mot kvelden og natta køyrer skipet sørover mot Ytre Hebridane og fastlandet på vestkysten av Skottland. Tidleg om morgonen ankrar vi opp i Stornoway, den største byen og hovudstaden på Ytre Hebridane. Byen ligg fint til med ei naturleg hamn i le for vind med landemerket Lewis Castle. På desse øyane snakkar mange skotsk-gælisk, og dei er veldig stolte av kulturen og språket sitt.

    Her finn vi også den kjende tweed-produsenten Harris Tweed, der ein kan kjøpe med seg dei klassiske plagga. Destilleriet Abhainn Dearg produserer whisky og gin av høg kvalitet, og kan kjøpast frå utsalet deira i Stornoway.

    Utpå ettermiddagen går båten frå Stornoway, og reisa vår fortset sørover langs den skotske vestkysten. Før middag gjer vi oss klare til dagens foredrag av Hans Olav Lahlum. Temaet i dag er Skottland og Wales 1707-2023. Det blir som vanleg fellesmiddag i hovudrestauranten. Viss ein ønskjer det, kan ein også ete på ein av dei andre restaurantane om bord.
    (F, L, M)

  • Dag 8: Søndag 28. juli – Tobermory på Indre Hebridane

    Gjennom natta har vi segla til Indre Hebridane og ankra opp ved den vesle fiskebyen Tobermory, hovudstaden på Isle of Mull med berre 1000 innbyggjarar. Dette er ein sjarmerande småby spesielt kjend for sine pastellfarga murhus som er eit ynda fotomotiv for tilreisande. Ein av attraksjonane i byen er Tobermory Whisky Distillery som har laga edle dråpar sidan 1798, og elles finst det mange koselege, små butikkar rundt hamna. Her er det enkelt å rusle rundt på eiga hand, eller ein kan melde seg på ein av ekskursjonane som cruiseskipet tilbyr.

    Etter ein avslappande dag på Isle of Mull vert det avreise med skipet tidleg om kvelden. Vi set kursen mot sørvest, over Irskesjøen, og på vegen passerer vi øyane Iona, Jura og Islay kjende for whiskyen sin. Når vi møtest i restauranten for middag om kvelden, er vi snart på ope hav igjen på veg mot Nord-Irland og hovudstaden, Belfast. Er vi heldige og veret er godt, får vi kanskje oppleve ein nydeleg solnedgang på veg over Irskesjøen.
    (F, L, M)

  • Dag 9: Måndag 29. juli - Belfast

    Skipet seglar inn mot austkysten av Nord-Irland, og vi får auga på to store, gulmåla kraner kalla Samson and Goliath. Desse landemerka er ei påminning om skipsbyggingsindustrien som sette Nord-Irlands hovudstad på kartet. Eit høgdepunkt som ein absolutt bør få med seg, er eit besøk på det fantastiske opplevingssenteret Titanic Belfast (mot tillegg). Det verdskjende skipet vart bygd her i Belfast, og opplevingssenteret med ni etasjar gir oss ei sterk oppleving av skipet og den lagnadstunge overfarten til Amerika. Heile interiøret med salongar og ballsalar er rekonstruerte i full storleik, så her får vi ei kjensle av å vere med på overfarten for over 100 år sidan. Vi får også gå gjennom dei same portane som passasjerane gjekk gjennom den gongen og sjå mange gjenstandar frå skipet.

    Elles har Belfast ei lang og dramatisk historie. Ei normannisk borg vart reist så tidleg som i 1177, men først i 1613 fekk Belfast bystatus, og frå då av kom det mange skottar og walisarar dit. Mot slutten av 1600-talet og ut på 1700-talet innvandra det mange franske hugenottar. Dei sette i gang med linindustri, og etter kvart vart Belfast ein viktig industriby med særleg skipsindustri frå 1700-talet. Då Irland vart delt i 1920, vart Belfast hovudstad i Nord-Irland.

    Vi kjenner alle til konflikten mellom katolikkane/nasjonalistane og protestantane/lojalistane. Det som kjenneteiknar denne konflikten, er at det som i første omgang var ein politisk strid om nasjonalitet, også har sterke religiøse undertonar. For å unngå open strid, oppretta ein sperringar mellom bydelane der dei to gruppene budde. Vi kan sjå veggmåleria både i katolske Falls Road og protestantiske Shankill Road. Etter at IRA gjekk med på våpenkvile midt på 90-talet, har byen stått fram som eit trygt og spennande reisemål. Ein bør gjerne utforske byen på eiga hand, og då kan ein ta ein tur til Donegall-kvartalet, som er eit landemerke i Belfast. Her finn vi mange flotte bygningar i viktoriansk stil. I tillegg er operahuset ein av dei største attraksjonane i byen.

    Vi går om bord på skipet seint på ettermiddagen og seglar vidare sørover.
    (F, L, M)

  • Dag 10: Tysdag 30. juli - Cork I Irland

    Etter frukost får vi eit morgonforedrag med Lahlum medan vi seglar inn mot hamna Ringaskiddy ved Cork. Tittelen blir Irland og Nord-Irland 1801-2023

    Denne dagen kan ein melde seg på ekskursjon i regi av cruiseskipet til blant anna sentrum av Cork. Byen Cork er på storleik med Trondheim, og ein kan også oppleve den på eiga hand. Cork blir ofte kalla den verkelege hovudstaden i Irland, sidan den var så sentral under frigjeringa frå England. Frå 800-talet og i fleire hundre år var Cork også ein viktig handelsstad for vikingane. Nyleg vart det gjort utgravingar ved området der det er planlagt eit vikingsenter, med mange spennande funn.

    Avgang om kvelden, så vi har god tid til ekskursjonen og elles til å oppleve byen på eiga hand og gjerne litt tid til shopping.

    Etter middag i restauranten set skipet kurs mot sør i retning Isles of Scilly.
    (F, L, M)

  • Dag 11: Onsdag 31. juli - Isles of Scilly

    Tidleg denne morgonen er vi framme ved St. Mary’s, den største av Scilly-øyane. Desse øyane med sine kritkvite sandstrender og behagelege klima langt ute i det keltiske havet, er heilt spesielle både når det gjeld natur og historie.

    Det er ikkje mange nordmenn som reiser til Scilly-øyane no til dags, men Syllingane, som dei heitte på norrønt, var velkjende for nordbuarar i vikingtida. I følgje Snorre møtte Olav Tryggvason i år 986 ein spåmann der: «Då Olav Tryggvason låg ved Syllingane, fekk han høyre at det var ein spåmann der på øya som kunne sjå ting som skulle hende, og mange meinte at det gjekk ofte som han sa.» Spåmannen sa til Olav: «Du skal bli ein stor konge og utrette store ting. Du skal omvende mange menneske til trua og dåpen, og med dette skal du hjelpe både deg sjølv og mange andre.»

    Cruiseselskapet tilbyr ekskursjonar på øyane. Vi sender ut informasjon om desse i god tid. Dei som ikkje skal på ekskursjon, har god tid til å rusle rundt i St. Mary, ta ein tur på pub eller besøke ein av dei små koselege butikkane i byen.

    Når skipet lettar anker, er vi klare for fellesmiddag på restauranten om bord der vi har vår eigen seksjon. Ein kan også velje å ete på ein av dei andre restaurantane på skipet.
    (F, L, M)

  • Dag 12: Torsdag 1. august - Plymouth

    Om morgonen legg skipet til kai i Plymouth i Devon rett på grensa til Cornwall. Byen er på storleik med Bergen og har alltid vore ein viktig hamneby, spesielt på 1800-talet. Etter tapet i slaget ved Waterloo vart Napoleon frakta hit og halden fange i Plymouth hamn i to veker, før han vart send vidare til St. Helena. Frå slutten 1800-talet vart også Plymouth ei stor transitthamn for utvandringa til Amerika frå fleire europeiske land, også Norge.

    Denne dagen kan ein velje om ein vil melde seg på utflukter arrangerte av cruiseselskapet, eller gå på eiga hand i byen. Den eine utflukta er til Agatha Christie’s Torquay på det som vert kalla Englands riviera. Det er også mykje å oppleve viss ein bestemmer seg for å bli i Plymouth. Vi kan anbefale National Marine Aquarium, som er det største akvariet i England. Elles finn ein både kjende merkebutikkar og eit godt utval av andre butikkar i byen.

    Om kvelden møtest vi i delen vår i restauranten til middag, medan skipet glir ut av hamna i Plymouth. Denne natta tek båten oss austover sørkysten av England mot Portsmouth.
    (F, L, M)

  • Dag 13: Fredag 2. august - Portsmouth

    Når vi vaknar den nest siste dagen på cruiset, er vi allereie framme i Portsmouth i Hampshire. Denne byen er på storleik med Trondheim med ein fin, liten gamleby ved hamna. I gamlebyen finn ein koselege kafear og fleire eldre pubar. Nokre av dei, som puben Spice Island Inn, har namn som vitnar om handel med fjerne strøk. I dette området ligg også fiskebåtane og eit lite fisketorg.

    Imponerande Spinnaker Tower er eit landemerke i byen og heile området. Det 170 meter høge tårnet er forma som eit segl og blir av mange rekna som Sør-Englands beste utkikkspunkt. Eit besøk her kan verkeleg anbefalast. Det er populært å bestille afternoon tea i kafeen på toppen av tårnet, og nyte utsikta over den engelske kanalen.

    Portsmouth har også tidlegare hamneområde som no er renoverte og ombygde til shopping- og restaurant-distrikt. Her finn ein dei store internasjonale kleskjedene i tillegg til mindre spesialbutikkar, kafear og kunstgalleri.

    Portsmouth var ei av dei viktigaste utskipshamnene for D-dagsstyrken, og foredraget frå Lahlum denne ettermiddagen blir: USA, Storbritannia og "The Special Relationship" mellom dem 1900-2023.

    Om kvelden møtes vi i hovudrestauranten på skipet for den siste middagen på reisa. Båten forlet Portsmouth og tek til på den siste etappen mot Themsen og London.
    (F, L, M)

  • Dag 14: Laurdag 3. august - London og heimreise

    Om morgonen seglar vi roleg inn Themsen mot London. Etter den siste frukosten om bord er vi klare for utsjekking. Bussen vår ventar på oss ved kaien og tek oss til flyplassen. Avgangar til Oslo og Bergen.
    (F)

  • OM SKIPET: Ambience

    Vi seglar med skipet Ambience. Det har 789 gjestelugarar med senger til 1400 passasjerar. Det vart bygd i 1991 med siste oppussing i 2022. Det har 11 gjestedekk og 9 heisar. Om bord finn vi noko for ein kvar smak både i restaurantar, barar, salongar og underhaldning. Det er kasino, butikkar, diskotek, handverksrom, bibliotek, treningssenter og spa-avdeling.

    Her ser du dekkplanen:

    Ambience

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
21/7BergenAmbienceFullbooka, venteliste33 950,-Book på ventelisteMer informasjon
21/7OsloAmbienceFullbooka, venteliste32 950,-Book på ventelisteMer informasjon
21/7OsloAmbienceFullbooka, venteliste32 950,-Book på ventelisteMer informasjon
21/7StavangerAmbienceFullbooka, venteliste34 550,-Book på ventelisteMer informasjon
21/7LondonAmbience
Utan flyreise
Fullbooka, venteliste29 950,-Book på ventelisteMer informasjon
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo