Avreise frå Bergen med fly til Aberdeen. På flyplassen i Aberdeen ventar bussen på oss, og turen går i vakkert skotsk landskap over til Inverness. Vi passerer små og større landsbyar, grøne åssider og gamle gardshus. Inverness ligg ved den nordaustlege enden av Caledoniakanalen, kanalen som er om lag 100 km lang og går gjennom Skottland frå Inverness i aust til Fort Williams i vest. Kanalen skal vi også stifte meir kjennskap til etter at vi har vore ute på Ytre Hebridane. Det vert lunsj undervegs på bussturen.
Vi er framme i Inverness seint på ettermiddagen og sjekkar vi inn på hotellet vårt før dei som ønskjer det, kan bli med Dag Lindebjerg på ein liten rusletur i området der vi bur.
Felles middag på hotellet.
(L, M)
Etter ein god frukost set vi oss i bussen og køyrer mot øya Isle of Skye. Dette er den største og nordlegaste av øyane som vert kalla Indre Hebridane. Øya vert knytt saman til «fastlands Skottland» med brua Skye Bridge. Brua vart bygd så seint som på 90- talet som eit resultat av aukande turisme på 70- og 80- talet. Etter at brua kom, har Isle of Skye blitt eit endå meir attraktiv turistmål. Den spesielle naturen og tettstaden Portree med sine fargerike hus, er berre noko av det som er verdt få med seg. På veg til Isle of Skye vert det også ein stopp ved Eilean Donan Castle. Dette slottet frå 1300- talet er kanskje det mest ikoniske slottet i heile Skottland, grunna den fantastiske plasseringa si. Dette blir ein lang og innhaldsrik dag i vakker natur.
Ferja ut til ytre Hebridene går frå Uig (Isle of Skye) tidleg kveld, og vi er framme etter knapt to timar. Vidare køyrer vi over til hovudstaden på Ytre Hebridane – Stornoway. Denne dagen er det felles lunsj undervegs og eit enkelt kveldsmåltid når vi kjem til hotellet.
(F, L, kveldsmåltid)
Etter ein god frukost tek Dag Lindebjerg med seg dei som vil på ein rusletur i sentrum av Stornoway. Byen har mykje historie knytt til både vikingtid og fiskeri. Denne føremiddagen er det også høve til å gå litt rundt i byen på eiga hand for dei som vil det. Lunsj er ikkje inkludert denne dagen, men spør gjerne reiseleiar om tips.
På tidleg ettermiddag reiser vi med bussen vår nordover på ein liten rundtur. Vi skal til den vakre landsbyen Port Ness der også fyret But of Lewis Lighthouse ligg.
Felles middag på hotellet.
(F, M)
Denne dagen vert det rundtur vestover på Lewis. Vi skal blant anna vitje vikinglandsbyen Gerrannen Blackhouses, Calanais Standing Stones, Bosta Beach og mykje meir.
Steinande som dannar Calanais Standing Stones formar både ein sirkel og ein kross. Sirkelen er den eldste delen og er datert heilt tilbake til år 2900 f.Kr. Dag Lindebjerg deler raust og entusiastisk av sin kjennskap til stadene vi vitjar. Det vert felles lunsj på turen.
Felles middag på kvelden.
(F, L, M)
Etter frukost set vi kursen sørover. I dag skal vi køyre store delar av Hebridane på langs. Vi dreg gjennom vakker natur og passerer dei fantastiske strendene på Harris. Det er svært langgrunt utanfor Hebridene, og strendene er noko av det fascinerande med landskapet her. Det er stor forskjell på flo og fjøre sjø. Sørover Ytre Hebridane kryssar vi Sound of Harris med ferje og køyrer vidare over øyane Berneray, North Uist, Grimsay, Benbecula og South Uist, i tillegg til mange mindre holmar og øyar. Heilt sør på øya South Uist skal vi overnatte to netter på gjestehuset Polochar Inn.
Felles lunsj undervegs og middag på Polochar Inn.
(F, L, M)
Ny dag og ny øyar. I dag reiser vi over til øya Barra, ei av dei to sørlegaste øyane der det enno bur folk på Ytre Hebridane. Her skal vi vitje tettstaden Castlebay, hovudstaden på Barra. Stadnamnet Castlebay kjem av middelalderslottet Kisimul Castle, som ligg plassert på ein holme ute i vika.
Flyplasstranda på Barra er også verdt ein titt. Flya som skal lande her, er avhengige av tidevatnet, då landingsstripa er ei sandstrand.
Etter lunsj køyrer vi ut til Vatersay, øya som er den sørlegaste på Ytre Hebridane, der det bur folk. Øya er knytt saman med Barra av ein molo. På ettermiddagen dreg vi tilbake til Polochar Inn, og nyt kvelden her i hyggeleg selskap. Det blir felles middag på kvelden.
(F, L, M)
Tidleg avreise frå Polochar Inn for å ta ferje over til Mallaig og fastlands-Skottland. Vidare køyrer vi til byen Fort Williams som ligg ved den sørvestlege enden av Caledoniakanalen. Herifrå følgjer vi kanalen nordover tilbake til Inverness. Caledoniakanalen med tilhøyrande innsjøar er omlag 100 kilometer og vart bygd ferdig i 1822. I Fort Augustus kryssar vi kanalen og fortset til Inverness for overnatting på Inverness Palace Hotel og Spa.
Felles middag på kvelden.
(F, L, M)
Tid for å pakke kofferten for heimreise. Etter ein god frukost i Inverness går turen gjennom nasjonalparken Cairngorms og over til Stonehaven, ein hamneby litt sør for Aberdeen. Det vert felles lunsj undervegs. Avreise frå Aberdeen med fly til Bergen.
(F, L)
Avreisedato | Avreisestad | Hotell | Ledige plassar | Frå pris | |
---|---|---|---|---|---|
17/7 | Bergen | Hebridane og Skottland | 8 | 33 590,- | BestillMer informasjon |