Skip to main content

Ålesund og cruise på Hjørundfjorden med Leikanger Pensjonistlag

29.-31. mai 2024.

Bli med Leikanger pensjonistlag på tur til Sunnmøre med Ålesund og den vakre Hjørundfjorden. Vi skal oppleve den tronge og dramatiske Nordangsdalen, ete lunsj på Hotel Union Øye og bu sentralt «på kaia» i Ålesund.

Eitt av høgdepunkta på turen blir å gå om bord i MS Bruvik rett utanfor hotellet vårt i Ålesund. Derifrå reiser vi heile Hjørundfjorden inn til kulturbygda Bjørke. Her legg vi til kai, ruslar opp til det freda Bakketunet med sine seks ærverdige eldre bygningar: Stove, låve, stabbur, fjøs for kyr, fjør for sauer (smalefjøs) og stall.  Tømmeret i dei eldste husa er datert tilbake til 1549, og tunet er derfor rekna som det eldste heilskaplege gardstunet på Sunnmøre. Det vert også sagt at garden har den eldste grindløa (låven) i landet. I over 400 år har bygningane på Bakketunet husa både menneske og dyr.

I 2010 opna eigarane tunet for besøkande, og Bakketunet har sidan den gongen blitt eit ettertrakta reisemål i Hjørundfjorden.

Påmeldingsfrist 2. april 2024.

 

 

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Onsdag 29. mai - Buss frå Leikanger til Ålesund, med stopp undervegs

    Vi køyrer frå Leikanger via Skei, Byrkjelo, Utvik, Loen, Grodås og til Nordangsdalen. Her stoppar vi først ved Lyngstøylsvatnet som vart danna av eit ras frå Keipen i 1908. I vatnet kan vi enno sjå restar etter den gamle vegen, murane og grinda. Norangsdalen er eit dalføre rikt på både natur- og kulturopplevingar. Det er ein stille seterdal utanfor allfarveg, og er blant dei trongaste dalføra i Noreg. Dalen ber tydeleg preg av kampen mot naturkreftene. Ved Jelskredsvatnet er dalbotnen fylt av utrasa urer, og på Urasætra og Stavbergsætra la dei husa inn i bakken for å ligge i le for ras.

    I andre enden av Norangsdalen, ved enden av Norangsfjorden, ligg vakre Øye. Ved førre hundreårskifte ankra turistskipa opp her, og mange har blitt frakta med hest og kjerre på den gamle ferdselsåra gjennom dalen og over til Hellesylt. Etter at kong Harald og dronning Sonja vitja Nordangsdalen under sølvbryllaupsfeiringa si i 1993, fekk Norangsdalen kallenamnet "Dronningruta". Sju europeiske dronningar har teke denne turen gjennom Norangsdalen!

    Nede i Øye, ligg eit av Europas mest herskapelege hotell, Hotel Union Øye. Her skal vi ete ein utsøkt to-retters lunsj. Hotellet har vore eit attraktivt reisemål for både fjellfolk, kongelege og forfattaren i generasjonar. Helt sidan opninga i 1891 har hotellet vore ein stad der gjestane kjem for å nyte det rolege og gode livet bant den storslegne naturen.  

    Etter lunsj køyrer vi via Urke og videre til Leknes for å ta ferja over til Sæbø. Vidare går turen til  Ålesund, og framme på hotellet sjekkar vi inn, før vi samlast til felles middag.
    (L, M)

  • Dag 2: Torsdag 30. mai – Cruise på Hjørundfjorden med MS Bruvik og besøk på Bakketunet

    Etter frukost dreg vi med MS Bruvik frå Ålesund og heile Hjørundfjorden innover til kulturbygda Bjørke. Vi går om bord i ferja på kaia utanfor hotellet vårt. På Bjørke legg vi til kai og ruslar turen opp til Bakketunet (her vert høve til transport for dei som treng det). Bakketunet er eit freda tun, med seks ærverdige eldre bygningar. Stove, låve, stabbur, fjøs for kyr, fjøs for sauer (smalefjøs) og stall.  Tømmeret i dei eldste husa er datert tilbake til 1549, og tunet er derfor rekna som det eldste heilskaplege gardstunet på Sunnmøre. Det vert også sagt at garden har den eldste «grindløa» (låven) i landet. I over 400 år har bygningane på Bakketunet husa både menneske og dyr.

    Etter over 20 år med restaureringsarbeid opna eigarane tunet for besøkjande sommaren 2010. Med et rikt kulturprogram og ei interessant kulturhistorie, har Bakketunet på Bjørke vorte eit ettertrakta reisemål, som etter opninga har hatt besøk av fleire tusen gjestar frå heile verda.

    På Bakketunet får vi omvising og lunsj, før vi ruslar ned til kaia igjen for å ta MS Bruvik tilbake til Ålesund.

    MS Bruvik er et passasjerskip i vintage-stil frå 1949, det er 42 meter langt, går i 13 knop og er sertifisert for 153 passasjerar. Skipet er godt vedlikehalde med god plass både ute og inne. Det har to salongar, ein salong med servering og store vindauge på nedre dekk, og ein salong med bar på øvre dekk, i tillegg til eit stort dekk akter. Om bord på MS Bruvik kan dei som vil, få omvising både på brua og i maskinrommet.

    Tilbake på hotellet vert det høve til å slappe av litt før vi et felles middag der.
    (F, L, M)

  • Dag 3: Fredag 31. mai – Heimreisedag, med stopp i Nordfjord og Sagastad

    Etter frukost sjekkar vi ut frå hotellet for å starte på turen vår heimover. Vi køyrer frå Ålesund til Leikanger via Nordfjordeid.

    På Nordfjordeid skal vi vitje Sagastad Vikingsenter, Vestlandet sitt nye vikingsenter. Her kan du oppleve det 30 meter lange Myklebustskipet – eit av verdas største vikingskip. Vi får høve til å gå om bord i det store skipet. Om veret er bra, er det planlagt at Myklebustskipet skal sjøsettast i slutten av april, og i så fall vil det truleg ligge utandørs.

    På vikingsenteret kan vi òg reise tilbake i tida i den heilt nye VR-verda og oppleve Nordfjordeid som virtuell vikinglandsby. Møt vikingkongen Audbjørn, og lær om korleis han levde gjennom den interaktive utstillinga. Oppdag mystisk rituale og mytologi frå den norrøne trua, og sjå korleis skipet stod opp att frå oska i gravhaugen. Velkommen tilbake til  vikingtida!

    Etter lunsj i sentrum av Nordfjordeid køyrer vi direkte til Leikanger. Vi reknar med å vere framme om lag kl. 18.00.
    (F, L, M)

Reisekalender
2/5Tysklands vestlege hjarte med Erik Fosnes HansenFrå 19 990,-
22/5Beatles-tur til LiverpoolFrå 20 950,-
22/5Beatles-tur til LiverpoolFrå 18 950,-
22/5Beatles-tur til LiverpoolFrå 14 550,-
27/5Fantastiske Færøyane med Dag LindebjergFrå 25 950,-
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo