Skip to main content

Elvecruise på Donau

15. - 19. juli 2024.

Wien - Budapest - Bratislava - Wien.

Bli med på eit flott elvecruise til tre hovudstader langs majestetiske Donau, dronninga blant elvane i Europa. På turen vil vi oppleve spennande storbyar, segle gjennom skiftande landskap med vinmarker og naturområde og elles kikke på folkelivet langs denne travle elva. Vi startar turen i den verdskjende kulturbyen Wien med si lange historie med blant anna det rike musikklivet og berømte Konzerthaus. Deretter går turen til Budapest med både gamal og ny busetnad, sine varme kjelder og sine historiske bad, vakre bruer og dei store, breie bulevardane. Det blir også stopp i Bratislava, den unge hovudstaden i Slovakia, men som også har ei gamal og rik historie tilbake til keltisk og romersk tid. Her kan vi vandre rundt i den sjarmerande gamlebyen med brusteintorget og i dei tronge, pittoreske gatene.

Vi bur godt på MS Vivaldi (5 stjerner) som er eit førsteklasses cruiseskip med vakker innreiing og ein vennleg atmosfære. Både restauranten og salongen ligg på mellomdekket og har store vindauge. I den koselege salongen er det underhaldning, og her er det også dansegolv. Frå soldekket kan vi slappe av og nyte landskapet som sakte glir forbi. Det er “all inclusive” med mat og drikke inkludert på heile seglinga. Alle lugarar har bad med dusj, hårtørkar, TV, safe og aircondition. Det er også gratis Wi-Fi om bord.

 

 

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Måndag 15. juli - Frå Oslo til Wien

    Utreise frå Gardermoen med direktefly til Wien(for dei som kjøper turen med fly). Det er mogeleg med tilknyting frå andre byar. Buss frå flyplassen inn til sentrum, der vi går om bord på elvebåten vår.

    MS Vivaldi ligg til kai sentralt i Wien, og etter vi har fått tildelt lugarane våre, blir det om kvelden velkomst-cocktail i salongen saman med kapteinen og mannskapet. Deretter går vi til restauranten for ein utsøkt middag men vin, øl eller mineralvatn. Salongen har bar og hyggelege sitjegrupper, og det blir underhaldning og dans om kveldane. På soldekket er det både vanlege stolar og liggestolar, og dette er den ideelle staden til å nyte utsikta til landskapet som sakte glir forbi.
    (M)

  • Dag 2: Tysdag 16. juli - Wien

    Etter ein god frukost kan vi denne først morgonen legge ut på ein guida tur i Wien. Vi skal dra med buss på Wiener Ringstrasse eller Ringvegen, som er ein av dei største attraksjonane i byen. Bygningane her vart sette opp  i andre halvdel av 1800-talet og fekk ei spesiell utforming som vart kalla Ringstrassestil. På turen vår vil vi få med oss dei viktigaste stadene som operahuset, slottet, det nasjonale kunstmuseet, Votiv-kyrkja og nokre av dei vakraste boulevardane i verda.

    Etter lunsj om bord i skipet, blir det utflukt for å oppdage dei “bortgøymde” perlene i storbyen. Vi skal bak scena på Konzerthaus, der Wien Symphony, Vienna Chamber Orchestra, Wiener Singakademie og Klangforum Wien har tilhald. Mot slutten av turen skal vi nyte ein god kopp wiensk kaffi og eit bakverk på Café Central eller ein annan innbydande kafe.

    Om kvelden blir det stor middag med austerriksk atmosfære. Etterpå kan vi kose oss med noko godt i glaset og svinge oss i dansen i salongen medan båten er på veg til Budapest.
    (F, L, M)

  • Dag 3: Onsdag 17. juli - Budapest

    Etter ein lang og god frukost blir det guida tur i Budapest for å besøke dei to bydelane - vakre Buda og livlege Pest. Storbyen har eit mangfald av arkitektur som inkluderer barokk, gotisk, sovjetisk og moderne stil, side om side. Under ein panoramatur i høgda over byen, kan vi følgje Donau-elva og elles kikke på dei ruvande bygningane som den fantastisk flotte Parlamentsbygningen.

    Om ettermiddagen skal vi besøke det store marknadsområdet, ein praktfull bygning frå slutten av 1800-talet som framleis fungerer som ein stor matmarknad. På slutten av turen vil vi få smake på tradisjonelle ungarske produkt.

    Under middagen med ungarske spesialitetar vil vi også nyte tradisjonell underhalding om bord. Om kvelden seglar vi oppover mektige Donau mot Bratislava, hovudstaden i Slovakia.
    (F, L, M)

  • Dag 4: Torsdag 18. juli - Bratislava

    I den lyse natta passere båten gjennom Gabcíkovo-slusene, som er nokre av dei største på heile elva. Vi vil også krysse Dunajské luhy verneområde, eit stort areal med våtmarker, flaumområde og vatn som inneheld sjeldne plantar og dyr. Frukost om bord på skipet på veg til Bratislava.

    Etter lunsj om bord og vel framme i Bratislava, kan vi delta på ein ettermiddagstur i den slovakiske hovudstaden. Byen ligg fint til ved foten av Karpatane med sine skogkledde åsar, og har ei blanding av fargerike smau, pastellfasadar og storslegen barokkarkitektur. Vi får tilbod om å vere med på ein panoramatur til Bratislava slott, der du kan nyte ei praktfull utsikt over byen og elva. Deretter vil vi besøke den sjarmerande gamlebyen med brusteintorg og tronge, pittoreske gater. Det historiske sentrum er elles fylt med praktfulle bygningar som St. Michael-tårnet og vakre kyrkjer som St. Martins-katedralen

    Denne kvelden er det flott gallamiddag og underhaldning om bord i båten. Om natta vil elvebåten føre oss tilbake til Wien.
    (F, L, M)

  • Dag 5: Fredag 19. juli - Wien til Oslo

    Etter frukost om bord, er vi klare til å mønstre av elvebåten og ta fatt på heimreisa. Bussen vår hentar oss ved kaia og køyrer til flyplassen. Direktefly tilbake til Oslo.
    (F)

  • OM SKIPET : MS Vivaldi

    Båten har 88 lugarar fordelt på 3 dekk. I tilleff har den restaurant, lounge / bar med dansegolv, pianobar og soldekk.

  • Verdt å vite


    • Når ein er om bord på ein båt, må ein forvente noko motorstøy.

    • I nokre hamner vil ein måtte gå gjennom andre skip for å komme til land. Dette går nokre gonger føre seg opp/ned via soldekk.

    • Landgangar kan vere noko bratte.Uventa endringar i vasstanden i elvar kan skje. Skulle dette oppstå, reserverer reiarlaget seg retten til å forandre seglingsrute, tider og program. Det blir ikkje gitt refusjon for endringar i programmet på grunn av “force majeure”.


Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
15/7OsloMS VivaldiFullbooka, venteliste20 950,-Book på ventelisteMer informasjon
15/7Wien (oppmøte båt)MS Vivaldi
Utan fly
Fullbooka, venteliste16 450,-Book på ventelisteMer informasjon
Reisekalender
22/5Beatles-tur til LiverpoolFrå 20 950,-
22/5Beatles-tur til LiverpoolFrå 18 950,-
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo