Skip to main content

Cruise til kanaløyane, Normandie og D-dagsmarkering med Harald Sunde

1. - 8. juni 2024.

Bristol - Guernsey - Le Havre - D-dagsstrendene - Isles of Scilly - Bristol. 
Velkommen med på eit heilt unikt cruise til D-dagsstrendene i Normandie!

Vi startar med fly til London og buss til Bristol, der vi overnattar før vi går om bord i cruiseskipet Ambition. Derifrå går ferda til kanaløya Guernsey, og så til Le Havre i Frankrike. På 80-årsdagen for D-dagen ligg skipet ved strendene der invasjonen skjedde, og vi får ein heilt unik sjanse til å vere på same stad som dei allierte soldatane 80 år tidlegare. Etter ei høgtidleg markering av dagen og ei minnegudsteneste for dei falne, tek båten oss vidare til Isles of Scilly før vi seglar nordover igjen på Irskesjøen til Bristol.

På denne turen har vi med oss tidlegare forsvarssjef Harald Sunde som fagperson. Han vil på ein engasjerande måte halde spennande foredrag om D-dagen og andre verdskrigen.

Det blir ei heilt spesiell oppleving å ligge over natta på staden der invasjonsstyrken gjekk i land , og vakne opp til synet av dei same strendene som soldatane såg for 80 år sidan! Dette blir ein eineståande tur som ein vil hugse resten av livet! Vi kjem veldig nær ein av dei viktigaste hendingane i verdshistoria, men også tragedien med så mange tapte menneskeliv.

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Laurdag 1. juni - Vi reiser til England

    Avreise frå Oslo til London. Bussen vår tek oss til hotellet i Bristol, og undervegs får vi høyre meir om kva som ventar oss på denne spennande reisa til D-dagsstrendene og øyane i den engelske kanalen. Det blir ein unik tur med ei heilt spesiell reiserute, så vi er heldige som får denne sjansen.

    Velkomstmøte på hotellet når vi er framme, der vi blir betre kjende med kvarandre før vi startar sjølve cruiset. Vi fortset så med første forelesing av Harald Sunde, der han fortel om tida som leia opp til D-dagen og planlegginga av invasjonen. Etterpå anbefaler vi at vi møtest i hotellrestauranten til middag.

  • Dag 2: Søndag 2. juni - Bristol og cruisebåten Ambition

    Etter ein god frukost på hotellet får vi det andre foredraget av Harald Sunde. Tema kjem seinare. Mykje av utstyret som skulle nyttast under D-dagen kom til Storbritannia frå Amerika via hamna i Bristol. Byen vart eit enormt lager der den amerikanske hæren oppbevarte alt frå tungt utstyr til tyggegummi.

    Mykje av planlegginga av  D-dagen vart også utført i Bristol. General Omar Bradley tok over Clifton College med ein stadig veksande stab av offiserar, ekspertar og kontorfunksjonærar. Amerikanarane meinte at Bristol var tryggare, då dei rekna med at tyske spionar ville konsentrere seg meir om London. Desse husa på colleget står enno.

    Etterpå har vi tid til å sjå oss meir om i nærområdet før bussen køyrer oss til cruiseskipet, og vi er klare for å gå om bord og sjekke inn. Vi reiser frå kaien i Bristol kl. 19.45, og vi må vere ute i god tid. Skipet vårt, Ambition, er nyoppussa og tilbyr ei tradisjonell britisk cruiseoppleving med ein uformell og vennleg atmosfære. Dei fleste av dei andre gjestene på skipet er engelske turistar.

    Etter avgang frå Bristol møtest vi i restauranten til den første middagen om bord. Vi har våre eigne bord, og kan nyte maten medan skipet seglar ut Bristolkanalen og svingar sørover i Irskesjøen. Resten av kvelden og natta går med til å segle ned mot Cornwall og søraust-tuppen av England.
    (F, M)

  • Dag 3: Måndag 3. juni - Rundt Cornwall til Den engelske kanal

    Denne dagen legg vi opp til to foredrag om 2. verdskrig av Harald Sunde. Tema for desse foredraga blir bestemt seinare.

    Det blir god tid til slappe av og nytte seg av alle fasilitetane på skipet. I tillegg til den store salen som viser show på kveldane, finst det shoppingsenter, bibliotek, handarbeidsrom, utandørs trimløype og rom for kortspel om bord. Der er også fleire kaféar og barar på skipet, og vi finn oss ein «stamkafé» der ein kan treffe reiseleiarane gjennom dagen. Det er heilpensjon om bord, så alle måltid på skipet er inkluderte i turprisen. Spa-tilbod finst også på Ambition, med sauna, dampbad og frisør, i tillegg til utandørs symjebasseng og badestampar.

    Om kvelden møtest vi i vår del av hovudrestauranten.
    (F, L, M)

  • Dag 4: Tysdag 4. juni - Guernsey

    Om natta har skipet teke oss til øya Guernsey i Den engelske kanalen. Øya er den nest største av desse øyane etter Jersey. Vi ankrar opp i hovudstaden, St. Peter Port, som har 18 000 innbyggjarar. Her har vi god tid til å gjere oss kjende I byen, og kanskje shoppe litt i dei mange butikkane i dei koselege gatene. Blant attraksjonane ein kan få med seg i sentrum, finn vi Victoria Tower bygd til minne om dronning Victoria sitt besøk i 1846. Her ligg også Hauteville House der Victor Hugo budde medan han var forvist frå Frankrike. Kanaløyane vart ikkje frigjorde frå tysk okkupasjon under Operasjon Overlord 1944, men måtte vente til Tyskland kapitulerte i 1945.

    Guernsey er ikkje ein offisiell del av Storbritannia, men innbyggjarane har britisk statsborgarskap. Engelsk språk er dominerande, men nokre få hundre snakkar framleis guernésiais, ein variant av normannisk med innslag av norrønt og fransk.

    Avreise rundt middagstid. Denne kvelden seglar skipet for første gong forbi dei berømte D-dagsstrendene som vart så viktige for utfallet av andre verdskrig. Viss vi er heldige, går skipet så nær kysten at vi kan sjå klippene bak dei langgrunne strendene der tyskarane hadde forsvarsstillingane sine. Foredrag frå Harald Sunde før middag. Tema kjem seinare.
    (F, L, M)

  • Dag 5: Onsdag 5. juni - Le Havre, Frankrike

    Dei som er tidleg oppe, kan følgje med på innseglinga til hamnebyen Le Havre før frukost. Byen ligg ved utløpet av Seinen og har ca. 170 000 innbyggjarar. Le Havre vart hardt bomba av ei allierte under andre verdskrigen, og byen måtte byggast opp att i etterkrigstida. Der var også herifrå torpedobåten som senka den norske jagaren “Svenner” kom tidleg om morgonen på D-dagen. Ankeret til “Svenner” er no ein del av minnesmerket over dei falne frå denne båten i den vesle byen Hermanville-sur-Meir.

    Cruiseselskapet tilbyr ulike utflukter denne dagen (mot tillegg), og vi kan spesielt anbefale vakre Honfleur på den andre sida av Seinen. Dette er ein svært sjarmerande by på rundt 8000 innbyggjarar, og den er fødebyen til komponisten Erik Satie. Særleg er kyrkja Sainte-Catherine verdt eit besøk. Det er ei imponerande trekyrkje frå 1400-talet som er bygd som to skip snudd opp ned.

    Vi kan også anbefale ekskursjonen til Rouen. Få byar kan vise til ei så spennande historie. Her finn vi smale gater med pittoreske bindingsverkshus og mange kyrkjer med spesielle klokketårn. Byen er likevel mest kjend for den store, gotiske katedralen. Målaren Claude Monet har gjort sitt til at Notre Dame de Rouen er vorten verdskjend sidan han målte katedralen i ulike årstider, og ved det fekk fram mange fargenyansar. Inne i katedralen finn vi sarkofagen til Gange-Rolv og andre vikinghertugar. Byen er også kjend fordi den franske heltinna, Jeanne d’Arc, vart dømd for kjetteri i 1431 og brend levande på marknadsplassen. I 1979 vart det bygd ei moderne kyrkje her til minne om ungjenta som kjempa tappert mot engelskmennene under Hundreårskrigen.

    Mange vil nok også melde seg på ekskursjonen til D-dagsstrendene denne dagen. Då får ein sjå dei frå land dagen før det store jubileet. Meir informasjon om denne spennande utflukta kjem når vi nærmar oss avreisedato.

    Avreise om ettermiddagen, og tid for eit nytt foredrag av Harald Sunde. Tema kjem seinare. Etterpå møtest vi igjen i restauranten til middag.
    (F, L, M)

  • Dag 6: Torsdag 6. juni - D-dagsstrendene

    Denne dagen blir heilt spesiell! På sjølve 80-årsdagen for invasjonen av Normandie er vi ankra opp ved strendene der det heile skjedde. Det blir ulike arrangement for å heidre og minnast dei som ofra livet sitt på denne dagen for 80 år sidan. Reiarlaget arrangerer minnegudsteneste, og det blir forelesingar frå deira engelske foredragshaldarar. Alle får utdelt ein pin som er laga spesielt for denne dagen, og som berre blir gitt til gjestene på båten. Om kvelden blir det også sett opp eit teaterstykke – Le grand return - om D-dagen skrive av den prisløna forfattaren Alan Stockdill.

    Vi legg opp til to foredrag av Harald Sunde, eit etter frukost og det neste før middag. I desse foredraga vil Harald snakke om kva som skjedde denne dagen og strategiane som låg bak.

    Om kvelden møtest vi til middag i hovudrestauranten.
    (F, L, M)

  • Dag 7: Fredag 7. juni - Isles of Scilly

    Tidleg denne morgonen er vi framme ved St. Mary’s, den største av Scilly-øyane. Desse øyane med sine kritkvite sandstrender og behagelege klima langt ute i det keltiske havet, er heilt spesielle både når det gjeld natur og historie.

    Det er ikkje mange nordmenn som reiser til Scilly-øyane no til dags, men Syllingane, som dei heitte på norrønt, var velkjende for nordbuarar i vikingtida. I følgje Snorre møtte Olav Tryggvason i år 986 ein spåmann der: «Då Olav Tryggvason låg ved Syllingane, fekk han høyre at det var ein spåmann der på øya som kunne sjå ting som skulle hende, og mange meinte at det gjekk ofte som han sa”.  Spåmannen sa til Olav: «Du skal bli ein stor konge og utrette store ting. Du skal omvende mange menneske til trua og dåpen, og med dette skal du hjelpe både deg sjølv og mange andre.»

    I motsetnad til Guernsey vart ikkje Isles of Scilly okkupert av tyskarane under krigen, men spelte derimot ei stor rolle i Slaget om Atlanterhavet. Det blir eit foredrag frå Harald Sunde denne dagen også. Meir detaljert tema for foredraget kjem seinare.

    Cruiseselskapet tilbyr ekskursjonar på øyane. Vi sender ut informasjon om desse i god tid. Dei som ikkje skal på ekskursjon, har god tid til å rusle rundt i St. Mary, ta ein tur på pub eller besøke ein av dei små koselege butikkane i byen.

    Når skipet lettar anker, er vi klare for fellesmiddag på restauranten om bord der vi har vår eigen seksjon. Ein kan også velje å ete på ein av dei andre restaurantane på skipet.
    (F, L, M)

  • Dag 8: Laurdag 8. juni - Vi mønstrar av

    Når vi står opp siste dagen på turen, har båten ankra opp i Bristol. Dei som har bestilt turen med fly til Oslo samlar seg i bussen. På turen mot flyplassen i London tek vi ein stopp der alle får moglegheit til å kjøpe seg lunsj. Fly til Oslo.
    (F)

  • OM SKIPET: Ambition

    Vi seglar med skipet Ambition. Det har 680 gjestelugarar med senger til 1200 passasjerar. Det vart bygd i 1999 med siste oppussing i 2023. Det har 10 gjestedekk og 6 heisar. Om bord finn vi noko for ein kvar smak både i restaurantar, barar, salongar og underhaldning. Det er teater, butikkar, diskotek, handverksrom, bibliotek, treningssenter og spa-avdeling.

    Her ser du dekkplanen:

    Ambition

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
1/6OsloAmbitionFullbooka, venteliste25 950,-Book på ventelisteMer informasjon
1/6Hotell i BristolAmbition
Utan flyreise
Fullbooka, venteliste23 550,-Book på ventelisteMer informasjon
Reisekalender
2/5Tysklands vestlege hjarte med Erik Fosnes HansenFrå 19 990,-
22/5Beatles-tur til LiverpoolFrå 20 950,-
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo