Fly både frå Oslo og Bergen (via Oslo) til Vága flóghavn på Færøyane. Når vi er framme, køyrer bussen oss gjennom eit vakkert landskap, og Dag Lindebjerg fortel om historia og samfunnet til dette fascinerande øysamfunnet. Framme i Tórshavn sjekkar vi inn på hotellet, og dei som ønsker det, kan bli med Dag på ein vandretur i området rundt hotellet.
Om kvelden blir det felles middag på hotellet for å bli betre kjende med kvarandre.
(M)
Etter frukost pakkar vi tursekken for ein dag, der dei som vil, kan bli med på fjelltur. Vi startar dagen med ein ugløymande busstur i det fantastiske landskapet, før dei som vil, kan bli med Dag Lindebjerg opp til Slættaratindur (om veret tillét det). Slettaratindur er det høgste fjellet på Færøyane med sine 880 meter over havet.
Vandreturen opp til Slettarutindur er middels vanskeleg og går på tydeleg sti heile vegen. Heile turen er om lag 400 høgdemeter, men vi legg opp til at det er høve til å snu undervegs om ein ikkje ønskjer å gå heile turen. Siste 100 meterane (30 høgdemeter) er det lett klyving. Om ein ikkje går heile til toppen, er det ein fin tur uansett. Det kan vere fint å ha med stavar om du ikkje er van med å gå mykje fjelltur.
For dei som ikkje er med på fjelltur, vil bussen køyre ned til bygda Gjógv. Her er små hus, hagar og det koselege hotellet Gjáargarður. Det har både eit lite utsal med suvenirar og ein kafé. I Gjogv finn vi også ei heilt spesiell naturhamn. Bygda Gjógv ligg vakkert til med sine nokre og tjue fastbuande. I aust ligg Atlanteren som nærmaste og reiser ein nordover ender ein opp på Svalbard.
På ettermiddag køyrer vi mot Torshavn igjen gjennom fleire vakre bygder. Ei av bygdene vi passerer denne dagen er Funningur, bygda der vikingane først kom i land og slo seg ned.
Middag på eiga hand. Reiseleiarane hjelper gjerne til med å finne gode restaurantar.
(F)
I dag går turen til «flyplassøya» Vagar. Vi skal blant anna vitje den vesle bygda Sørvagur. Vidare går turen utom bygda Gásadalur med den ikoniske fossen mange har sett på bilete frå Færøyane. Og om veret tillèt det, vil vi også sjå Tindholmen som ligg vakkert til ute i havet. Denne dagen har vi med oss lunsjpakke.
Tilbake i Torshavn vil det framleis vere tid att av ettermiddagen til å få utforske byen litt på eiga hand.
Middag på eiga hand. Reiseleiarane hjelper gjerne til med å finne gode restaurantar.
(F, L)
Etter frukost tek vi turen ned til gamlebyen i Torshavn. Dag Lindebjerg guidar oss rundt og gjer oss betre kjende i byen. Den gamle delen av Torshavn med sine mange trehus er veldig flott. Vi skal blant anna ut til Tinganes, staden som har namnet sitt frå Lagtinget som vart etablert på halvøya i vikingtida. Den første norske busetnaden hadde sitt første ting i 825. Ytst på halvøya ligg også Skansapakkhusið, hovudbygningen til regjeringa på Færøyane. Den vakre kvitkalka Domkirkjan ligg også i den eldre delen av Torshavn.
Det blir lunsj på eiga hand, og ettermiddag til fri disposisjon. Reiseleiarane kjem gjerne med tips.
Middag på eiga hand. Reiseleiar hjelper til med å finne gode restaurantar.
(F)
Første delen av dagen har eit frivilleg tilbod med utflukt til øya Koltur. Her er ei av dei eldste busetnadane på Færøyane, kanskje den eldste. Busetnadane har namna «Heime i husi» og «Nord i gjerdet». «Heime i husi» har dateringar frå tidlig 800-tallet, og er dermed den eldste. Her budde der folk heilt fram til for ca. 50 år sidan. Busetnaden representerer derfor på mange måtar Færøyane si historie. I dag bur det ein familie på øya, husa dei bur i er av nyare dato. Det er Bjørn Paturson, som bur her, og som har restaurert dei gamle tuna med hjelp frå mellom anna Universitetet i København.
Vi blir henta med buss på hotellet som køyrer oss til Gamlarett. Her skal vi i RIB-båtar som vil frakte oss over til den vesle øya Koltur. Dette namnet betyr folen. Dag Lindebjerg er spesielt oppglødd over denne øya, med sitt urørte kulturlandskap. Ute på øya får vi sjå oss rundt i dei gamle gardshusa, og om veret tillet det, blir det ein fjelltur. Det vert også RIB- tur rundt den litt større naboøya Hestur. Båtturen endar på storgarden Kirkjubøur, der vi møter resten av gruppa for omvising. Pris på utflukta til Koltur kostar kr. 1990,-
På Kirkjubøur får vi lokal guiding av sjølve «kongsbonden» Jóannes Patursson. Kongsgarden har høyrt til same familien i 17 generasjonar. Kirkjubøur er det kulturelle og åndelege sentrum på Færøyane. Det var bispesete frå tidleg på 1100-talet, og her var det vår eigen kong Sverre voks opp og gjekk på presteskule. Vi får sjå ruinen (Mủrurin) av Magnus-katedralen og elles Ólavskirkjan som skriv seg frå år 1111. Denne kyrkja er framleis i bruk. Vi kikkar også på den 900 år gamle Røykstovan, der tømmeret skal ha komme frå Kaupanger i Sogn.
Felles lunsj på denne turen.
På ettermiddagen vert vi henta med buss og køyrt tilbake til hotellet. Om været er bra, kan dei som ønksjer det gå tilbake til hotellet (i overkant av to timar).
På kvelden vert det middag på eiga hand. Reiseleiarane hjelper til med å bestille bord på førehand.
(F, L)
Etter frukost kan ein bruke dagen i dag litt som ein vil. Nokre vil kanskje bruke dagen i Torshavn til å handle litt? Nordens Hus er også verd å nemne. Dette er ein bygning med fokus på nordisk musikk, kunst og litteratur. Sjølve huset er også verdt litt merksemd. Det er designa med både norsk granitt, finske møblar og svensk treverk for å nemne noko.
For dei som vil ut å gå tur får ein i dag få høve til å slå følgje med Dag Lindebjerg ut til Nolsøy. Denne øya ligg rett utanfor Torshavn, og har eit fin og variert turterreng. Vi tek ferje ut dit (ikkje inkludert i turprisen).
Utover dette er det berre å nyte fasilitetar på hotellet og alt det Torshavn har å by på.
Lunsj på eiga hand denne dagen. Reiseleiar kjem gjerne med tips.
Middag på eiga hand. Reiseleiar hjelper til med å finne gode restaurantar.
(F)
Ny dag og ny busstur nordover. Vi køyrer forbi bygda Gøta, over til øya Bordøy og Klaksvik, vidare køyrer vi heilt nord til Vidareidi på Vidøy. Denne vakre bygda er den nordlegaste av bygdene på Færøyane.
Klaksvik som også står på programmet denne dagen er Færøyane sin nest største by. Vi tek oss god tid rusle litt rundt her. Lunsj undervegs denne dagen.
På veg tilbake til Torshavn vert det mellom anna stopp i Gøta, der vi vitjar Gøtu Kirkja og får sjå dei imponerande glasutsmykkingane av Tróndur Patursson.
Avslutningsmiddag på hotellet vårt. Vi kosar oss med gode historier og oppfordrar deltakarane til å kome med innslag.
(F, L, M)
Dette er dagen for heimreisa. Bussen vår køyrer oss til flyplassen. Fly til Oslo og vidare til Bergen.
(F)
Avreisedato | Avreisestad | Hotell | Ledige plassar | Frå pris | |
---|---|---|---|---|---|
31/5 | Oslo | Færøyane | Fullbooka, venteliste | 18 950,- | Book på ventelisteMer informasjon |
31/5 | Bergen | Færøyane | Fullbooka, venteliste | 19 950,- | Book på ventelisteMer informasjon |